Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Om metoden

Søk i Google
Kartlegginga byggjer på søk i Google i august 2005. Det vart søkt på ordpara "ikkje/ikke" og "frå/fra" etter formelen: søkjeord site:domene. Resultata må tolkast med ein del slingringsmonn. På den eine sida kan det variere kor djupt ned i nettstadene Google går. Datamengda er difor i somme tilfelle lita. Og på den andre sida kan det vere at ikkje alt tilfang som ligg på nettstadene, kjem inn under kravet om minst 25 % nynorsk. I Den norske kyrkja, i undervisningsverksemd og i rettsstellet gjeld mållova berre den administrative delen av verksemda. Nettstadene til somme etatar omfattar også regionale avdelingar, som anten har tenestemål eller er språkleg nøytrale. Vidare kan nettstadene ha tilfang laga av andre og der institusjonen sjølv ikkje har ansvaret for målforma.

Nynorsk på førstesida
14. august gjekk vi inn på nettstadene for å sjå kor mange av dei som hadde tilfang på nynorsk på førstesida, dvs. (1) anten tekstar på nynorsk eller (2) eit menyval eller ein peikar som førte til ein nynorskversjon av førstesida, eller (3) som førte til ein presentasjon av institusjonen på nynorsk.

Skjermmiljø
18. august vart målformer og språk i skjermmiljøet på førstesidene undersøkte. Skjermmiljø vil her seie menyar og knappar på nettstaden. På somme nettstader kan brukarane velje mellom bokmålsmeny og nynorskmeny. Nokre nettstader har somme menypunkt på bokmål, somme på nynorsk. I dei tilfella der ein nettstad hadde eit menypunkt eller ein peikar som førte til ein presentasjon på ei anna målform eller eit anna språk, vart det registrert som ein del av skjermmiljøet. 

Utviklet av Gazette