Les meir
Skrive om lova
«Det er dokumentert utførleg at lova aldri vart gjennomført som ho skulle ha vore etter føresetnadene, i dei femti åra ho galdt. Men forklaringane på dette har vore standardsvar, bundne til språkpolitisk syn; frå bokmålssynsstad er det hevda at lova var upraktisk og dessutan eit overgrep mot den retten kvar einskild har til å nytta sitt eige mål, frå nynorsksynsstad er det hevda at lov og føresegner i og for seg var greie, men det skorta på godvilje og lojalitet hos statens embets- og tenestemenn.
[...] Det syner seg at politikarane nok var villige til å vedta ei mållov; men eit fleirtal våga ikkje å gje lova reglar som kunne gjera ho effektiv, av omsyn til veljarane. Her var det spørsmålet om arbeidsmarknaden som spela inn. Vidare er det klart at statsadministrasjonen i mellomkrigstida på mange måtar var stiv, gammaldags og lite rasjonell på den kontortekniske sida, medan målbruksføresegnene føresette oversyn, plan og kontroll. Det var derfor ikkje rart at det gjekk tungt å få gjennomført reglane. [...] Mot slutten av tiåret er det likevel tydeleg at mykje var oppnådd for nynorsken som administrasjonsmål.»
(Oddrun Grønvik: Målbruken i offentleg teneste i tida 1930–1940. Det Norske Samlaget 1987, s. 286)