GRESK FOLKELIGHET
I demokratiske land er det folket som styrer, og på skolen har vi lært at demokrati kommer av gresk demos "folk" og kratía, som betyr "styre".
I kirken er det plass til både lek og lærd. Lek er den som ikke er presteviet, altså ulærd, ikke fagutdannet. De ulærde hørte før i tiden til folket, i motsetning til øvrigheten. Ordet lek stammer fra gresk laikos, som er adjektivet til substantivet laos. Og laos betyr i likhet med demos "folk".
LANGTVEKKISTAN OG ANDRE -STAN
Langtvekkistan var opphavleg namnet på eit oppdikta land i Donald Duck, men seinare har det fått tydinga "lite kjent land langt borte" eller "framandt land ein ikkje heilt hugsar namnet på".
Mange innvandrarar kjem frå land med namn som endar på -stan, t.d. Afghanistan, Pakistan, Rajastan. Stan, som tyder "land", kjem frå persisk. Afghanistan tyder beint fram "afghanarlandet", Rajastan tyder "kongelandet" og Pakistan "det reine landet". "Rein" peiker her på islam, som er den rette trua for fleirtalet der i landet.
CORNOUAILLES - KVAR I EUROPA ER DET?
Aviser får meldingar frå utanlandske telegrambyrå, og dersom redaksjonane ikkje er vakne nok, hender det at stadnamn får ei anna form i avisa enn det me er vande med.
Cornouailles er eit slikt døme, og mange nordmenn har vori der. Det er ikkje i Frankrike, slik skrivemåten tyder på, men det franske namnet på Cornwall.
Andre døme (frå engelsk) er Silesia for Schlesien (i Polen), Styria for Steiermark og Carinthia for Kärnten (båe i Austerrike).
EIGENLEG HEITER DEI NOKO HEILT ANNA
Av dei meir enn 150 statane i verda er det berre nokre få som me har noko eigenleg norsk namn på. I dei fleste høva låner me ei nemning.
Det kan vera den nemninga som folket i det landet det gjeld, sjølv nyttar, eller det kan vera eit framandt nedervt namn frå gammal tid.
Døme på latinske nemningar som enno lever, er Albania, Armenia, Georgia og India, som på heimemålet heiter Shqiperia,Hajastan, Sakartvelo og Bharat.