Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

H.E. Berner: Vakthaldet um det norske maalet. 1917

OmslagH.E. Berner: Vakthaldet um det norske maalet. Oslo 1917. Utgjeve av Studentmaallaget

Teksten er i jpg-format. Kvart dokument er ca. 180 kB.

Originalformatet er 11,3 x 17,5 cm.

Dokumenta vert opna i eit nytt vindauge. For å få biletfilene i full storleik må ein i somme nettlesarar plassere muspeikaren på høgre hjørnet nedst på biletet og klikke på det ikonet som då kjem til synes.

Omslag 8–9 16–17
2–3 10–11 18–19
4–5 12–13 20
6–7 14–15

Om forfattaren


Hagbard Emanuel Berner
(1839–1920). Fødd i Sunndal. Politikar og publisist. Cand.jur. 1863, statsrevisor 1871–98, stortingsrepresentant 1880–88, medlem av styret i Hypotekbanken 1884–99, borgarmeister i Kristiania 1892–1912. Fekk 1865 gullmedalje frå Universitetet for ei avhandling om dei framande kjeldene til Grunnlova. Var i ungdomen med i Døleringen rundt A.O. Vinje, skreiv i Henrik Krohns Ferdamannen og i Vinjes Dølen og var medarbeidar i Vort Land. Redaktør for det nyskipa Dagbladet 1869–79 og gjorde avisa til hovudorgan for Venstre. Var med og grunnla Det Norske Samlaget i 1868 og var formann til 1877. Skipa saman med Gina Krog Norsk Kvindesagsforening i 1884 og var den første leiaren for foreininga. Tok initiativ til Norsk Ligbrændingsforening i 1889 og var formann der i 20 år. I 1879 reiste Berner striden for det reine flagget og var med og starta dei første folkevæpningssamlaga i 1881. Var med i tiltalenemnda i riksrettssaka mot ministeriet Selmer i 1883. Dei siste leveåra tok han på nytt opp arbeidet med å skrive landsmål og skreiv om minne frå politikken i Syn og Segn.

Les også

Utviklet av Gazette