Dei reglane i mållova som sentrale statsorgan, dvs. statsorgan med heile landet som tenestekrins, har mest bruk for, kan samanfattast slik:
1 Statsorgan med heile landet som tenestekrins skal syte for at rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l. vekslar mellom målformene slik at ingen av dei to målformene er representert med mindre enn 25 prosent.
2 Tilfang med særleg tilknyting til eit geografisk avgrensa område skal vere i fleirtalsmålforma for området, og tilfang med særleg tilknyting til ein kommune skal vere i den målforma kommunen har gjort vedtak om å krevje frå statsorgan.
3 Skjema skal liggje føre og vere tilgjengelege på begge målformer.
4 Private rettssubjekt, dvs. alle andre enn offentlege organ, skal ha svar frå eit statsorgan i den målforma dei sjølve har nytta i brevet til statsorganet.
5 Private rettssubjekt kan krevje ei bestemt målform i alle løyve, faste formular o.1. som gjeld dei sjølve.
6 Statsorgana har plikt til å syte for at dei tilsette innan rimeleg tid får opplæring i bokmål og nynorsk.
7 Tilsette i embete eller statstenestepost der skriftleg utforming er ein del av tenesta, pliktar å nytte bokmål og nynorsk etter dei reglane som til kvar tid gjeld for målbruk i statstenesta.