Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Målbruk i offentleg teneste – reglar og råd

INNHALD

 

REGELVERK 

1 INNLEIING

«Tilsette i embete eller statstenestepost der skriftleg utforming er ein del av tenesta, pliktar å nytte bokmål og nynorsk etter dei regIane som til kvar tid gjeld for målbruk i statstenesta», heiter det i § 4 første ledd i mållova. Og i § 1 første ledd i forskriftene er det slått fast at kvart statsorgan har plikt til å syte for at reglane blir følgde.

Statistikken over målbruk i statstenesta viser at desse to grunnleggjande reglane ikkje blir etterlevde. Vi reknar med at det er tre hovudårsaker til dette:

  • manglande rutinar og metodar for måljamstillingsarbeid
  • manglande kjennskap til og forståing for regelverket
  • utilstrekkelege nynorskkunnskapar.

Her har vi samla ein del av dei opplysningane om måljamstilling som ein til vanleg har bruk for.

[Til toppen]

2 DEFINISJONAR

Målvedtak
Etter § 5 i lova kan eit kommunestyre eller eit fylkesting gjere vedtak om å krevje ei viss målform i skriv frå statsorgan, eller vedta at kommunen eller fylkeskommunen skal vere språkleg nøytral. Kommunar og fylkeskommunar som ikkje har gjort vedtak om målform, blir også rekna som språkleg nøytrale.

Administrasjonsmål
Administrasjonsmål er den målforma ein kommune eller fylkeskommune vedtek å bruke i sin eigen administrasjon. Det er oftast, men ikkje alltid, samsvar mellom administrasjonsmålet og den målforma kommunen har gjort vedtak om etter § 5 i lova. Vedtak om kommunalt administrasjonsmål er ikkje vedtak etter mållova, og klager over målbruk i kommunar og fylkeskommunar må rettast til kommunen eller fylkeskommunen,

Tenestemål
Tenestemålet til eit lokalt statsorgan er den målforma vertskommunen har gjort vedtak om etter § 5 i lova. Er vertskommunen språkleg nøytral, er også det lokale statsorganet språkleg nøytralt.

Tenestemålet til eit regionalt statsorgan er fleirtalsmålforma i tenestekrinsen. Er det inga fleirtalsmålform i tenestekrinsen, er det regionale statsorganet språkleg nøytralt.

Sentrale statsorgan har ikkje fastsett tenestemål, og dei er derfor språkleg nøytrale.

Fleirtalsmålform
Fleirtalsmålform er den målforma eit fleirtal av kommunane i tenestekrinsen har gjort vedtak om etter § 5 i lova. Det er inga fleirtalsmålform dersom meir enn halvparten av kommunane er språkleg nøytrale eller det er like mange bokmåls- som nynorskkommunar.

Dersom tenestekrinsen berre har to kommunar og den eine av dei er språkleg nøytral, er «fleirtalsmålforma» den målforma den andre kommunen har gjort vedtak om.

Geografisk avgrensa område
Etter § 8 i lova kan det vere

  • ein kommune
  • fleire kommunar, men ikkje alle
  • eitt fylke
  • fleire fylke, men ikkje alle

Tenestekrins
Lokale statsorgan har ein kommune som tenestekrins (t.d. trygdekontor, likningskontor).

Regionale statsorgan har fleire kommunar, men ikkje alle i landet, som tenestekrins (t.d. sorenskrivar og fylkesmann).

Sentrale statsorgan har heile landet som tenestekrins (t.d. departement, direktorat, universitet og høgskolar).

Parallellutgåve
Det vil seie at det blir laga både nynorsk- og bokmålsutgåve.

Parallelltekst
Det vil seie bruk av både bokmål og nynorsk på til dømes same skjema eller blankett.

Private rettssubjekt
Private rettssubjekt er alle andre enn offentlege organ. Uttrykket omfattar såleis enkeltpersonar, organisasjonar, private institusjonar og firma.

[Til toppen]

 

3 NÆRMARE OM REGLANE I LOVA OG FORSKRIFTENE

3.1 Målbruk i skriv
Uttrykket skriv tyder i dei reglane som er omtala nedanfor, skriv til adressat, dvs. brev.

3.1.1 Skriv til privat rettssubjekt (§ 6 første ledd i lova)
Private rettssubjekt skal ha svar i den målforma dei har nytta i brevet sitt til statsorganet. Kjenner ikkje statsorganet språkønsket til private, står det fritt i val av målform. Det vil ofte vere tilfellet når statsorganet er den parten som først sender brev. Men dersom målønsket er kjent på annan måte, skal statsorganet også i slike brev rette seg etter målønsket til vedkommande. Sender ein t.d. brev til Noregs Mållag, kan ein av formålet til organisasjonen vite at det er nynorsk som skal brukast.

3.1.2 Skriv til kommunar og fylkeskommunar (§ 6 andre og tredje ledd i lova)
I skriv til ein kommune eller fylkeskommune skal alle statsorgan bruke den målforma det er gjort vedtak om etter § 5 i lova. Er kommunen eller fylkeskommunen språkleg nøytral, står statsorganet fritt i val av målform. Rundskriv og anna tilfang utan adressat kjem inn under § 8 i lova.

3.1.3 Skriv mellom statsorgan (§ 5 i forskriftene)
Sentrale statsorgan er språkleg nøytrale, og skal rette seg etter målbruken i regionale og lokale statsorgan.

Eksempel: Eit departement som skriv til eit lokalt statsorgan, skal bruke den målforma vertskommunen har kravd i tilfang frå statsorgan. Har ikkje kommunen gjort vedtak om målform, eller dersom kommunen har sagt seg nøytral, står departementet fritt.

Eit departement som skriv til eit regionalt statsorgan, skal bruke fleirtalsmålforma i tenestekrinsen, dvs. den målforma flest kommunar har kravd. I skriv til nøytrale statsorgan står departementet fritt i val av målform.

Fleirtalsmålforma i tenestekrinsen er altså tenestemålet til regionale statsorgan. Det skal brukast i skriv til alle statsorgan, bortsett frå skriv til lokalt statsorgan i kommune som har gjort vedtak om den andre målforma.

Lokalt statsorgan skal bruke den målforma vertskommunen har vedteke, som sitt tenestemål i skriv til alle andre statlege organ. Har ikkje kommunen gjort vedtak om målform, står det lokale statsorganet fritt.

3.2 Målbruk i skjema, blankettar, faste formular o.l.
Skjema som skal brukast av andre enn organet/etaten sjølv, skal liggje føre og vere tilgjengelege i begge målformer. Dette vil t.d. seie at dersom skjemaet ligg framme for publikum, skal både nynorsk- og bokmålsutgåva vere framlagd. Blankettar som skal fyllast ut av publikum, blir rekna som skjema.

Skal skjema sendast ut til privatpersonar utan at ein kjenner målønsket til mottakarane, bør ein så langt råd er sende ut skjema i begge målformer. Dersom dette er upraktisk pga. omfang eller av andre årsaker, kan ein følgje kommunevedtaka om målform, men da bør det opplysast korleis mottakaren kan skaffe seg skjema i den andre målforma.

Der det let seg gjere, rår vi til at skjema er tospråklege, med bokmål på den eine sida, nynorsk på den andre, eller med begge målformer parallelt i teksten. Rettleiing for utfylling av skjemaet bør også vere i begge målformer for å unngå mistydingar.

Etter § 6 første ledd siste punktum i lova kan private rettssubjekt krevje å få løyve, faste formular o.l. i si eiga målform. Eksempel på slike dokument er attestar, vitnemål, førarkort, førelegg. Slike dokument er det ikkje naturleg å kalle svar frå det offentlege, og det er heller ikkje skjema som skal fyllast ut av den einskilde, men av offentleg organ eller tenestemann. Løyvet eller formularet må direkte gjelde den aktuelle privatpersonen. Oftast vil han/ho vere namngitt i sjølve dokumentet. Slike dokument må derfor lagast i begge målformer.

Når privat rettssubjekt får hjelp i eit statsorgan til å setje opp eit skriv, er skrivet å rekne som eit skriv frå det private rettssubjektet. Tenestemannen som set opp skrivet, har ikkje plikt til på eige initiativ å undersøkje spørsmålet om målønske. Men dersom den private parten ønskjer at skrivet skal vere i ei bestemt målform, har tenestemannen plikt til å nytte den målforma. Gjeld det utfylling av skjema, blankett o.l., skal skjemaet eller blanketten også vere i den same målforma.
Det same vil gjelde dersom det på annan måte går klart fram at den private parten ønskjer skrivet i ei bestemt målform.

Eit anna spørsmål som gjeld blankettar og formular som blir fylte ut av statsorgan, er om det er tilstrekkeleg at sjølve formularet er i rett målform, eller om det også skal fyllast ut i den målforma vedkommande private rettssubjekt ønskjer. Som eksempel kan nemnast vitnemål og førelegg. Her vil det vere tale om ei melding frå det offentlege til det private rettssubjektet, og regelen i § 6 første ledd første og andre punktum vil gjelde. Her er det fastsett at statsorgan skal svare på skriv frå privat rettssubjekt i den målforma som er nytta i skrivet. Er målforma til vedkommande ukjend, står statsorganet fritt i val av målform.

3.3 Målbruk i tilfang etter § 8 i lova
§ 8 første og andre ledd i mållova gjeld for ei stor og ueinsarta gruppe tilfang, i praksis alt som kjem inn under mållova med unntak av skriv til adressat, skjema eller løyve, faste formular o.l. Som eksempel er nemnt rundskriv, kunngjeringar og informasjonstilfang, men reglane omfattar dessutan alt frå frimerke til stortingsmeldingar, laga av små og store sentrale, regionale og lokale statsorgan. For at lovreglar som omfattar så mykje ulikt, skal fungere, er det nødvendig. med både unntaksregel og forskrifter.

3.3.1 § 8 første ledd. Tilfang laga av sentrale statsorgan
Første ledd gjeld sentrale statsorgan, dvs. organ som i utgangspunktet har heile landet som tenestekrins (som ikkje har eit geografisk avgrensa tenesteområde), t.d. departement, direktorat, universitet og høgskolar. Slike sentrale organ er språkleg nøytrale, dei har ikkje eige tenestemål, og skal rette seg etter målbruken i regionale og lokale organ.

Hovudregelen er at det skal vekslast mellom målformene i skriv som kjem inn under føresegna, slik at ingen av målformene blir representert med mindre enn 25 % (§ 6 i forskriftene). Dersom det einskilde organet finn grunn for det, kan det lagast parallellutgåver. Dette bør t.d. gjerast dersom terminologien er svært ulik i dei to målformene, eller det er viktig tilfang som skal brukast over lang tid eller i undervisning.

Dersom tilfanget har særleg tilknyting til eit geografisk avgrensa område, skal fleirtalsmålforma for området nyttast. Med særleg tilknyting meiner vi at innhaldet gjeld tilhøve innanfor området, t.d. utlysing av stillingar i regionale statsorgan, eller kunngjeringar som gjeld regionale tilhøve. Dersom tenestekrinsen ikkje har fleirtalsmålform, skal det som hovudregel vekslast mellom målformene, men etter femte ledd kan departementet gjere unntak frå denne regelen.

Eksempel: Justisdepartementet lyser ut stilling som dommarfullmektig i Indre Sogn. Denne lysinga skal vere på nynorsk, fordi kommunane i tenestekrinsen har gjort vedtak om nynorsk etter § 5 i lova. At lysinga eventuelt står i ei avis der nedslagsfeltet har ei anna målform, eller i Norsk lysingsblad, og rettar seg til søkjarar frå heile landet, endrar ikkje valet av målform.

3.3.2 § 8 andre ledd. Tilfang laga av regionale statsorgan
Andre ledd gjeld regionale statsorgan. I prinsippet gjeld det også lokale statsorgan, sjølv om uttrykket fleirtalsmålform er brukt, men i praksis har dette lite å seie då lokale statsorgan sjeldan lagar tilfang som kjem inn under regelen.

Har organet fastsett tenestemål (fleirtalsmålforma for regionale statsorgan / den målforma kommunen har vedteke etter § 5 for lokalt statsorgan), skal dette nyttast i tilfang som kjem inn under føresegna. Er statsorganet språkleg nøytralt, skal det vekslast mellom målformene slik at det blir eit rimeleg samhøve mellom dei. Kva som er rimeleg samhøve, må vurderast ut frå språkgrunnlaget i tenestekrinsen. Har eit regionalt statsorgan berre bokmålskommunar og nøytrale kommunar i tenestekrinsen, er det rimeleg at det blir brukt meir bokmål enn nynorsk.

§ 6 tredje ledd i forskriftene
Etter § 6 tredje ledd i forskriftene kan regionale statsorgan med fastsett tenestemål likevel veksle mellom målformene i tilfang med særleg tilknyting til ein eller fleire nøytrale kommunar i tenestekrinsen. Nøytrale kommunar har i prinsippet sagt seg interesserte i å ta mot tilfang i begge målformer. Det ville derfor vere urimeleg om det berre kunne brukast ei målform i tilfang med særleg tilknyting til desse kommunane. Korleis vekslinga skal gjennomførast, må vurderast på grunnlag av den faktiske målbruken på staden. I Bergen er det t.d. ei stor gruppe som brukar nynorsk, ei anna stor gruppe som brukar bokmål. I Lesja og Dovre brukar nok dei fleste nynorsk.

I tilfang med særleg tilknyting til fleire kommunar som har gjort vedtak om same målform, kan eit regionalt statsorgan bruke denne målforma sjølv om ho ikkje samsvarer med tenestemålet til det regionale statsorganet. Lagar t.d. fylkesmannen i Oppland tilfang med særleg tilknyting til fleire nynorskkommunar, kan dette vere på nynorsk, sjølv om fylkesmannens tenestemål er bokmål.

[Til toppen]

4 ANDRE SPRÅKSPØRSMÅL

4.1 Målform – målføre
Ofte ser vi at omgrepa målform og målføre blir blanda saman. Det er to offisielle målformer i Noreg, bokmål og nynorsk. Målføre tyder det same som dialekt, og dialektar har vi mange av. Målføre kan altså ikkje brukast om nynorsk og bokmål.

4.2 Namn på statsinstitusjonar i begge målformer (§ 4 i forskriftene)
Statsinstitusjonar og andre statlege organ skal ha namneformer både på bokmål og nynorsk dersom det ikkje høver med ei felles namneform. Namneformene blir fastsette av vedkommande departement i samråd med det aktuelle organet. Eit oversyn over statsorgan med ulik namneform på bokmål og nynorsk finn du i rundskriv V-10/2001.

Dei språkfaglege konsultasjonsrutinane ved namnelaging i staten er presiserte i rundskriv V-11/2007.

4.3 Læreboknormalen
Med kgl.res. 24. juli 1981 vart det fastsett at læreboknormalen skal følgjast i statstenesta. Dette vil seie at statstilsette må bruke hovudformene. Klammeformene (sideformene) er ikkje tillatne.

4.4 Stadnamn
Reglar for fastsetjing av skrivemåten for stadnamn er gitt i lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn og i forskriftene til lova. Det er oppretta eit sentralt stadnamnregister. Når skrivemåten for eit stadnamn er fastsett etter lova og ført inn i stadnamnregisteret, skal skrivemåten brukast i alle offentlege organ, selskap som det offentlege eig fullt ut, og stiftingar som er oppretta av det offentlege. Det same gjeld for stadnamn i godkjenningspliktige lærebøker og læremiddel utgitt med statsstøtte.

[Til toppen]

5 MÅLJAMSTILLING I PRAKSIS

5.1 Ansvaret for måljamstillingsarbeidet
I rundskriv V-12/87 la departementet fram ein del administrative tiltak. Der foreslo vi også at ansvaret for måljamstillingsarbeidet i eit organ skulle leggjast til kontor eller avdeling for administrative fellessaker eller tilsvarande i kvart statsorgan. I små organ utan slikt kontor / slik avdeling bør ein av dei tilsette ha ansvaret.

I praksis vil dette seie at vedkommande kontor, avdeling eller person, i samarbeid og samråd med leiinga for organet, har til oppgåve å

  • informere om målbruksreglane
  • syte for at tilsette får nødvendig opplæring i norsk, bokmål og nynorsk
  • utarbeide rutinar som skal sikre ei målfordeling som er i samsvar med gjeldande regelverk
  • syte for at skjema og blankettar ligg føre og blir fordelte / sende ut i begge målformer
  • registrere målbruken i organet.

5.2 Informasjon
Det er viktig at alle tilsette som skal praktisere mållova, har tilstrekkeleg informasjon om regelverket. Særleg er det viktig at nytilsette får nødvendig opplæring. Mållova med forskrifter og relevante rundskriv må delast ut saman med informasjon om dei rutinane som skal følgjast.

Språkrådet har i samråd med Kulturdepartementet utarbeidd eit informasjonsopplegg som Språkrådet gjerne reiser rundt og gjennomfører for større eller mindre grupper tilsette. Tiltaket er kostnadsfritt for dei statsorgana som nyttar seg av tilbodet. Opplegget kan tilpassast behova i dei ulike statsorgana.

5.3 Opplæring
Etter § 1 tredje ledd i forskriftene om målbruk i offentleg teneste har kvart statsorgan plikt til å syte for at dei tilsette innan rimeleg tid får nødvendig opplæring i bokmål og nynorsk. Dette er ein logisk konsekvens av det kompetansekravet at alle skal kunne bruke begge målformene.

Manglande nynorskkunnskapar blir ofte oppgitt som årsak til at nynorskprosenten er for låg. Viktige oppgåver for leiinga i statsorgan er derfor å kartleggje nynorskkompetansen og motivere for deltaking på kurs i nynorsk.

5.4 Rutinar
5.4.1 Registrering
For å ha eit konkret utgangspunkt for måljamstillingsarbeidet er det nødvendig at ein først registrerer korleis fordelinga mellom målformene faktisk er, og samanliknar dette med korleis det skulle ha vore etter reglane. Oppgåva er å vurdere om den faktiske situasjonen er i samsvar med dei fastsette krava.

Dersom ei av målformene blir brukt for lite, bør det lagast ein plan og leggjast opp interne rutinar for korleis målbruken skal komme i samsvar med reglane. Nedanfor skal vi gå nærmare inn på dei ulike typane av dokument.

Kulturdepartementet skal kvart år ha ei oversikt over målbruken i departementa. Språkrådet innhentar rapport om målbruken i direktorata og andre statsorgan.

5.4.2 Skjema, blankettar, faste formular o.l.
Skjema til ekstern bruk skal etter § 8 fjerde ledd i lova liggje føre i begge målformer. Det same gjeld for blankettar, faste formular o.l. etter § 6 første ledd siste punktum.

Det er tre måtar å oppfylle dette kravet på:

  • lage ei bokmåls- og ei nynorskutgåve, dvs. parallellutgåver
  • lage ei utgåve med bokmålstekst på den eine sida og nynorsktekst på den andre
  • lage ei utgåve med bokmåls- og nynorsktekst, jf. pass og nokre av blankettane til Posten Noreg, dvs. parallelltekst.

Her må ein vurdere kva som høver best ut frå tekst og økonomi.

5.4.3 Veksling eller parallellutgåver?
Som nemnt ovanfor gjeld § 8 første ledd i lova alt tilfang som kjem inn under lova, med unntak av brev, skjema og løyve, faste formular o.l.

Hovudregelen her er at det skal vekslast mellom målformene slik at ingen av dei er representert med mindre enn 25 %. For det meste av tilfanget som kjem inn under regelen, er dette både den billigaste og den minst tidkrevjande måten.

Meldingar og proposisjonar, årbøker/årsrapportar, forelesingskatalogar og studieplanar, handbøker, større brosjyrar og rundskriv er eksempel på tilfang som ikkje bør lagast i begge målformer.

Når det skal avgjerast om noko skal givast ut i begge målformene, bør ein vurdere om

  • publikasjonen rettar seg mot eit stort publikum og skal brukast over lengre tid
  • publikasjonen skal brukast i undervisninga i skoleverket
  • publikasjonen inneheld viktig informasjon til mottakarar/målgrupper
  • viktig terminologi er ulik i dei to målformene.

5.4.4 Avgjerd om målform i tilfang etter § 8 første ledd i lova
I utgangspunktet bør kvar avdeling eller anna større eining innanfor eit organ ha eit sjølvstendig ansvar for at kravet til måljamstilling blir oppfylt, sjølv om det er den samla produksjonen i organet som blir vurdert ved årsskiftet. På den måten unngår ein både at nokre avdelingar skuvar ansvaret over på dei andre, og at ein eventuelt oppdagar ein altfor låg nynorskprosent for heile organet seint på året. Det må elles leggjast opp interne samordningsrutinar for val av målform, slik at den som lagar tilfanget, ikkje kan avgjere målforma utan å ta omsyn til den faktiske prosentfordelinga på årsbasis.

Når det gjeld proposisjonar og meldingar, bør den samla produksjonen i departementet sjåast under eitt. Vi har fått opplyst at fleire departement vurderer målbruken i desse dokumenta i samband med at oversiktslistene til Statsministerens kontor blir sette opp. Dette synest vere eit godt utgangspunkt for å sikre at minst 25 % av desse dokumenta blir laga på nynorsk.

Vi gjer særleg merksam på kravet til veksling i tidsskrift og andre større publikasjonar, jf. rundskriv V-50/88.

5.4.5 Avgjerd om målform i tilfang etter § 8 andre ledd (rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l.)
Regionale statsorgan med fastsett tenestemål (fleirtalsmålforma i tenestekrinsen) skal bruke denne målforma i alt slikt tilfang, dersom det ikkje har tilknyting til ein kommune som har gjort vedtak om den andre målforma.

Regionale statsorgan som er språkleg nøytrale, skal veksle mellom målformene slik at det blir eit rimeleg samhøve mellom dei. Kva som er rimeleg samhøve, må vurderast ut frå målbruken i tenestekrinsen. Denne vurderinga og dermed fastsetjing av kva for målform som skal brukast, kan gjerast på same måten som for tilfang etter § 8 første ledd.

Generelt er det klokt å ha ein plan for målbruk som gjer at ein har god oversikt over året, og tilstrekkeleg med opplysningar t.d. kvart kvartal, slik at ein kan vurdere prosentfordelinga etter kvart, og ikkje kjem i den situasjonen at det meste av nynorsktilfanget må skrivast i siste kvartal.

[Til toppen]

6 RÅD OG HJELP

Dersom du står fast i språklege spørsmål av ein eller annan art, er det fleire instansar som kan hjelpe.

6.1 Kultur- og kyrkjedepartementet
Kultur- og kyrkjedepartementet administrerer mållova og fører tilsyn med målbruken i departementa. Alle tolkingsspørsmål skal leggjast fram for departementet. Departementet behandlar også klagesaker. Kvart fjerde år blir det utarbeidd ei stortingsmelding om lov om målbruk i offentleg teneste.

Departementet svarar også på telefonførespurnader om alle delar av regelverket. Kontaktperson: Seniorrådgivar Ingvar Engen, Kultur- og kyrkjedepartementet, Postboks 8030 Dep, 0030 Oslo. Tlf. 22 34 80 31.

6.2 Språkrådet
Frå 1994 oversførte Kulturdepartementet til Norsk språkråd visse informasjons- og tilsynsoppgåver i samband med mållova, for dermed å styrkje arbeidet med å sikre ei meir reell likestilling mellom nynorsk og bokmål. Det nye Språkrådet fører desse oppgåvene vidare.

Arbeidet til Språkrådet omfattar m.a.:

  • munnleg og skriftleg informasjon om målbruksreglane
  • praktiske råd om korleis måljamstillingsarbeidet bør leggjast opp i dei enkelte statsorgana
  • svar på spørsmål om regelverket
  • innhenting og samanstilling av opplysningar om den faktiske målbruken i statsorgan frå direktoratsnivå og nedover
  • oppfølging av brot på mållova

Språkrådet gir elles råd i språkspørsmål, skriftleg og munnleg. Språkrådet kan mellom anna svare på spørsmål om rettskriving, grammatikk, fagtermar, ordval, nyord og tekniske skrivereglar. Så langt det er tid til det, kan sekretariatet også lese gjennom tekster og gi rettleiing om språket. Dette gjeld særleg kortare tekster eller delar av ei lengre tekst. Språkrådet kan også formidle kontakt til personar som tek på seg slike oppdrag mot betaling, og som omset frå bokmål til nynorsk.

6.3 Namnekonsulenttenesta
Kulturdepartementet oppnemner stadnamnkonsulentar for norske, samiske og finske stadnamn. Namnekonsulentane skal gi rettleiing og råd om skrivemåten av stadnamn til statlege, kommunale og fylkeskommunale organ.

Namnekonsulentane blir oppnemnde for seks år om gongen. Departementet oppnemner åtte stadnamnkonsulentar for norske stadnamn og ein for finske, medan Sametinget oppnemner tre konsulentar for samiske stadnamn. Stadnamna blir førte inn i det sentrale stadnamnregisteret. Registeret har adressa: Sentralt stadnamnregister, Statens kartverk, 3507 Hønefoss. Tlf. 321181 00.

[Til toppen]

7 MEIR OM REGELVERKET

7.1 Kvar finn du reglane?
Reglane om målbruk i statstenesta finn du i lov 11. april 1980 nr. 5 (mållova) med forskrifter.  Dei står også i Personalhandboka og i Norges Statskalender.

7.2 Andre viktige kjelder
Målvedtak i kommunar og fylkeskommunar blir kunngjorde i Norsk lysingsblad og Norsk lovtidend. Vedtaka ligg på Lovdata på nettet. Dei er også tekne inn i Personalhandboka og Statskalenderen. Det er viktig at ein ikkje brukar forelda lister.

Sigve Gramstad og Kåre Lilleholt har gitt ut ei kommentarutgåve til mållova: Lov om målbruk i offentleg teneste med kommentarar. Universitetsforlaget. Oslo 1983. (Merk at det er gjort endringar i § 8 i lova og §§ 6 og 7 i forskriftene etter 1983.)

[Til toppen]

Sist oppdatert 5. august 2010

 

Meir informasjon

 

Denne framstillinga av mållova er henta frå brosjyren «Målbruk i offentleg teneste – reglar og råd», Kulturdepartementet 1995. Språkrådet har ajourtført teksten og tilpassa han nettet.

 

Kortversjon av reglane

 

Desse kortversjonane er utarbeidde av Språkrådet.

 

Aktuelt

 

 

Utviklet av Gazette