Samandrag
Språkrådet vekte oppsikt da det i 1996 vedtok skrivemåtar som "gaid", "polisj" og "sørvis" i tillegg til dei tidlegare formene "guide", "polish" og "service". Da Kulturdepartementet behandla rettskrivingsvedtaka, bad det Språkrådet greie ut tilhøvet mellom uttale og skrivemåte for importord i norsk. Utgreiinga Lånte fjører eller bunad? gjev eit historisk oversyn, viser korleis lånord og fremmendord blir behandla i tale og skrift, refererer synsmåtar på normeringspolitikken og legg fram forslag til prinsipp for korleis importord kan få norsk skrivemåte, og kva ord som bør få slik skrivemåte.
Rådet vedtok på årsmøtet i 1998 retningslinjer for normeringsarbeidet med importord. Det blir det gjort greie for nedafor, samtidig som den lange tradisjonen i norsk for å norvagisere blir illustrert.
Innhald
1 Importord (lånord og fremmendord)
2 Fornorsking eller norvagisering?
3 Målet for norvagiseringa
4 Historikk
5 Arbeidet med norvagiseringa
6 Dei språklege prinsippa for norvagisering
7 Om førearbeidet til forslaga
8 Utgreiinga
9 Lenkjer
10 Litteratur
1 Importord (lånord og fremmendord)
Med "importord" meiner ein lånord og fremmendord, dvs. ord som har komme inn i språket vårt i dei historiske periodane vi har oversikt over. "Fornorsking" vil seie at ein finn eit norsk ord (ofte kalla eit "avløysarord") for importordet, jf. nettsida for Ordsmia. "Norvagisering" vil seie at ein gjev importordet norsk skrivemåte. Denne artikkelen handlar om det.
Sirka 30 % av orda i Bokmålsordboka og Nynorskordboka er importord. (Forskjellen på dei to ordbøkene er liten i dette spørsmålet.) Ser vi bort frå samansetningar og avleiingar, kan vi rekne oss fram til at 44 % av ordstammane eller grunnorda i Nynorskordboka er importerte i språket. Dei viktigaste eksportørane av ord til norsk er:
Importord i norsk
|
Importert frå
|
Talet på ord
| Prosent |
| Latin |
4089 |
31 |
| Gresk |
2120 |
16 |
| Lågtysk |
2021 |
15 |
| Fransk |
1931 |
15 |
| Engelsk |
1564 |
12 |
| Italiensk |
358 |
3 |
| Dansk |
179 |
1 |
| Nederlandsk |
167 |
1 |
| Arabisk |
148 |
1 |
| Svensk |
116 |
1 |
| Spansk |
108 |
1 |
| Portugisisk |
80 |
1 |
2 Fornorsking eller norvagisering?
For det strategiske spørsmålet om ein skal satse på fornorsking eller norvagisering, er desse prinsippa viktigast:
1 Dersom nye ord som blir tekne i bruk i norsk allmennspråk, ikkje alt har ei form som høver inn i det norske ortografiske mønsteret, skal ein gje dei norsk ordform (ved anten fornorsking eller norvagisering).
2 Ein skal prioritere arbeidet med å finne norske avløysarord for heilt nye engelske fremmendord.
3 Det er ei oppgåve for Språkrådet å "overvake" språksituasjonen slik at det kan finne ut i kva høve ein bør satse på eit avløysarord, og i kva høve det skal arbeide for ei norvagisert ordform.
4 Ein bør arbeide for at flest mogleg av importorda som går inn i allmennspråket, blir norvagiserte.
Eit fullstendig oversyn over retningslinjene kjem nedafor under punkt 5.
3 Målet for norvagiseringa
Det er i tråd med den norske språkpolitiske tradisjonen at ein ønskjer å gjere tilgangen til skriftmålet lettast råd for alle samfunnsgrupper. Vanskelege og mønsterbrytande skriftbilete gjer skriftspråket mindre tilgjengeleg, og altså vanskelegare å bruke.
Norsk skriftmål byggjer på at det skal vere eit godt samsvar mellom skrift og tale. Det bør altså vere like enkelt å skrive det relativt nye importordet teip (av eng. "tape") som det er å skrive det gamle importordet kjeks (av eng. "cakes") eller som eit norsk arveord som hest. Norsk og f.eks. engelsk har ein del nokså like ord, f.eks. arm, frilans, land, sjokk, tøff. Det vil vere pedagogisk kompliserande om nokre av dei som er relativt like, skulle skrivast på engelsk, andre ikkje. Det enklaste pedagogiske prinsippet er å skrive dei orda vi brukar i norsk, på norsk; det vil seie på tilsvarande måte som når vi skriv dei orda vi brukar i ein engelsk tekst, på engelsk.
4 Historikk
Første rettskrivingsvedtaket i Noreg kom i 1862 og gjaldt skrivemåten av ikkje minst importord. For eksempel skulle ein
– byte ut ph med f: Philosophie > Filosofi
– fjerne stum e: Philosophie > Filosofi
– byte ut c, ch og q med k der dei blir uttalte k: Technique > Teknik, concis > koncis, qualificere > kvalificere
I tida opp til våre dagar har ein drive "oppryddingar" i skrivemåten av importord. Nedafor viser vi først ein del eksempel på korleis ein skulle skrive fram til 1862. Etterpå kjem ei liste som viser kva tid ymse ord har fått norsk skriveform.
4.1 Slik hadde norsken sett ut om vi ikkje hadde begynt å norvagisere i 1862:
Ortografi før 1862 – utvalde ord henta frå Ludvig Meyer: Fremmedordbog eller kortfattet Lexikon over fremmede, i det danske Skrift- og Omgangs-Sprog forekommende Ord, kunstudtryk og Talemaader (1863).
(Substantiv skrivne med småe forbokstavar her.)
alliance annonce
balance bureau cancellie caution causerie censor centrum ceremonie certificat chaffeur chamæleon chance charakteer charlatan charme check chef chicane chocolade cigar citat circulære citat citron civil classificere cohæsion communicere compagnon concentrere concept concession concis conclusion concurrents constellation consumption control corset correspondance costume crucifix cylinder czaar cølibat
decimal dedicere deducere discussion division douche
eddike exercere explosion ekzem elasticitet engagement etage exempel extract expedition façade facit façon
galoche guerilla
harcelere identificere implicere impressionist
|
indicium inficere inspection inspicere interview intolerance introducere intuition invasion ischias jaloux jargon jongleur
kaleche kritik
liqueur logis
marcipan marsch massage matrice medicin memoir menagerie merit milieu mission modificere musicere nation neutral
obducere officer officiel orthographie
paragraph parallel parcel participium passage pension permission perron personificere pfalanx philosoph photographie piédestal placere plateau plyds point princip procedure procent procession producere profession project protegé provocere præcedents præcis praxis præcisere prælat præmie præsident præstere publicere
|
punch pædagog
qualificere
ratificere recept recognoscere reconvalescent reducere reference reflexion refusion reminiscents renæssance repertoire replicere repræsentant repræsentativ revolution revanche rubricere rutsche ræsonnement
sanctionere schablon schach scheich schema seance secund sergeant service session shawl skepticisme social societet specialisere speciel specificere sphinx staffage station subtraction succes successiv suffleur suggestion suspension saison
tableau terrain tolerants tonnage touche transscendent trapez
vacance verificere version vezir vice- viol violet violin vision
zenith æsthetik æstimere
|
4.2 Eksempel på normeringar av importord 1907–2004
For tida etter 1959 er også normeringar av utalandsk skrivemåte tekne med.
Merket > betyr at ordet er blitt endra att seinare. (bm = bokmål, nn = nynorsk)
Bokmål (riksmaal) 1907
(Aars & Hofgaard 1907)
|
allé ansjos audiens bassæng > 1917 briljant bronse buljong byraa > 1917 dispachør > 1924 dusj eksersere eksersis elektrisere entré excellense > 1938 fasade føljetong gamasje geni glyserin influensa inspektør jalusi justis
|
kalesje kalosjer konferanse konjunktion > 1917 konkurranse konsert korrespondanse kostyme kritisere kuvert lekse losji mansjet > 1917 mars (maaned) marsj musisere paralel (paralelle, paralelogram) > 1917 |
paraply plysj porselæn > 1917 portemonnæ > 1917 procedyre punsj ratifisere ressurser > 1984 rubrisere salong sersjant sjal spasere streik sukces > 1938 terræng > 1917 tsar vaksinere
|
Nynorsk (landsmål) 1912
(Skard 1912)
akkumulator assuranse ballong basseng bataljon bensin boikotta |
brosja budgett > 1938 katekisma komedi > losji el. lossi mansjett(a) nasjon |
nøytral offiser pensjon porselin > 1917 sigar sjokolada viski el. whisky > 1938 |
1917
(Dep 1918) (Orda som berre står i bokmålslista er merkte bm:, og orda som står berre i nynorsklista, er merkte nn:. )
|
absolutt aksent aksept ammunisjon appellere artikkel auksjon basseng bresje brosjyre bm: budgett >1938 butikk desember diskusjon drosje duell egyptisk eksplosjon ekvator estetisk europeisk fabrikere > 1959? farse fenomen gerilja intervju jubileum
|
kapellan kaprise kjemi kjerub konjunksjon kritikar/kritiker krystall majestet majones bm: mansjett mobbe bm: nasjon parallell parfyme pedagog pensjon permisjon porselen portemoné portrett predikant premie president presis process > 1938 |
produsere profesjon rase redusere refleksjon refreng representere resonnement retrett bm: nøitral rokokko servise > 1959 sjakk sjalu sjalusi nn: sjef (chef) bm: sjokolade skjema soia > 1959 stasjon sykkel terreng toalett tråle |
1924 Riksmål
(Krogsrud og Seip 1924)
boikott dispasjør |
gir kløpper el. klypper |
lunsj |
1924 Landsmål
(Heggstad 1924)
lunsj
1938
(KUD 1938)
|
à jour aksje bm: aksjon bm: ambisjon bm: ansiennitet antesipere attaché basill bransje bridge el. bridsj > 1959 budsjett ca. = cirka > 1999 celeber > 1999 celle > 1999 cello celluloid > 1999 cellulose > 1999 celsius cent centi(gram) cerebral champagne > 1996 chanse el. sjanse bm: charmant el. sjarmant charme el. sjarm cirka = ca. bm: cm = centimeter cyankalium bm: desavuere desi(gram) desidere desisjon bm: diksjon diligence bm: dimisjon bm: distré eksellense eksellent eksellere eksentrisk ekshaust el. eksos eksotisk emballasje encyklopedi engasjement engasjere evfemisme bm: fascist > 1999 fasett fasit bm: fiksjon flørt (s.) flørte (v.) foajé bm: forsere bm: fransese bm: garasje gasje generell geni genial gentil giljotin ingeniør isjias bm: journal journalist litteratur bm: losje lynsje kompanjong
|
bm: konfesjon konfidensiell bm: konsesjon kvotient madjar bm: maskin massøse mesen/at metsj el. match > 1959 milits niese bm: officer (-s) oransje palass pasient passasje passasjer bm: personasje plansje poeng bm: ponni bm: porsjon bm: posisjon postill potpurri bm: pre, et presedens bm: preseptor preses prestisje bm: promosjon bm: prosedere prosent bm: prosesjon bm: prosess prosjekt prosjektil bm: puttis (fl.) rasjon rasjonalist rasjonell nn: rasjonera bm: recensent bm: recess rejisere renonsere reseptiv resiprok revansj(e) saucisse el. såsiss > 1999 scene > 1999 bm: seksjon sement sensor sensur sentral sentrum septer seremoni sertifikat bm: sesjon sherry bm: sigar(ett) |
sikori silhuettsinders sirkel sirkulere sirkulære, -et sirkus siselere sitar sitat; sitere sitron sivil sivilisasjon bm: sivilisere sjakett sjalu(si) sjampinjong sjargong sjarlatan sjasmin bm: sjef bm: sjekk sjenere sjenerøs sjenever sjeselong sjeté sjetong sjeviot sjevrå sjikane sjikt sjimpanse sjingel sjokolade sjonglør sjy (kjøttsaft) sjåfør sjåvinisme skandale skatoll nn: skonnert skvær nn: sordin sorti sosial(ist) sujett suksess el. succès suvenir sykkel syklon syklus sylinder sypress sølibat såsiss el. saucisse > 2000 titel el. tittel vallon watt whig whisky whist yankee zoolog
|
Bokmål 1940
(Sverdrup og Sandvei 1940)
bløffe jenki el. yankee krasje mikse |
peanøtt penteri pledd
|
sikspenslue sjampo sjåsé el. chaussé |
Etter krigen
1959 bridge haik handikap kalif lisens manikyr(e) manøver marsjall match service (= ‘teneste’) > 1995 silhuett soya vaier vise-
1966 teip el. tape
1969 design
1970 bøffel
1971 skåre el. skòre el. score slipp (= ‘talong’)
1973 flippover slippover stripp
1974 acre baskyl kei el. kjei overall panty tips triks tøtsje (Tanum)
1975 cereal frilans
1976 drik(k)s skuter el. scooter sponsor
1978 essay krakkar/-er krakke pikkels sleid el. sleide
1979 jus el. juice ålreit el. all right
1980 brotsj (før: brosj) bagett
1981 chips skanne taksameter trubbel > 1983
1982 drawback fastback comeback
1983 feedback kjoks el. chuck trøbbel weekend western
1984 avokado ayatolla barrakuda bearnés bidé bleser el. blazer blits blueline bløff bobin bramin, braman bresere brife buffé cingy citer el. siter (før: sitar) cocker spaniel deadline dilodendron dominion endiv enkét el. enquete eskatologi espri el. esprit facts falanks fikus fondy forsytia gag > 1999 getto
|
gimmick gospel hibiskus hit > 2000 hollandés hotpants iktyo jogurt el. yoghurt jojo el. yo-yo kabinkryssar/-er el. cabincruiser kabriolet kardigan kløtsj el. clutch kolesterol kollasj el. collage konfessor konsertina krål kråle kuli lasagne leggings maharaja maki el. maquis mannekeng maskara medley miksmaster mysli nugat el. nougat pellet popkorn posjere prosjektør el. projektor pumpernikkel raja redline resurs el. ressurs script > 1995 sepoy sjanger el. genre slapstick slide smash -snitsel spagetti stand-in still squash > 1995 take-off taky- tet transe transjere tusjere utrert el. outrert wienersnitsel el. wienerschnitzel
1985 kasjunøtt popp el. pop (adj.) posjere shorts sjablon el. sjablong tusjé
1986 popp el. pop (subst.)
1987 punkar > 1996
1989 skannar
1991 fan, koll.: fans minjong nikkers (eineform) scone el. scones tako-
1995 (vedtak i 1996) breikdans bulleteng enterteinar/-er el. entertainer fait el. fight faitar/-er el. fighter faite el. fighte feide el. fade feidar/-er el. fader feiding el. fading finisj el. finish gaid el. guide gaide el. guide hedde el. heade hedding el. heading hipp innputt el. input innsidar/-er el. insider kaps keitering el. catering ketsjup el. ketchup kikk el. kick klinsj el. clinch konteinar/-er el. container overhedd el. overhead
|
pins polish el. polish pønk el. punk pønkar el. punker påver el. pauvre rafte rapp rappe seif (subst.) el. safe seif (adj.) el. safe seife el. safe sjampanje el. champagne sjarter el. charter sjåk el. choke skript el. script skup el. scoop skvåsj el. squash snaksy streit el. straight streite el. straight sørvis el. service taime el. time tilte utputt el. output utsidar/-er el. outsider
1999 (vedtak i 2000) bagg el. bag desennium diktum fasinere el. fascinere fasist el. fascist gagg el. gag gem handikapp el. handikap hitt el. hit hott el. hot jett el. jet joruba jubalong kjip labb el. lab pegg el. peg peis el. pace peisar/-er el. pacer pirse el. pierce pistasj el. pistasie plasebo el. placebo plott prosit res el. race resar/-er el. racer seilonar/-er el. ceylonar/-er seilonsk el. ceylonsk seleber el. celeber selebrere el. celebrere selebritet el. celebritet selle el. celle sellofan el. cellofan sellular el. cellular sellull el. cellull selluloid el. celluloid sellulose el. cellulose sellulær el. cellulær senari- el. scenari- sene el. scene seno- el. sceno- sientolog el. scientolog sirka el. cirka sirkum- el. cirkum- siserone el. cicerone sisilianar/-er el. sicilianar/-er sjablong skipp el. skip spenser- el. spencer- syklamat syklamen syklotym syklotymi symbal/symbel el. cymbal/cymbel symbalist el. cymbalist såsiss tabb el. tab transend- el. transcend- tubb el. tub vebb el. web vebbe el. webbe vokk el. wok vokke el. wokke
2003 (vedtak i 2004, førebels ikkje behandla av Kulturdepartementet) accessoirer/accessoirar el. aksessoarer/aksessoarar bacalao el. bakalao cannabis el. kannabis caravan el. karavan carting el. karting carving el. karving coil el. koil corny el. korny dachs el. daks gimmick el. gimmik hickory el. hikkory maracas el. marakas masochisme el. masokisme masochist el. masokist masochistisk el. masokistisk nonchalanse el. nonsjalanse nonchalant el. nonsjalant nonchalere el. nonsjalere racket el. rekkert (før: racket) sadomasochisme el. sadomasokisme sadomasochist el. sadomasokist sadomasochistisk el. sadomasokistisk serve el. sørv serve el. sørve server el. sørver/sørvar snacks el. snaks
|
(Det meste i listene er henta frå Helge Sandøy: Lånte fjører eller bunad? Om importord i norsk. Oslo: Cappelen forlag 2000.)
5 Arbeidet med norvagiseringa
På årsmøtet 12.–13. februar 1998 gjorde Norsk språkråd dette vedtaket om normering av importord:
"Prinsippene i kapittel 7 i utredningen Lånte fjører eller bunad? legges til grunn ved normering av importord.
Språkrådet mener for øvrig at norvagiseringen bør foregå i et moderat tempo hvor man tar rimelig hensyn til reaksjoner fra publikum."
Dei vedtekne prinsippa frå utgreiinga Lånte fjører eller bunad? er gjevne att nedanfor. Tala i parentes viser til sidetal i utgreiinga. Utgreiinga kan lastast ned frå http://www.sprakrad.no/upload/567NORVb.pdf.
1 Dersom nye ord som blir tekne i bruk i norsk allmennspråk, ikkje alt har ei form som høver inn i det norske ortografiske mønsteret, skal ein gi dei norsk ordform (ved anten fornorsking eller norvagisering). (s. 99)
2 Ein skal prioritere arbeidet med å finne norske avløysarord for heilt nye engelske fremmendord. (s. 100)
3 Det er ei oppgåve for Språkrådet å "overvake" språksituasjonen slik at det kan finne ut i kva høve det bør satse på eit avløysarord, og i kva høve det skal arbeide for ei norvagisert ordform. (s. 102)
4 Ein bør arbeide for at flest mogleg av importorda som går inn i allmennspråket, blir norvagiserte. (s. 103)
5 Ord som det er fagterminologisk grunn for å norvagisere, skal følgje dei same prinsippa som allmennspråklege ord. (s. 103)
6 Når det gjeld importord som er vanskelege å tilpasse norsk lydstruktur, bør ein prioritere arbeidet for eit norsk avløysarord. (s. 103)
7 ”Det bør vises tilbakeholdenhet med forandring av termer som er i internasjonal bruk, for eksempel målenheter, særlig når ordet er avledet av et navn. Eksempler: becquerel, pasteurisere.” [Lundeby 1987] (s. 103)
8 Engelske ord som er bygde opp slik at dei er gjennomsiktige også for nordmenn som kan engelsk, bør ein vere tilbakehalden med å norvagisere. Ein bør først satse på å få innarbeidd omsetjings- eller avløysarord for dei. Engelske ordstammar skal ein derimot vurdere å gi norvagisert skrivemåte, ev. i tillegg til at ein kjem med framlegg om avløysarord. (s. 104)
9 Ord som refererer berre eller nesten berre til saksforhold i engelsktalande land, bør halde på den engelske skrivemåten. Det same må i ein viss grad òg gjelde for ord frå språk som færre nordmenn kan. (s. 104)
10 Når ein skal avgjere om ein bør satse på norvagisering eller avløysarord, bør ein jamføre med situasjonen i dei skandinaviske grannelanda. (s. 104)
11 Når importorda går inn i allmennspråket, bør Språkrådet snarast råd vurdere om det skal foreslå eit avløysarord eller vedta ei norvagisert ordform – eller gjere begge delar. (s. 108)
12 Ein skal norvagisere nye importord etter det dominerande mønsteret for tilpassing til norsk uttale. (s. 108)
13 Norvagiserte ordformer skal ha same skrivemåte i bokmål og nynorsk. (s. 109)
14 Norvagiserte substantiv, verb og adjektiv skal setjast inn i norske bøyingsklassar slik at dei får tradisjonelle norske bøyingsendingar. (s. 122)
15 Adjektiv i nøytrum får konsonantforenkling framfor t-en: røff - røft. (s. 122)
16 Dei norvagiserte orda skal følgje nærare definerte prinsipp som er lista opp i utgreiinga. (s. 110–120)
17 Når eit ord med dominerande utalandsk skrivemåte er nytt i skriftnorma, bør ein tillate både utalandsk og norvagisert skrivemåte. (s. 123)
18 Når ei norvagisert ordform har vore tillaten og brukt i 20 år, bør ein vurdere å gjere ho til eineform. (s. 124)
19 Når Språkrådet blir spurt til råds om skrivemåten, skal det gi uttrykk for at ein helst ser at den norvagiserte blir brukt der han er tillaten. Språkrådet sjølv skal også halde seg til dei normerte norvagiserte skrivemåtane. (s. 124)
20 Ord som ikkje har vore behandla og normerte før, kan leggjast fram for årsmøtet kvart år. (s. 124)
21 Importord som har vore normerte før, skal behandlast ved slutten av kvar valbolk for Språkrådet. (s. 125)
22 Fagnemnda førebur framlegga og bør så langt råd prøve å behandle ord i grupper. (s. 125)
23 Språkrådet prioriterer arbeidet med dei ordgruppene som kan behandlast etter etablerte norvagiseringsmønster. (s. 125)"
(Frå Årsmelding 1998.)
6 Dei språklege prinsippa for norvagisering
[I oppstillinga her er dei fonetiske markeringane i hakeparentesar gjengitt så langt det har late seg gjere ut frå tilgjengeleg ordinær tekstbehandling. Sidetala framom / viser til boka Lånte fjører eller bunad? Om importord i norsk av Helge Sandøy (Cappelen 2000), og tala bak / viser til utgreiinga med same tittelen, som kan lastast ned frå http://www.sprakrad.no/upload/567NORVb.pdf. Der er prinsippa grundigare behandla.]
Konsonantisme
1 Etter kort (trykktung) vokal skal det komme anten konsonantgruppe eller dobbel konsonant. Eksempel: job > jobb(e), crash > krasj(e). (Jamfør K1 s. 224, 110.)
2 Ord med uttalen ff av utalandsk gh får skrivemåte med ff. Eksempel: rough > røff, tough > tøff. (Jamfør K10 s. 228/112.)
3 Ord med uttalen j av utalandsk j [dž] får skrivemåte med j. Eksempel: jazz > jass, juice > jus. (Jamfør K13 s. 228/112.)
4 Ord med uttalen k av utalandsk c, ch, ck får skrivemåte med k. Eksempel: script > skript, cholesterol > kolesterol, bacalao > bakalao, caravan > karavan, coil > koil, snacks > snaks, gimmick > gimmik). (Jamfør K2 s. 226/110.)
5 Ord med uttalen kk av utalandsk ck får skrivemåte med kk. Eksempel: kick > kikk, racket > rekkert. (Jamfør K8 s. 227/111.)
6 Ord med uttalen ks av utalandsk x får skrivemåte med ks. Eksempel: box > boks, mixmaster > miksmaster. (Jamfør K12 s. 228/112.)
7 Ord med uttalen kv av utalandsk q(u) får skrivemåte med kv. Eksempel: squash > skvåsj, squeeze > skvis(e). (Jamfør K11 s. 228/112.)
8 Ord med uttalen ng av utalandsk nt i -ent og -ant [ang] får skrivemåte med ng. Eksempel: présent > presang, volant > volang. (Jamfør K17 s. 228/112.)
9 Ord med uttalen nje av utalandsk gne får skrivemåte med nje. Eksempel: champagne > sjampanje. (Jamfør K9 s. 227/111.)
10 Ord med uttalen r av engelsk r som er stum, får skrivemåte med r. Eksempel: flirt > flørt(e). (Jamfør K14 s. 228/112.)
11 Ord med uttalen s av utalandsk c får skrivemåte med s. Eksempel: cølibat > sølibat, service > sørvis. (Jamfør K3 s. 226/110.)
12 Ord med uttalen sj av utalandsk sh, ch [š] får skrivemåte med sj. Det same gjeld ord med ch og uttalen [tš] i framlyd i engelsk. Eksempel: finish > finisj, clinch > klinsj(e), nonchalanse > nonsjalanse, choke > sjåk(e), charter > sjarter/sjartre. (Jamfør K4 og K5 s. 226/110–111.)
13 Ord med uttalen t av utalandsk th får skrivemåte med t. Eksempel: ortho- > orto-, thorax > toraks. (Jamfør K15 s. 228/112.)
14 Ord med uttalen tsj av utalandsk ch, tch [tš] i slutten og inne i ord får skrivemåte med tsj. Det same gjeld ord med g som er uttalt [dž] i engelsk. Eksempel: touch > tøtsj(e), ketchup > ketsjup. Ei mogleg norvagisering er image > immitsj. (Jamfør K6 og K7 s. 227/111.)
15 Ord med uttalen v av utalandsk w får skrivemåte med v. Eksempel: twist > tvist ’pussegarn’, wire > vaier. (Jamfør K16 s. 228/112.)
Vokalisme
1 Ord som i norsk kan vere uttalte med både a, e og æ, og som i engelsk har uttale med kort [æ], får skrivemåte med a. Eksempel: jass, bagg, taksi. (Jamfør V1 s. 230/113.)
2 Ord med uttalen ai av engelsk i, igh, ui [ai] får skrivemåte med ai. Eksempel: time > taime, fight > fait(e), guide > gaid(e). (Jamfør V21 s. 236/119.)
3 Ord med uttalen au av engelsk ou [aυ] får skrivemåte med au. Eksempel: stout > staut (tøytype). (Jamfør V22 s. 236/119.)
4 Ord med uttalen e av engelsk ea [ε] får skrivemåte med e. Eksempel: heade > hedde, overhead > overhedd. (Jamfør V3 s. 231/115.)
5 Ord med uttalen ei av engelsk ai, aigh, a, ay [ei] får skrivemåte med ei. Eksempel: container > konteiner, straight > streit, catering > keitering, display > displei, fade > feide, spray > sprei(e). (Jamfør V23 og V24 s. 237/119.)
6 Ord med uttalen -ar eller -er i trykklett sluttstaving av engelsk -er får skrivemåten -ar i nynorsk og -er i bokmål i hankjønnsord. Eksempel: container > konteinar/konteiner. (Jamfør V2 s. 231, 115.)
7 Ord med uttalen er eller ær i trykkstaving av engelsk air, are får skrivemåte med ær eller er. Eksempel: square > skvær. Ei mogleg norvagisering er fair > fer. (Jamfør V15 s. 235/117–118.)
8 Ord med uttalen i av utalandsk i, ie, ee, ea, u, e, a, ey, y får skrivemåte med i. Eksempel: biff > biff, brief > brife, squeeze > skvis(e), gear > gir. (Jamfør V4 s. 232/115.)
9 Ord med ein vokalutgang som er uttalt anten som -i eller -y i ord frå engelsk med suffikset -y blir skrivne med y i norsk. Eksempel: corny > korny, hickory > hikkory. (Jamfør V14 s. 234/117.)
10 Ord med uttalen o av utalandsk au, o, oa får skrivemåte med o. Eksempel: exhaust > eksos, smoking > smoking, loaf > loff. (Jamfør V5 og V6 s. 232/115.)
11 Ord uttalte med trykklett o (dels også å) får skrivemåte med o. Eksempel: nylon > nylon, container > konteiner/konteinar. (Jamfør V9 s. 233/116.)
12 Ord med uttalen u av utalandsk u, oo, ui får skrivemåte med u. Eksempel: pull-over > pullover, put > putte, scoop > skup, juice > jus. (Jamfør V10 og V11 s. 233–234/116–117.)
13 Ord med uttalen ju av engelsk u får skrivemåte med ju. Mogleg norvagisering: producer > prodjuser/-ar. (Jamfør V12 s. 234/117.)
14 Ord uttalte med trykksvak u av engelsk u, ou får skrivemåte med u. Eksempel: supporter > supporter/supportar, yoghourt > jogurt. (Jamfør V13 s. 234/117.)
15 Ord med uttalen ø av engelsk ir, er, ur [э:] og u, ou, o får skrivemåte med ø. Eksempel: flirt > flørt(e), service > sørvis, serve > sørve, clutch > kløtsj, trouble > trøbbel, done > dønn. (Jamfør V16 og V17 s. 235/118.)
16 Ord med uttalen lang å av engelsk o, a, aw, ou får skrivemåte med å. Eksempel: score > skår(e), all right > ålreit, crawl > krål(e), trawl > trål, choke > sjåk(e). (Jamfør V18 og V19 s. 235–236/118.)
17 Ord uttalte med kort å av engelsk a får skrivemåte med å. Eksempel: squash > skvåsj. (Jamfør V20 s. 236/119.)
18 Ord uttalte med kort å (somstad òg uttalte med kort o) av engelsk o, ou får skrivemåte med o. Eksempel: clown > klovn, counter > kontre, job > jobb(e), mob > mobb(e). (Jamfør V7 og V8 s. 232/116.)
19 Ord uttalte med åy av utalandsk oi får skrivemåte med oy. Mogleg endring: spoiler > spoyler. (Jamfør V25 s. 237/119.)
7 Om førearbeidet til forslaga
Etter at Språkrådet i 1998 vedtok dei prinsippa som står under pkt. 5 og 6 ovafor, har det behandla norvagiseringsforslag i to omgangar, i 2000 og i 2004. Slike forslag blir først gjennomgått i fagnemnda, som så legg dei fram for årsmøtet i Språkrådet til godkjenning.
I samsvar med retningslinjene for arbeidet er orda blitt behandla i grupper. I 2000 gjekk ein igjennom ord med c som hadde uttale med s. I 2004 tok ein gruppene med c, ck og ch som var uttalte som k.
Utgangspunktet for dette arbeidet er aktuelt materiale frå ordlister. I 2004 blei utlistingar av alle orda skrivne med c, ck og ch og uttalte med k som stod i Tanums store rettskrivningsordbok brukte som grunnlag.
Materiale som er utgangspunktet for behandling, kan vere svært stort, i 2004 på fleire hundre ord. Men første avgrensinga går ut på å skilje ut allmennorda, og da har materialet skrumpa inn til sirka 50 ord i begge desse norvagiseringsrundane (jf. prinsipp 1 og 4 under punkt 5). Fagterminologi behandlar ikkje fagnemnda utan først å ha fått innspel frå aktuelle fagmiljø. Denne avgrensinga krev litt skjønn, og under førebuingane til 2004-saka ville fleirtalet i fagnemnda ikkje rekne f.eks. ordet campus som allmennord, og dermed fall det ut frå forslagslista.
Frå denne kortare ordlista tek ein så vidare bort ord som er samansetningar i engelsk, dvs. der sjølve ordoppbygginga er gjennomsiktig, jf. prinsipp 8. Det gjorde at f.eks. catwalk ikkje var aktuelt å behandle vidare i 2004. Deretter tek ein bort ev. ord for måleeiningar (prinsipp 7) og ord som gjeld berre "saksforhold i engelsktalande land", jf. prinsipp 9.
Lista ein da står att med – i begge desse norvagiseringsrundane var ho på sirka 40 ord – er såleis behandla systematisk og i samsvar med retningslinjene. Forslaga går deretter til årsmøtet, der det oftast blir stemt over kvart enkelt ord. I 2000 godtok årsmøtet nesten alle forslaga frå fagnemnda, i 2004 blei fleire avviste. Dei som passerte, står i listene under pkt. 4 ovafor.
8 Utgreiinga
Utgreiinga Lånte fjører eller bunad? (1997) kan kjøpast frå Norsk språkråd for kr 100.
Ein kan òg hente utgreiinga i pdf-format her (525 kB). Vi gjer merksam på at i denne utgåva manglar nokre av vedlegga.
Ei omarbeidd og utvida utgåve kan kjøpast i bokhandelen:
Sandøy, Helge: Lånte fjører eller bunad? Om importord i norsk. Oslo, 2000. 306 s.
(LNUs skriftserie; nr 136) ISBN 82-02-19684-1 (h.)
9 Lenkjer
Moderne importord i språka i Norden (Prosjekt under Nordisk språkråd): http://moderne-importord.info/
10 Litteratur
Graedler, Anne-Line & Stig Johansson 1997. Anglisismeordboka. Oslo: Universitetsforlaget
Graedler, Anne-Line og Stig Johansson 2002. Rocka, Hipt, og Snacksy. Om engelsk i norsk språk og samfunn. Oslo: Høyskoleforlaget.
Sandøy, Helge 2000. Lånte fjører eller bunad. Om importord i norsk. Oslo: LNU / Cappelen akademisk.
Jamfør også litteraturlista på http://moderne-importord.info/
Helge Sandøy
28. mars 2004