Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Brev i feil målform, § 6

I mållova § 6 første ledd er det fastsett: «Statsorgan skal svare på skriv frå private rettssubjekt i den målforma som er nytta i skrivet. Dersom ein ikkje kjenner målønsket til vedkommande, står statsorganet fritt i val av målform.»

Når du skriv til statsorgan, har du krav på svar i same målform som du har nytta i brevet, e-posten eller skjemaet.

Regelen gjeld private rettssubjekt, det vil seie privatpersonar, private firma og organisasjonar.

Får du brev på feil målform, kan du klage til det overordna organet. Kopi av klagen sender du til statsorganet sjølv og til Språkrådet.

Gjeld klagen eit departement, skal klagen sendast til Kultur- og kyrkjedepartementet.


 

Utviklet av Gazette