Punktoppstillingar eller punktlister er eit nyttig hjelpemiddel når vi skal framstille viktig informasjon klart. Det gjeld særleg når vi har bruk for å ramse opp mange eller lange ledd. I staden for å la sideordna tekstelement drukne i eit kompakt avsnitt med samanhengande tekst kan vi setje dei på kvar si linje i ei oversiktleg liste. Det finst fleire måtar å gjere det på, men ikkje alle er like gode. Her er nokre råd.
Reglar for punktoppstilling
- Bruk punktoppstilling når du vil gjere teksten klarare og meir tilgjengeleg for lesaren. Spar likevel punktoppstillingane til det viktigaste.
- La kvart punkt i punktoppstillinga vere eit direkte framhald av setninga som innleier punktoppstillinga.
- Bruk liten forbokstav i punkta. Når punkta er heilsetningar, skal det vere stor forbokstav i kvart punkt.
- Bruk ikkje komma eller punktum etter punkta. Unntaket er når eitt eller fleire punkt er ei heilsetning. Då skal punkta ha punktum etter seg.
- Gje alle punkta same form og struktur.
Innhald
I eksempla har vi valt å innleie punkta med tankestrek, men ein kan òg bruke kulepunkt, tal eller små bokstavar.
Korte punkt
Vi kan tenkje oss denne setninga:
Skal du få godkjent utdanninga, må du ha stått til eksamen i norsk som andrespråk, engelsk for nordmenn og svenskar og matematikk.
Punktlista kan du setje opp slik:
Skal du få godkjent utdanninga, må du ha stått til eksamen i
– norsk som andrespråk
– engelsk for nordmenn og svenskar
– matematikk
I eksempla over er kvart punkt eit framhald av innleiingssetninga. Derfor er det liten forbokstav i punkta, ikkje kolon etter innleiingssetninga og ikkje noko teikn sist i kvart punkt.
Lengre punkt
Døme:
Når du tek eksamen, kan du ikkje bruke hjelpemiddel, snakke med andre eksamenskandidatar eller forlate eksamenslokalet åleine.
Vi kan skrive det same som punktoppstilling:
Når du tek eksamen, kan du ikkje
– bruke hjelpemiddel
– snakke med andre eksamenskandidatar
– forlate eksamenslokalet åleine
Som i den første punktoppstillinga er kvart punkt eit direkte framhald av setninga over punktoppstillinga. Derfor skal det ikkje vere komma mellom punkta eller punktum til slutt.
Leddsetningar
Sensor må hugse på
– at eksamenstida no er redusert frå åtte til fem timar
– at oppgåvene i år er meir krevjande enn tidlegare
– at examen philosophicum ikkje lenger er obligatorisk
Vi kan òg la at stå til slutt i innleiingssetninga, men slik det er sett opp her, blir framstillinga meir oversiktleg.
Fullstendige setningar
Før eksamen er det mykje praktisk som må ordnast:
– Dei fagansvarlege har ansvar for å lage eksamensoppgåvene.
– Instituttadministrasjonen skal syte for å skaffe eksamensvakter.
– Nettredaktøren skal leggje ut informasjon om når og kvar det skal vere eksamen.
Her er punkta heile setningar. Derfor skal det vere stor forbokstav i det første ordet og punktum sist i kvart punkt.
Fleire nivå
Lister med fleire nivå må ha ein klar struktur.
Sensor skal leggje vekt på
– kva arbeid studenten faktisk har utført
– korleis studenten har nærma seg stoffet
– kva metode studenten har brukt, til dømes
– intervju
– spørjeundersøking
– telefonterror
Parallell oppføring
Punktoppstillingane blir meir oversiktlege når det er same form og struktur i alle punkta, til dømes substantivuttrykk, at-setningar eller fulle setningar. Dette kallar vi språkleg parallellitet. Det bør òg vere parallellitet mellom punkta når det gjeld innhald. Emnet i eitt punkt må henge saman med emnet i dei andre og vere på same logiske nivå.
Det neste dømet har ei uheldig form, for det manglar språkleg parallellitet. Det første punktet tek til med ein subjunksjon, det andre med eit spørjeord og det siste med ein substantivfrase:
Sensor skal leggje vekt på
– at studenten faktisk har utført arbeidet
– korleis har studenten nærma seg stoffet
– metode
Det blir betre om vi til dømes set opp lista med berre spørjeord:
Sensor skal leggje vekt på
– kva arbeid studenten faktisk har utført
– korleis studenten har nærma seg stoffet
– kva metode studenten har brukt