I øvingsrommet kan du teste deg i nynorsk grammatikk og rettskriving. Her får du detaljert tilbakemelding på kva du bør øve meir på, og du kan velje øvingsoppgåver etter vanskegrad og tidsbruk.

Bli god i nynorsk – steg for steg! Foto: Berit Roald / Scanpix
Du får også enkle og konkrete tips om korleis du kan bli betre i nynorsk, og du kan setje deg inn i fakta om nynorsken i dag. For læraren har vi laga ei lenkjesamling med tips til undervisningsopplegg.
Vi vil gjerne høyre kva du tykkjer:
- Korleis likar du kurset?
- Er det noko du saknar?
- Er det noko som kan gjerast betre?
Send tilbakemeldingane til post@sprakradet.no.
Kurset er utarbeidd i tråd med den nye nynorskrettskrivinga som gjeld frå 1. august 2012.
Øvingsrom for offentleg tilsette
Det er ikkje berre skuleelevar som har fått sitt eige øvingsrom i nynorsk grammatikk og rettskriving. Vi har også laga eit øvingsrom som er skreddarsydd for offentleg tilsette. Den nye rettskrivinga er lik for dei to målgruppene, så grammatikken i dei to romma er den same. Det er tekstane i øvingsoppgåvene som er ulike. Også andre enn skulelevar og offentleg tilsette vil ha nytte av kurset og øvingane.
Les meir
Sist oppdatert: 7. september 2012