Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Preposisjonsbruk (nynorsk)

Nedanfor finn du nokre lister med døme på praktisk preposisjonsbruk. Dei er meinte som råd til den som kjem i tvil om val av preposisjon, og utgjer ingen fasit som seier kva som er absolutt rett eller absolutt gale. Det kan nemleg ikkje fastsetjast enkle formelle reglar for preposisjonsbruk på same måten som for rettskriving og bøying. Kva for preposisjon vi vel, er ofte ikkje avhengig av grammatiske reglar, men heller av kva vi vil uttrykkje – slik tilfellet er ved dei fleste ord.


Innleiing

Vi bruker preposisjonar i nesten kvar setning vi når vi snakkar eller skriv, og ikkje sjeldan kan meir enn ein preposisjon vere mogleg. Samstundes er vi bundne i valet, mellom anna fordi preposisjonane er med og avgjer kor klart og presist vi uttrykkjer oss, kva for nyansar vi tek vare på, og korleis stiltonen blir. Ofte er dessutan preposisjonen ein del av ei meir eller mindre fast vending (som med i ”sjå gjennom fingrane med noko”). Dette er språkleg tradisjon og ein arv vi kan halde i hevd og føre vidare. Her bør vi ikkje minst sjå opp for samanblanding av faste vendingar (eit døme kan vere ”rette søkjelyset på” – av ”rette søkjelyset mot” og ”setje søkjelyset på”. Vi bør også passe på at uttrykksmåten ikkje blir så knapp at preposisjonsuttrykket knyter seg til feil ord (som med ”av våpen” i formuleringa ”eksportforbod av våpen” – skriv heller ”forbod mot eksport av våpen”).

Det finst elles motepreposisjonar, som ein gjerne kan unngå i skrift dersom ein ikkje ønskjer å stå fram som slave av språkmoten. Eit døme kan vere , som blir mykje brukt i meir sjargongprega tale (”vere på gang”, ”ha rett på pengar”, ”kjøre på alkoholfritt” o.l).

Framfor dei fleste norske stadnamn nyttar vi i, men framfor ein del namn er den rette preposisjonen frå gammalt. I dag er i på frammarsj og kjem inn også ved mange namn i den siste gruppa, særleg by- og tettstadnamn. Vi rår likevel til at ein skriv der tradisjonen er slik. Les elles i innleiinga til "Preposisjonsbruk ved stadnamn" om preposisjonsbruk framfor stadnamn som også er kommunenamn.


Praktisk preposisjonsbruk – generelt (nynorsk)

I døma i lista er preposisjonane markerte med feit skrift. Når to eller fleire preposisjonar kan vere like rette eller like gode, står det skråstrek mellom dei. Ein tankestrek mellom to døme skil derimot mellom uttrykksmåtar som ikkje bør blandast saman. Døme: ”det var tre framlegg (forslag) /til nye kandidatar – det kom framlegg (forslag) om ny styrebehandling”.

Parentes er nytta på tre måtar. For det første er det gitt nærmare opplysningar om preposisjonsbruken i parentes, til dømes slik: ”målet for regjeringa er full sysselsetjing (= regjeringa ønskjer full sysselsetjing) – målet med lova er å hindre uønskt import (= formålet)”. For det andre fortel parentes rundt ein preposisjon at preposisjonen kan sløyfast, som her: ”aksjonen likna ikkje () ein vanleg politirassia”. For det tredje er det iblant teke med ord – substantiv, verb – i parentes der ein kan følgje det same mønsteret for preposisjonsbruk som i eksempelet, som ”melding” i dømet ”vi har fått signal (melding) om at kommunen kjem til å seie nei”.


Andsynes

pliktene andsynes/overfor familien veg tyngst


Av

det går føre seg ei bevisstgjering av kvinner

det trengst ei bevisstgjering av det ansvaret vi har her

ho er ikkje til å kimse av/åt

eit hus av middels lengd

eg fekk låne boka av/hjå/hos bror min

tomta vart ekspropriert i medhald av lova (= med heimel i l.) 

oppfatninga av han har endra seg – dei hadde oppfatningar (meiningar) om både det eine og det andre

dette er den lengste sida av/på trekanten

dette er den økonomiske sida av/ved saka

det gjeld tinging (bestilling) av telefon – vi har fått mange tingingar (bestillingar) dei nye telefonane

eg har æra av å helse frå Stortinget


Bak

forskinga bak dei nye funna er omfattande


Blant

det var blant/mellom anna dette vi tenkte på; vi tenkjer på blant/mellom andre Heyerdahl


Etter

eg skal ringje etter ei drosje

namna skal sorterast etter forbokstav

etter/ifølgje lova må du ha sertifikat av klasse C

etter/ifølgje det politiet seier, var det promillekjøring

(Ifølgje kan verke nokså formelt eller stivt – bruk gjerne etter i staden)


For

eg har behov for å snakke med deg (jamfør døma med trong nedanfor)

det er eit bevis for/ at han snakkar sant (jamfør døma med prov nedanfor)

vi kan for eksempel gå på kino i morgon (= til dømes)

det er innført importforbod for storfekjøt (ikkje av; men: forbod mot import av storfekjøt)

tenester har vore fritekne for moms

føresetnaden for å lykkast er at ein verkeleg vil noko

eg har ikkje grunnlag for å mistenkje nokon – eg har ikkje grunn til å mistenkje nokon

laget er klart for kvartfinalen

maskinen er klar for/til bruk – dei er klare til å ta fatt (helst til når det er tale om å utføre noko)

du må ha løyve for å bli drosjeeigar (= dersom du skal bli d.) – vi har løyve til å transportere farleg gods (= formell godkjenning)

målet for regjeringa er full sysselsetjing (= regjeringa ønskjer f. s.) – målet med lova er å hindre uønskt import (= formålet) ­

talet på skipingar er eit mål for/ kor mykje som er produsert (= ein målestokk for)

det er sett klare premissar for debatten – vi kan ikkje ha ein premiss om at kvinner ikkje får vere med

slik er prinsippet for inndeling av pattedyr

det er eit prov for at han snakkar sant

han kan ikkje føre prov (bevis) for påstanden sin – det er eit prov (bevis) takksemd (= eit teikn på)

sjansen (faren, risikoen) for å bli smitta er stor

du har gode sjansar for/til å vinne (= utsikter til)

slå seg for brystet  (= uttrykkje sorg eller anger) ­– slå seg brystet  (= framheve seg sjølv)

statistikken for 1999 er no komen – dei fører statistikk over nye sjukdomstilfelle

det  kjemiske symbolet for sølv er Ag – ringen er eit symbol ekteskapet (= teikn på)

Rosenborg tapte 1–2 for/mot Dinamo Kiev (tape for er det tradisjonelle)

x er teiknet for ”den ukjende” – vi ser fleire teikn vekst – det er ingen teikn til liv

det er stor trong (stort behov) for etterutdanning

dei vegra seg for  å ta tillitsverv (= kvidde seg for, sa nei til)


Frå

ho var  forhindra frå å kome (= kunne ikkje)

ho hindra han frå å falle (= f. at han fall)

han hindra dei frå å gå (= f. at dei gjekk) – han hindra dei i å gå (= la hindringar i vegen for; i berre når det er formålsstyrte handlingar som blir hindra)

vi diskuterte det frå tid til anna (= av og til)


Gjennom

du bør sjå gjennom fingrane med dette overtrampet

ho hadde spart ein masse pengar gjennom åra


Hjå

han bur hjå/hos mor si

eg fekk låne boka hjå/hos/av bror min

(Hjå svarer til hos og kan nyttast i staden for denne preposisjonen.)


Hos

han bur hos/hjå mor si

eg fekk låne boka hos/hjå/av bror min


I

etaten vil setje barnehagane i fokus, etaten vil setje fokus barnehagane

ho kom i følgje med faren – ifølgje lova må du ha sertifikat av klasse C (ifølgje kan verke nokså formelt eller stivt – bruk gjerne etter i staden)


ho er god i engelsk (= i dette faget, språket) – dei er gode bildelar (= på dette feltet) – pappa er  god til å kjøre bil

han hindra dei i å gå (= la hindringar i vegen for; i berre når det er formålsstyrte handlingar som blir hindra) – han hindra dei frå å gå (= f. at dei gjekk)

det går føre seg ei omfattande forsking i/på kreftsjukdommar

ho har undervisningskompetanse i tysk – ho har kompetanse til å undervise i grunnskulen

dei har høg kompetanse i/ miljøvern ­(i er det tradisjonelle)

landa konkurrerer i idrett

bedrifta kan ikkje konkurrere i/på pris

han har 300 000 i løn

arbeidarane fekk matvarer i/til (som) løn i staden for pengar

vi følgjer utviklinga i/ bensinmarknaden nøye

dei sat i møte heile dagen

han skulle (gå) i/på eit møte

eg er samd (einig) i det  du seier – eg er samd (einig) med deg – dei vart samde (einige) om å gå tidleg heim

utfordringane i/innanfor denne sektoren, bransjen (næringslivet e.l.) er store

vi må diskutere problema i skulen (= skuleverket) – Ole har problem skulen

dei spekulerer i skipsaksjar (= plasserer pengar for å tene på det) – dei spekulerer med pengar som andre eig ­(= nyttar pengane til spekulasjon) ­– han spekulerer sikkert noko gale (= pønskar på)

ho er spesialist i geriatri – jenta er spesialist (ekspert) å lure seg unna

vi ser her ei ny utvikling i/innanfor norsk teater

eg går ofte i/ teater

ho budde i utlandet i tre år

han tener 300 000 i året (= kvart år, per år)

det var i krigsåra (om tidsrom) – det var under krigen ­(om hendingar)


Ifølgje

ifølgje/etter lova må du ha sertifikat av klasse C

ifølgje/etter det politiet seier, var det promillekjøring

(Ifølgje kan verke nokså formelt eller stivt – bruk gjerne etter i staden)


Ikring

Ikring kan ofte nyttast i staden for kring (og omkring). Jamfør døma under desse preposisjonane.


Innan

søknaden må vere hos oss innan 10. mars (= seinast 10. mars; ”innan” bør berre brukast om tidspunkt i framtida)


Innanfor

utfordringane står i kø innanfor/på eit felt (område) som dette

utfordringane innanfor/i denne sektoren, bransjen (næringslivet e.l.) er store

vi ser her ei ny utvikling innanfor/i norsk teater


Kring

politiet etterforskar forholda kring/omkring/rundt leigegarden (= dei økonomiske eller juridiske)

forsking kring/omkring/rundt ureining er viktig

dei stod kring/omkring/rundt læraren

dette er berre tankar (refleksjonar) kring/rundt/omkring laust og fast


Med

formålet med ordninga er å hindre smitte

la oss ta føresetnaden med/om to åtskilde kulturar i samisk jernalder

Flo kjempa med Rivaldo om ein lang ball – han hadde kjempa (slåst) mot tyskarane ved Narvik

eg har ingen bil å kjøre med – denne bilen er god å kjøre (= har gode kjøreeigenskapar)

vi kommuniserer bra med kvarandre – vi har ikkje klart å kommunisere politikken vår til veljarane –­ dei kommuniserer dårleg

du må konkurrere med andre søkjarar (generelt) – dei beste skal konkurrere mot toarane (med vekt på duellen)

foreininga har god kontakt med næringslivet (pressa, politikarane)

målet med lova er å hindre uønskt import (= formålet) ­– målet for regjeringa er full sysselsetjing (= r. ønskjer f. s.)

politikken med innvandringsstopp ble innført i syttiåra

regjeringa stør prinsippet med/om delt foreldreansvar

eg er samd (einig) med deg – eg er samd (einig) i det  du seier – dei vart samde (einige) om å gå tidleg heim

dei spekulerer med pengar som andre eig ­(= nyttar pengane til spekulasjon) ­– dei spekulerer i skipsaksjar (= plasserer pengar for å tene på det) – han spekulerer sikkert noko gale (= pønskar på)

læraren er streng med innleveringsfristane ­– han var streng med/mot den eldste sonen – faren var streng akkurat det punktet

dei er vane med å arbeide i tre skift – dei er vande til å arbeide i tre skift

han kom med det same (= straks)

vi blir klokare med åra

han ligg i senga med lungebetennelse


Mellom

det var mellom/blant anna dette vi tenkte på; vi tenkjer på mellom/blant andre Heyerdahl

skilnaden (forskjellen) mellom lånerenta og marknadsrenta (med vekt på samanlikning) ­– skilnaden (forskjellen) suksess og fiasko (med vekt på kontrast eller motsetning)


Mot

vi diskuterer mot ei løysing (= med sikte på) – vi diskuterer løysingar

det går mot ei forhandlingsløysing (merk at mot kan tyde både ”i retning av” og ”i motsetning til” – ved å skrive ”det nærmar seg ei f.” e.l. unngår ein å vere tvitydig)

USA går mot forhandlingar (tvitydig – klarare med ”set seg imot” e.l.)

han hadde kjempa (slåst) mot tyskarane ved Narvik – Flo kjempa med Rivaldo om ein lang ball

dei beste skal konkurrere mot toarane (med vekt på duellen) – du må konkurrere med andre søkjarar (generelt)

mot meg har han alltid oppført seg korrekt

polititiltaka retta seg mot hytteinnbrota (= tok sikte på å stanse) – annonsen retta seg til bøndene (= vende seg til)

han var streng mot/med den eldste sonen – læraren er streng med innleveringsfristane ­– faren var streng akkurat det punktet

pressa bør rette søkjelyset mot skeiv fordeling – pressa bør setje søkjelyset skeiv fordeling

Rosenborg tapte 1–2 mot/for Dinamo Kiev (tape for er det tradisjonelle)

ho tenderer mot/til å avvise framlegget (= hallar i retning av)

politiet åtvarar mot mannen – vegvesenet åtvarar om glatte vegar


Om

med atterhald om endringar (om godkjenning, om visse punkt i ein avtale e.a.)

ho bevisstgjorde meg om dette

gå varsamt, berre ein om gongen

det kom framlegg (forslag) om ny styrebehandling – det var tre framlegg (forslag) /til nye kandidatar

la oss ta føresetnaden om/med to åtskilde kulturar i samisk jernalder

ei stor gruppe søkjarar konkurrerer (kjempar, slåst) om nokre få studieplassar

dei vil fremje krav om høgare løn – eg har krav pensjon ­– vi stiller strenge krav til bremsene

ho har ikkje medvit om ansvaret sitt

eg er medviten om dette

ho minner mykje om mor si (= liknar mykje på)

eg vil minne om reglane (= be deg tenkje på) – eg vil minne deg avtalen (= be deg hugse)

partiet har eit mål om full sysselsetjing (= målet er f. s)

dei hadde oppfatningar (meiningar) om både det eine og det andre – oppfatninga av han har endra seg

det kom ei oppfordring til folk om å møte fram ­– vi oppfordrar folk til å møte fram

det kom ei oppmoding til folk om å møte fram, vi oppmodar folk om/til å møte fram

det vart opplyst om søknadsfristen – det vart opplyst at søknadsfristen var 1. oktober

forsøket gir ein peikepinn om kor høg spenninga er

vi kan ikkje ha ein premiss om at kvinner ikkje får vere med – det er sett klare premissar for debatten

regjeringa stør prinsippet om/med delt foreldreansvar

dei vart samde (einige) om å gå tidleg heim – eg er samd (einig) i det  du seier ­– eg er samd (einig) med deg

vi har fått signal (melding) om at kommunen kjem til å seie nei

tanken om fastlandssamband er god – berre tanken fastlandssamband gjer meg glad

han gav henne teikn om/til å teie

vi har ikkje fått tilbakemelding om skadar – vi har ikkje fått tilbakemelding førespurnaden vår

dei reiste om/over/via Kastrup

vegvesenet åtvarar om glatte vegar – politiet åtvarar mot mannen


Omkring

politiet etterforskar forholda omkring/kring/rundt leigegarden (= dei økonomiske eller juridiske)

forsking omkring/kring/rundt ureining er viktig

dei stod omkring/kring/rundt læraren

dette er berre tankar (refleksjonar) omkring/kring/rundt laust og fast


Or

dei stod der og drakk rett or ein vindunk

ho gjekk or bussen på den neste haldeplassen

no gjeld det å kome seg (opp) or senga i ein fart

det var berre ein som skilde seg or mengda

(Or tyder ”(ut) av, (ut) frå)” og svarer altså til ulike preposisjonar på bokmål.)


Ovanfor

huset låg ovanfor bankbygningen (= høgare oppe enn) – huset låg rett overfor bankbygningen (= vis-à-vis)


Over

han grubla over lagnaden

her har vi eit heilt nytt kart over Bergen

dei reiste over/om/via Kastrup

dei fører statistikk over nye sjukdomstilfelle – statistikken for 1999 er no komen


Overfor

pliktene overfor/andsynes familien veg tyngst

huset låg rett overfor bankbygningen (= vis-à-vis, midt imot) – huset låg ovanfor bankbygningen (= høgare oppe enn)


det er eit bevis på/for at han snakkar sant (jamfør døma med prov nedanfor)

ho er bevisst miljøspørsmål (= når det gjeld)

utfordringane står i kø på/innanfor eit felt (område) som dette

etaten vil setje fokus barnehagane, etaten vil setje barnehagane i fokus

etaten fokuserer oppvekstvilkår

no forskar dei befrukta egg

det går føre seg ei omfattande forsking på/i kreftsjukdommar

det var tre framlegg (forslag) /til nye kandidatar – det kom framlegg (forslag) om ny styrebehandling


dei er gode bildelar (= på dette feltet) – ho er god i engelsk (= i dette faget, språket) – pappa er  god til å kjøre bil

vedtaket influerer utviklinga over heile Noreg

dei har kompetanse eit høgt nivå

dei har høg kompetanse på/i miljøvern ­(i er det tradisjonelle) – ho har undervisningskompetanse i tysk – ho har kompetanse til å undervise i grunnskulen

bedrifta kan ikkje konkurrere på/i pris ­– landa konkurrerer i idrett

eg har krav pensjon (jamfør: eg har rett til pensjon) ­– vi stiller strenge krav til bremsene – dei vil fremje  krav om høgare løn

kvaliteten varene og tenestene til firmaet er god

aksjonen likna ikkje () ein vanleg politirassia

ho hadde ei løn  300 000, løna var 300 000

dei møttest den årlege marknaden i byen

vi følgjer utviklinga /i bensinmarknaden nøye

eg vil minne deg avtalen (= be deg hugse) – eg vil minne om reglane (= be deg tenkje på)

han skulle (gå) på/i eit møte

talet på skipingar er eit mål på/for kor mykje som er produsert (= ein målestokk for)

dette er den rette måten å føre rekneskapen (sidan det heiter ”på ein måte”, må vere med til slutt i slike setningar)

løys likninga med omsyn x (berre i matematikk) – med omsyn til pengane du lånte, så kan det vente

det er eit prov (bevis) takksemd (= eit teikn på) – han kan ikkje føre prov (bevis) for påstanden sin

dette er den lengste sida på/av trekanten

skilnaden (forskjellen) suksess og fiasko (med vekt på kontrast eller motsetning) – skilnaden (forskjellen) mellom lånerenta og marknadsrenta (med vekt på samanlikning)

Ole har problem skulen – vi må diskutere problema i skulen (= skuleverket)

slå seg brystet  (= framheve seg sjølv) – slå seg for brystet  (= uttrykkje sorg eller anger) ­

han spekulerer sikkert noko gale (= pønskar på) dei spekulerer i skipsaksjar (= plasserer pengar for å tene på det) – dei spekulerer med pengar som andre eig ­(= nyttar pengane til spekulasjon)

jenta er spesialist (ekspert) å lure seg unna ­– ho er spesialist i geriatri

eit visst stadium (steg, trinn) må ein kanskje gi opp

faren var streng akkurat det punktet – læraren er streng med innleveringsfristane ­– han var streng med/mot den eldste sonen

ringen er eit symbol ekteskapet (= teikn på) ­– det  kjemiske symbolet for sølv er Ag

pressa bør setje søkjelyset skeiv fordeling – pressa bør rette søkjelyset mot skeiv fordeling

berre tanken fastlandssamband gjer meg glad – tanken om fastlandssamband er god

tanken at noko må gjerast – den tanken at noko bør gjerast

dei spelar stykket eit teater i Berlin

eg går ofte /i teater

vi ser fleire teikn vekst ­– det er ingen teikn til liv –   x er teiknet for ”den ukjende”

eg har tenkt å reise (= vurdert) – ho hadde tenkt å seie ifrå – eg tenkjer å reise i morgon (= har planar om)

vi har ikkje fått tilbakemelding førespurnaden vår – vi har ikkje fått tilbakemelding om skadar

det er god tilgang mat (= sikre forsyningar) – dei har tilgang til telefon (= tilgjenge til)

vent kvittering

vi har fått mange tingingar (bestillingar) dei nye telefonane – det gjeld tinging (bestilling) av telefon

eg hadde ikke sett henne fleire år


Rundt

politiet etterforskar forholda rundt/kring/omkring/ leigegarden (= dei økonomiske eller juridiske)

forsking rundt/kring/omkring ureining er viktig

dei stod rundt/kring/omkring læraren

dette er berre tankar (refleksjonar) rundt/kring/omkring laust og fast



Til

vi kan til dømes gå på kino i morgon (= for eksempel)

gruppa kom med framlegg (forslag) til nytt partiprogram

det var tre framlegg (forslag) til/på nye kandidatar – det kom framlegg (forslag) om ny styrebehandling


pappa er  god til å kjøre bil – ho er god i engelsk (= i dette faget, språket) dei er gode bildelar (= på dette feltet)

eg har ikkje grunn til å mistenkje nokon – eg har ikkje grunnlag for å mistenkje nokon

haldninga hans til heimsending av flyktningar (= haldninga hans i dette spørsmålet)

dei er klare til å ta fatt – maskinen er klar til/for bruk (helst til når det er tale om å utføre noko)

eg vil knyte dette til ressurssituasjonen

vi har ikkje klart å kommunisere politikken vår til veljarane –­ vi kommuniserer bra med kvarandre – dei kommuniserer dårleg

ho har kompetanse til å undervise i grunnskulen ­– ho har undervisningskompetanse i tysk –dei har høg kompetanse i/ miljøvern (i er det tradisjonelle)

vi stiller strenge krav til bremsene – dei vil fremje  krav om høgare løn – eg har krav pensjon

vi fekk lov til å bade (= løyve til) – det er lov å bade her (= å bade her er tillate)

arbeidarane fekk matvarer til/i (som) løn i staden for pengar

vi har løyve til å transportere farleg gods (= formell godkjenning) – du må ha løyve for å bli drosjeeigar (= dersom du skal bli d.)

eg var nøydd til å seie ifrå

­med omsyn til pengane du lånte, så kan det vente – løys likninga med omsyn x (berre i matematikk)

vi oppfordrar folk til å møte fram – det kom ei oppfordring til folk om å møte fram

vi oppmodar folk til/om å møte fram – det kom ei oppmoding til folk om å møte fram

eg har rett til pensjon – eg har krav pensjon

annonsen retta seg til bøndene (= vende seg til) – polititiltaka retta seg mot hytteinnbrota (= tok sikte på å stanse)

huset er til sals, huset er lagt ut til sal

det ser ut til at du har rett (jamfør: det ser ut som om du har rett)

du har gode sjansar til/for å vinne (= utsikter til) – sjansen (faren, risikoen) for å bli smitta er stor

det er ingen teikn til liv – vi ser fleire teikn vekst – x er teiknet for ”den ukjende”

han gav henne teikn til/om å teie

ho gjorde teikn til å gå

kurva viser ein tendens til å stige

ho tenderer til/mot å avvise framlegget (= hallar i retning av)

vi diskuterte det frå tid til anna (= av og til)

dei har tilgang til telefon (= tilgjenge til) – det er god tilgang mat (= sikre forsyningar)

trongen til tobakk vart han ikkje kvitt

dei er vande til å arbeide i tre skift – dei er vane med å arbeide i tre skift

det er bilen til/åt far min (til eller åt om eigedom og tilknyting)

ho gav alle pengane til/åt barna sine; dei sa det til/åt læraren


Under

det var under krigen ­(om hendingar) – det var i krigsåra (om tidsrom)


Ved

dette er den økonomiske sida ved/av saka ­


Via

eg fekk dei nye opplysningane via omvegar

dei reiste via/om/over Kastrup


Åt

ho er ikkje til å kimse åt/av

det er bilen åt/til far min (åt eller til om eigedom og tilknyting)

ho gav alle pengane åt/til barna sine; dei sa det åt/til læraren

(Åt kan i dialektane òg tyde ”til beste/verste for nokon” og ”i retning til ein stad”.)

Preposisjonsbruk ved stadnamn (nynorsk)

Mange er usikre på i og framfor stadnamn når dei skal fortelje om noko som går føre seg eller er på den aktuelle staden. Her er tradisjonen slik at framfor dei fleste norske stadnamn, også namn på byar og tettstader, bruker ein i, men framfor ein del slike namn er den tradisjonelle preposisjonen. Ein bør merke seg at der stadnamnet også er kommunenamn, kan det vere rett å velje i når ein meiner kommunen, sjølv om det er tradisjon for framfor by- eller tettstadnamnet. Eit par døme: Den som er i Heddal i Telemark, er ”i Notodden” (kommunen), men ikkje ”på Notodden” (i bysentret). Folk frå Hamar vil gjerne seie at dei bur ”på Hamar” når dei meiner bysentret, men ”i Hamar”når dei meiner kommunen. Nedenfor finn du lister med døme på bruk av preposisjonar ved stadnamn.


Vi rår til i framfor desse norske stadnamna:

Askvoll, Austevoll, Balestrand, Brunlanes, Bud, Børsa, Etne, Førde, Grue, Gudvangen, Hammerfest (før: ) Helgeroa, Hokksund, Hol, Hole, Hov, Hurum (men Hurumlandet), Hvittingfoss, Kirkenes (før: ), Klæbu, Krokstadelva, Land, Lom, Moss (før: ), Måløy, Namsos, Nes (i Hallingdal, i Akershus), Onsøy, Portør, Rennebu, Rosendal, Rælingen, Salhus, Selbu, Skjåk, Skrova, Solbergelva, Steigen, Tromsø (før: ), Vadsø (før: ), Vardø (før: ); Vågå, Øystese, Åmot (i Telemark)


Vi rår til framfor desse namna:

Agder (om kysten – men i Aust-Agder, Vest-Agder), Akkerhaugen, Alstahaug, Andenes, Askim, Bagn, Bardufoss, Berkåk, Billingstad, Biri, Bjørkelangen, Bokn, Bryne, Byrkjelo, Bømlo, Dalen (i Telemark), Dokka, Dombås, Dovre, Dønna, Eidsvoll, Eina, Elverum, Evenes (om kyrkjestaden og flyplassen), Evje, Fagernes, Fannrem, Fauske, Fedje, Figgjo, Finnsnes, Finse, Fitjar, Flesland, Flisa, Fokstua, Fosen, Frosta, Frøya, Geilo, Giske, Gjøvik, Gol, Gran, Greåker, Grip, Grua, Grue Finnskog, Gvarv, Hadeland, Hamar, Halsa, Haram, Hareid, Hedmarken (men i Hedmark), Helgeland, Hermansverk, Hinna, Hitra, Hovden, Hvaler, Hønefoss, Jessheim, Jevnaker, Jæren, Jørpeland, Kløfta, Kolbotn, Kongsberg, Kongsvinger, Koppang, Kråkerøy, Kvikne, Kyrksæterøra, Kårstø, Lade, Laksevåg, Leira, Lena, Lesja, Levanger, Lillehammer, Lillestrøm, Lindesnes, Lindås, Lisleby, Lista, Lunner, Lørenskog, Madla, Melhus, Meråker, Minnesund, Mo (i Rana), Modum, Moi, Molde (også i), Momarken, Mongstad, Moster, Mysen, Møre, Namdalseid, Nes (i Hedmark, i Ådal i Buskerud), Nesbyen, Nesna, Nesodden, Nordfjordeid, Nordkapp, Nordmøre, Notodden, Nærbø, Oppdal, Oppegård, Orkanger, Os, Otta, Randaberg, Raufoss, Rauland, Rena, Ringebu, Ringerike, Ringsaker, Rjukan, Roa, Rognan, Romerike, Runde, Rygge, Røros, Røst, Sandane, Sandnes, Sel, Selje, Skarnes, Ski, Skjetten, Slemmestad, Smøla, Snåsa, Sokna, Sola, Sollihøgda, Sortland, Sotra, Spikkestad, Spitsbergen, Stabekk, Stad, Stange, Steinkjer, Stokmarknes, Stord, Stranda, Strømmen, Støren, Sula, Sunndalsøra, Sunnmøre, Svalbard, Sætre, Time, Tingvoll, Tjøme, Tofte, Tolga, Toten, Tranby, Tretten, Træna, Tune, Tynset, Tysnes, Ulefoss, Ustaoset, Utsira, Utstein, Varhaug, Vega, Vennesla, Vestfossen, Vestnes, Vigra, Vigrestad, Vinstra, Voss, Værnes, Ørje, Ørlandet, Ål, Ålgård, Åmot (i Buskerud), Åndalsnes, Årdalstangen, Årnes, Ås


Vi rår til også framfor desse namna (øystatar og øyar og øygrupper utanfor Noreg):

Aust-Timor, Azorane, Bahamas, Bali, Barbados, Bermuda, Borneo, Bornholm, Cuba, Dodekanesane, Dominica, Falster, Fiji, Filippinane, Frans Josefs land, Fuerteventura, Fyn, Færøyane, Gotland, Gran Canaria, Grenada, Grønland,  Hebridane, Hawaii, Island, Jamaica, Java, Jersey, Jylland, Kanariøyane, Kapp Verde, Kios, Korsika, Kos, Kykladane, Kypros, Kreta, Langeland, Lanzarote, Lolland, Madagaskar, Madeira, Maldivane, Mallorca, Malta, Marshalløyane, Mauritius, Ny-Zealand (eller New Zealand), Newfoundland, Novaja Semlja, Ny-Caledonia, Ny-Guinea, Orknøyane, Puerto Rico, Réunion, Rodos, Saltholm, Samoa, Sardinia, Seychellane, Shetland, Sjælland, Sri Lanka, Sumatra, Tahiti, Taiwan, Tasmania, Tenerife, Tonga, Trinidad, Vest-Samoa, Öland, Åland


Derimot heiter det i Irland, i Indonesia, i Japan, i Storbritannia (unntak).

 

 

Utviklet av Gazette