Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Rundskriv V-50/88 (utdrag)

[Dei aktuelle avsnitta frå rundskrivet er desse:]

Tidsskrift, blad og andre større publikasjonar, også i bokform, som blir laga og gitt ut av statsorgan, kjem inn under § 8 i mållova. I slike publikasjonar er det rimeleg at forfattaren avgjer målforma i signerte artiklar. Redaksjonelt stoff skal veksle mellom målformene slik at ingen av dei over ei viss tid er representert med mindre enn 25 % dersom desse publikasjonane blir laga av sentrale statsorgan.

Kyrkje- og undervisningskomiteen uttalte elles i samband med behandlinga av St.meld. nr. 27 for 1986–87, Målbruk i offentleg teneste, følgjande om dette spørsmålet:

Komiteen reknar imidlertid med at faste redaksjonsmedlemer kjem inn under § 4 i lova og såleis har plikt til å meistra båe målformer når skriftleg utforming er ein del av arbeidet. Komiteen finn det rimeleg at det er redaktøren sitt ansvar å syte for ei rimeleg fordeling mellom dei to målformene også for signerte artiklar når desse er skrivne av faste redaksjonsmedlemer. Der redaksjonen består berre av ein person finn komiteen det rimeleg at denne har eit ansvar for å tinge stoff på ein slik måte at det også her kan bli ei rimeleg fordeling mellom målformene.»


 

Utviklet av Gazette