Teksten oppsummerer dei viktigaste reglane
i lov om målbruk offentleg teneste
og forskriftene til lova.
1 Dersom det ikkje høver med den same namneforma på bokmål og nynorsk, skal namnet på eit statsorgan ha ei bokmålsform og ei nynorskform. (f § 4)
2 Skjema skal liggje føre og vere tilgjengelege i begge målformer. (l § 8,4)
3 Private rettssubjekt, dvs. alle andre enn offentlege instansar, skal ha svar på den målforma som er nytta i det innkomne skrivet. Private rettssubjekt kan krevje ei viss målform i alle løyve, faste formular o.l. som direkte gjeld dei sjølve. (l § 6,1)
4 Rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l. som organet lagar, skal vere i fleirtalsmålforma for tenestekrinsen. I språkleg nøytrale område skal slikt tilfang veksle mellom målformene slik at det blir eit rimeleg samhøve mellom dei. For tilfang med særleg tilknyting til ein eller fleire kommunar gjeld eigne reglar. (l § 8,2, f § 7,2)
5 Tilfang med særleg tilknyting til ein kommune skal vere i den målforma kommunen har gjort vedtak om å krevje. (l § 8,3)
6 Tenestemålet for eit regionalt statsorgan skal samsvare med fleirtalsmålforma for kommunane i tenestekrinsen. (f § 5,2)
7 I skriv frå det regionale statsorganet til lokale statsorgan skal tenestemålet til det lokale statsorganet nyttast. I skriv frå det regionale statsorganet til alle andre statsorgan skal tenestemålet til det regionale statsorganet nyttast. Regionale statsorgan med tenestemål kan veksle mellom målformene i tilfang med særleg tilknyting til ein eller fleire nøytrale kommunar i tenestekrinsen. (f § 5,2, f § 6,3)
8 Tilsette i embete eller tenestepost i staten der skriftleg utforming er del av tenesta, pliktar å nytte bokmål og nynorsk etter dei reglane som til kvar tid gjeld for målbruk i statstenesta. (l § 4,1)
9 Kvart statsorgan har ansvaret for at dei tilsette innan rimeleg tid får nødvendig opplæring i bokmål og nynorsk. (f § 1,3)
10 Kvart statsorgan har plikt til å syte for at reglane om målbruk i offentleg teneste blir følgde. (f § 1,2)
Tilvisingar:
l = lov om målbruk i offentleg teneste
f = forskrift om målbruk i offentleg teneste
Døme: (l § 8,1) = lov om målbruk
i offentleg teneste § 8 første ledd
Forklaringar:
«Fleirtalsmålforma er den målform som flest kommunar har kravt. Det er ikkje noka fleirtalsmålform dersom over halvparten av kommunane er språkleg nøytrale. Det same gjeld dersom like mange kommunar har kravt bokmål som nynorsk.» Mållova § 7 andre ledd.