Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Målbruk 1997–2000 (6)

5 Nynorskkompetansen i statsorgana

Fullgod kompetanse i nynorsk er eitt av vilkåra for at statsorgana kan oppfylle dei krava som mållova stiller. Det følgjer av § 4 i mållova at tilsette som har skriftleg utforming som ein del av tenesta, pliktar å meistre begge målformer. Unntaksreglar er gjevne i § 2 i forskriftene.

Av førearbeida til lova går det fram at tilsette i embete eller statstenestepost der skriftleg utforming er ein del av tenesta, ut frå mållova ikkje pliktar å meistre begge målformer ved tilsetjinga. Men dersom den tilsette ikkje har gode nok kunnskapar i begge mål ved tilsetjinga, må vedkomande syte for å få nødvendig opplæring (jf. Ot.prp. nr. 52 (1978-89) s. 26).

I § 1 tredje ledd i forskriftene er det fastsett at kvart statsorgan har ansvaret for å syte for at dei tilsette innan rimeleg tid får nødvendig opplæring i bokmål og nynorsk.

Norsk språkråd sende i september 2000 ut eit spørjeskjema for å kartleggje nynorskkompetansen i  sentrale statsorgan under departementsnivå. 124 statsorgan leverte svar som kunne tabellførast.

28 % av statsorgana meiner dei har utilstrekkeleg kompetanse i nynorsk.  6 % meiner dei har svært god kompetanse, 66 % at kompetansen er tilstrekkeleg. Dei statsorgana som svara, hadde til saman ca. 8300 saksbehandlarar eller tilsette med skriftleg utforming som ein del av tenesta. Ut frå svara frå statsorgana meistrar 40 % av saksbehandlarane begge målformer. I undersøkinga var ”tilstrekkeleg” og ”utilstrekkeleg” kompetanse ikkje definert. Det kan vere grunn til å spørje om dei statsorgana som svarar at dei har tilstrekkeleg kompetanse i nynorsk, eigentleg har det. Svært mange av desse statsorgana har langt mindre nynorsktilfang enn kva mållova krev.

274 tilsette har fått opplæring i nynorsk i åra 1997–2000. Tala har kvart år variert mellom 31 (2000) og 104 (1998). Gjennomsnitt for kvart år blir 69 tilsette. Opplæringsaktiviteten har vore størst i 1997 og 1998, da til saman 196 tilsette fekk opplæring. I 1999 og 2000 har berre 78 tilsette fått opplæring. I åra 1997–1999 var det kvart år mellom 15 og 18 statsorgan som sytte for at dei tilsette fekk opplæring i nynorsk. I 2000 gjekk talet ned til 8.

Opplæring i nynorsk

År

Personar

Organ

1997

92

16

1998

104

18

1999

47

15

2000

31

8

Sum

274

57

Berre 5 statsorgan opplyser at dei har innarbeidd nynorskopplæring i verksemdsplan eller opplæringsplan.

Samanliknar vi med ei tilsvarande kartlegging som Norsk språkråd gjorde i 1994, er statsorgana si vurderinga av eigen kompetanse i nynorsk om lag som i 1994-kartlegginga, med ein liten framgang. Talet på tilsette som har fått opplæring i nynorsk, har auka sidan 1994 ­– frå i gjennomsnitt 33 til 69 per år. Men sett i lys av statsorgana si vurdering av eigen kompetanse i nynorsk, og i lys av data som tyder på at under halvparten av dei tilsette i statsorgana meistrar begge målformer, er tala svært låge.

Vedlegg

Målbruk i offentleg teneste 1997–2000. Statsorgan grupperte etter departement.

2000 

 

 

1-10 sider

Over 10 sider

 

Institusjonar

Svar

%

Over

25 %

Bok

Nyn

Begge

Sum

%

Over 25 %

Bok

Nyn

Sum

AAD

7

5

24,5

2

537

174

1

712

1,6

0

878

14

892

BFD

9

7

17,4

1

100

6

38

144

1,2

0

3475,5

42,5

3518

FD

35

7

0,0

0

3

 

 

3

0,0

0

30

 

30

FID

3

3

37,7

3

180

105

21

306

11,3

0

2027

258

2285

FIN

7

5

24,1

1

1158

366

3

1527

8,2

0

15996

1431

17427

JD

13

12

23,0

4

229

58

30

317

3,0

1

422

13

435

KRD

10

9

33,8

3

175

81

34

290

13,1

1

1318

199

1517

KD

21

20

22,2

8

1641

447

19

2107

14,5

5

5836

990

6826

KUF

65

37

22,2

8

5545

1457

351

7353

19,1

11

22870,5

5391

28261,5

LD

12

9

26,4

2

752

270

3

1025

17,8

3

5146

1117

6263

MD

7

6

15,5

2

129

22

4

155

0,0

0

1602

 

1602

OED/NHD

11

6

39,8

3

99

65

2

166

22,7

2

398

117

515

SD

7

5

6,3

0

457

27

8

492

1,2

0

1011

12

1023

SHD

15

12

14,9

2

572,5

96,5

10

679

10,4

2

4370

506

4876

UD

1

1

0,0

 

51

 

 

51

0,0

 

540

 

540

Sum

223

144

22,4

39

11598

3170

483

15250

13,5

25

64474

10039

74513

 

 

1999 

 

 

1-10 sider

 

Over 10 sider 

 

Institusjonar

Svar

%

Over 25 %

Bok

Nyn

Begge

Sum

%

Over 25 %

Bok

Nyn

Sum

AAD

7

6

18,4

2

1053

237

2

1292

7,9

1

2772

239

3011

BFD

7

6

3,0

0

80

2

1

83

10,9

1

2078

253

2331

FD

36

6

6,8

0

711

33

40

784

0,6

0

1798

11

1809

FID

3

3

17,6

2

295

63

 

358

12,4

0

1226

174

1400

FIN

6

3

13,2

0

1175

179

1

1355

16,4

0

14968

2942

17910

JD

13

12

17,5

4

268

46

28

342

7,9

2

579

50

629

KRD

10

9

15,3

1

269,5

41,5

18

329

3,3

0

3107

106,5

3213

KD

21

17

15,5

8

481

83

12

576

14,2

3

4570

753,5

5324

KUF

65

33

26,0

12

5066

1754

88

6908

16,0

10

27352

5214

32566

LD

12

10

17,0

2

506

102

5

613

13,2

1

6766

1028

7794

MD

7

7

16,2

3

227

44

0

271

1,2

1

2745

33

2778

OED/

NHD

11

7

37,2

4

356

210

4

570

8,0

1

2400

209

2609

SD

5

5

21,6

2

589

157

15

761

2,7

0

3720

102

3822

SHD

13

12

33,3

1

1383

678

46

2107

17,1

3

5912

1219

7131

UD

1

0

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

0

Sum

217

136

23,0

41

12460

3630

260

16349

13,4

23

79992

12334

92326

 

1998 

 

 

1-10 sider

 

Over 10 sider

 

Institu-sjonar

Svar

%

Over 25 %

Bok

Nyn

Begge

Sum

%

Over 25 %

Bok

Nyn

Sum

AAD

7

6

4,8

1

589

23

14

626

2,0

0

4821

98

4919

BFD

7

3

11,5

1

23

3

0

26

0,6

0

3874

23

3897

FD

37

6

6,2

1

2097

138

 

2235

2,4

0

2089

52

2141

FID

4

2

8,7

0

418

40

 

458

6,6

0

606

43

649

FIN

6

2

9,1

0

624

62

1

687

12,7

0

16447

2393

18840

JD

13

7

31,8

5

104

41

28

173

30,1

2

228

98

326

KRD

10

9

11,8

1

250

29

10

289

3,2

0

3338

112

3450

KD

22

13

29,0

4

1152

424

159

1735

7,4

2

3819

303

4122

KUF

65

25

32,3

10

3169

1456

204

4828

25,5

9

10790

3692

14482

LD

13

6

30,7

2

258

114

2

374

21,8

1

4008

1118

5126

MD

8

5

11,3

0

213

27

0

240

0,9

0

1430

13

1443

OED/NHD

11

7

18,1

4

2747

601

16

3364

3,0

0

2633

82

2715

SD

5

3

14,0

0

511

79

10

600

2,4

0

1234

30

1264

SHD

13

10

16,1

2

493

89

13

595

8,0

1

5871

512

6383

UD

1

0

 

 

 

 

 

0

 

 

 

 

0

Sum

222

104

19,3

31

12648

3126

457

16230

12,3

15

61188

8569

69757

 

 1997

 

1-10 s.

Over 10 s.

 

institu-sjonar

Svar

Pst.

Over 25%

Bok

Nyn

Beg

Sum

Pst.

Over 25%

Bok

Nyn

Sum

AAD

 

5

4,2

1

882

28

22

932

3,8

0

4739

185

4924

BFD

 

4

10,1

0

152

17

 

169

0,5

0

8993

48

9041

FD

 

4

7,5

0

522

20

49

591

3,2

1

1119

37

1156

FID

 

3

30,3

2

166

72

0

238

9,3

0

2204

226

2430

FIN

 

2

10,8

0

263

30

4

297

10,2

0

18724

2120

20844

JD

 

9

7,9

3

821

68

6

895

3,9

0

659

27

686

KRD

 

8

9,8

0

172

16

6

194

6,9

2

1172

87

1259

KD

 

11

36,5

5

230

103

136

469

23,5

3

1896

581

2477

KUF

 

35

41,3

10

3971

2077

677

5844

19,8

7

23288

5765

29053

LD

 

8

16,3

0

264

49

6

319

10,7

1

4481

537

5018

MD

 

4

14,9

1

172

30

0

202

8,1

0

2 062

182

2244

OED/NHD

 

6

17,7

4

724

155

5

889

2,3

0

1122

27

1149

SD

 

4

12,9

0

506

71

10

587

14,8

1

786

137

923

SHD

 

10

13,4

2

346

49

11

406

13,0

2

7247

1082

8329

UD

 

0

 

0

 

 

 

0

 

0

 

 

0

Sum

197

113

27,0

28

9191

2785

932

12032

12,3

17

78492

11041

89533

Vedlegg

Lov om målbruk i offentleg teneste – rutinar for sentrale statsorgan

For å sikre at mållovsreglane blir følgde, må statsorgana etablere enkle og konkrete rutinar.

Sentrale statsorgan under departementsnivå fekk pålegg om å etablere rutinar i brev frå Norsk språkråd 27. januar 1997. Det vart mint om pålegget i nytt brev 25. januar 1998, vidare i brev 3. juni 1999. Det har seinare vore mint jamleg om etablering og skjerping av rutinar i samband med utsending av rapportskjema og tilbakemelding på målbruksrapportane.

I rådgjevinga legg Norsk språkråd dette til grunn:

1 I store institusjonar som har avdelingar, må kvar avdeling ha ansvar for å oppfylle krava i mållova. Dersom kvar avdeling ikkje har eit sjølvstendig ansvar for å syte for veksling mellom målformene, blir ansvaret pulverisert.

2 Den øvste leiinga for institusjonen har likevel ansvar for at institusjonen som heilskap følgjer reglane.

3 Reglane bør vere enkle. Statsorgan som brukar mest bokmål, kan t.d. ha ein regel om at tredje kvar pressemelding skal vere på nynorsk, og tilsvarande reglar for rundskriv, lysingar, brosjyrar og andre tekstar. Somme statsorgan har slike reglar i dag. (Vi ser her bort frå eventuelt tilfang med særleg tilknyting til eit geografisk avgrensa område, der det gjeld eigne reglar.)

4 Praktiseringa av reglane må følgjast opp. Statsorganet må følgje utviklinga i løpet av året og gjere opp status kvart halvår, slik at veikskapar kan rettast opp før året er omme. I dei nye rapportskjemaa, som vart tekne i bruk frå og med rapportåret 1997, skal status både for 1. og 2. halvår førast opp.

5 Institusjonar som har informasjonsplanar, bør innarbeide veksling mellom målformene i planen. Institusjonar som har opplæringsplanar, bør etter behov innarbeide opplæring i nynorsk i planen.

Vi viser særleg til pkt. 3 om veksling mellom bokmål og nynorsk i rundskriv, lysingar, brosjyrar o.l.

(Teksten byggjer brev frå Norsk språkråd 27. januar 1997.)

| Del 1 | Del 2 | Del 3 | Del 4 | Del 5 |

Utviklet av Gazette