Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]
Klarspråk – Klart språk i Staten

Stillingslysingar på nynorsk

Offentlege etatar publiserer mange stillingslysingar på nynorsk, og ofte kan det vere vanskeleg å finne dei gode formuleringane. Vi har laga eit tenkt døme på ei stillingslysing som vonleg kan vere til nytte. I tillegg får du nyttig informasjon om skrivereglar, bøyingsformer, omtale av nokre vanlege feil i stillingslysingar og mange gode døme.

Klikkbare lenkjer til delar av sida:

 

Tenkt døme på stillingslysing:

Rådgjevar i Konglekontrollen, frøavdelinga, strategiseksjonen

Konglekontrollen har hovudansvaret for dei fleste fagområde knytte til skogfrø og samfunn og for samordning av statens politikk overfor dei ymse konglegruppene. Vi har om lag 1000 tilsette og held til i trivelege lokale på kvisten hos Statskog.

Vi har ei ledig stilling som rådgjevar i strategiseksjonen. Tilsetjing snarast råd.

Arbeidsoppgåver
Rådgjevaren skal arbeide med breie frøpolitiske emne. Ei viktig oppgåve er å analysere frøing i natur og samfunn, men rådgjevaren har òg ansvar for daglege gjeremål i seksjonen. Mykje av arbeidsdagen går med til støvsuging. Rådgjevaren kjem inn i ei nyskipa eining med ti trenevar i eit velorganisert konglomerat. Eininga har ansvar for vêr og vind, billepolitikk og sprøytemiddelarbeid.

Kvalifikasjonar
Søkjaren må ha høgare utdanning innan naturfag eller samfunnsfag. Stillinga krev  brei røynsle med utgreiingsarbeid og kunnskap om offentleg forvaltning. Relevant praksis og kjennskap til konglehuset er ein føremon, men strategisk sans og dokumentert frøkunnskap kan vege opp for skort på slik røynsle.

Personlege eigenskapar 
Søkjaren må vere tale- og skrivefør og meistre begge nålformer. Han eller ho må kunne tenkje analytisk og handle strategisk. Vi legg òg vekt på samarbeidsevne, målmedvit og vilje til å gå i frø og på nåler.

Vi tilbyr

  • heiltidsstilling 
  • konglete arbeidsveg 
  • gull og grøne skogar 
  • interessante oppgåver 
  • hardbarka og forstokka kollegaer 
  • høve til bustadlån i Statens fuglekasse

Ymse arbeidsvilkår
Rådgjevaren må vere til svars òg utanom vanleg arbeidstid og må rekne med mykje reising og konglessdeltaking. Fleire opplysningar finn du på www.kongler.no.

Generelle opplysningar
Den statlege arbeidsstyrken skal spegle mangfaldet i folket. Difor vil vi ha mest mogleg jamvekt mellom menn og kvinner og mellom eldre og yngre. Vi ønskjer òg å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.
[Eit stuttare alternativ er: «Staten legg vekt på mangfald. Vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte, om å søkje stillinga utan omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming eller kulturell bakgrunn.»]

Konglekontrollen er ei IA-verksemd. Arbeidsvilkåra blir tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
 
Lønsspenn: kr 344 200–518 200.

Søknad
Send søknad saman med attestar og vitnemål gjennom www.jobb.dep innan 16. juni 2010.

Til toppen.

 

Skriveråd


Stor og liten forbokstav:
Stillingsnemningar har liten forbokstav. Det same gjeld etatar som ikkje er konkrete einingar. Vanlege avdelingar og seksjonar har liten forbokstav (t.d. økonomiavdelinga). Ikkje gløym rett målform i namn og nemningar som står utanfor hovudteksten! 

Viktige valfrie ord og former:
løn/lønn; ynskje/ønskje, fyrst/først
røynsle/erfaring; handsaming/behandling; naudsynt/nødvendig
gje–gjev–gav–har gjeve (rådgjevar) / gi–gir–gav–har gitt (rådgivar)
 

Bøying av viktige ord:
arbeider–arbeidde
knyter–knytte
leier–leidde
løn(n)er–lønte
søkjer–søkte
ynskjer–ynskte
merkjer–merkte (merk:  merkar–merka tyder ‘leggje merke til’)
området – fleire område – alle områda
lokalet – fleire lokale – alle lokala
Alle ord på -nad får e i fleirtal: søknader–søknadene

Ymse attergangarar:
Skriv heller frøavdelinga, strategiseksjonen enn avdeling frø, seksjon strategi.
Skriv heller politikk overfor enn politikk i forhold til.
Stillingen omfattar er greitt, men kan varierast. Skriv heller rådgjevaren skal arbeide med enn stillinga vil ha oppgåver knytt til.
Skriv heller er, har, kan vere enn vil vere, vil ha, vil kunne vere.
Skriv heller mykje av enn ein vesentleg del av.
Skriv heller ei eining med enn ei eining beståande av.
Skriv heller medrekna, som omfattar, mellom anna, og enn herunder.
Skriv heller og, dessutan, i tillegg til, attåt enn samt.
Skriv heller vi/stillinga krev, søkjaren må enn det krevst.
Skriv heller fleire opplysningar får/finn du på enn for meir/fleire opplysningar sjå.

Genitiv:
Seksjonens hovudoppgåver på bokmål vert hovudoppgåvene til seksjonen på nynorsk.
Seksjonens arbeid på bokmål vert arbeidet i seksjonen på nynorsk

Passiv:
Skriv heller du må rekne med enn det må påreknast. Likeins heller vi bed søkjaren dokumentere enn det bes dokumentert.

Substantivsjuke:
Skriv heller ein rådgjevar må kunne tenkje strategisk enn ved ev. tilsetjing som rådgjevar krevst evne til strategisk tenking.
Siden opprettelsen av enheten på bokmål vert sidan eininga vart skipa på nynorsk, og det kreves kjennskap til på bokmål vert NN må kjenne/kunne på nynorsk.

Flosklar:
I stillingslysingar går det lett inflasjon i fokus og meir eller mindre sentrale (viktige) utfordringar (ofte: oppgåver, problem), problemstillingar (ofte: problem, spørsmål, emne) og prosessar. Men utgreiingsprega prosessar er vel oftast beint fram utgreiing.

Vi bruker ikkje lenger stutte ord som gjerd, lag eller hått om «personlege eigenskapar og veremåte». Men vi treng ikkje vere så omstendelege for det. Nedanfor har vi sett opp ein moderne «eigenskapspotpurri» og eit «gammaldags» alternativ:

Den «moderne» formuleringa (med flosklar):

Det kreves god skriftlig og muntlig framstillingsevne samt gode kommunikative ferdigheter. Analytisk evne og faglig engasjement er av avgjørende betydning. Videre vektlegges en løsningsorientert innstilling, evne til initiativ samt evne til å arbeide både selvstendig og i team. Godt humør og positiv innstilling er andre ønskelige egenskaper.

Den alternative formuleringa (utan flosklar):

Søkjaren må vere tale- og skrivefør og lydhøyr. Vi søkjer ein skarpskodd, tiltaksam og ihuga fagperson som likar å finne løysingar. Han eller ho må vere godlynt og arbeide godt så vel i lag som åleine.

Til toppen.

 

Ordliste

(Ei lengre bokmål–nynorsk-ordliste finn du på nettsidene til Språkrådet.)

anledning til: høve til, rett til; du får a. til: (òg:) du kan/får
ansatt: tilsett; ansette: tilsetje
arbeidsforhold: arbeidsvilkår (men om det å vere tilsett: arbeidsforhold/-tilhøve)
attestert: (òg) rettkjend
avlønne: løn(n)e (pret.: lønte)
behandling: handsaming, førehaving, behandling
bestå av: vere, ha, innehalde, omfatte; en seksjon bestående av ... = ein seksjon med ...
enhet: eining (ikkje einskap i denne samanhengen)
erfaring: røynsle/erfaring
ferdigheter: ferdigheiter, dugleik, (men ofte:) evne, å kunne x
for øvrig: dessutan, elles
forbehold: atterhald; med forbehold om at (òg:) a) på det vilkåret at, b) dersom ikkje
forhold: forhold, tilhøve, (ofte:) vilkår; legge f. til rette: leggje til rette(s)
fortrinnsvis: helst
forutsetning: føresetnad
i forhold til: med, i, for osb.
innebære: innebere (presens: inneber)
inngå i: (ofte:) bli med i / del av, kome inn i
kompensere: (gjerne:) vege opp for
koordinering: (gjerne:) samordning
kreve: krevje; det kreves: vi krev / NN må
ledelse: leiing; leder: leiar
løpende: (ofte:) dagleg, fast
m.v.: m.m., o.a.
mulighet til: høve til du får m. til: (òg:) du kan/får
nødvendig: nødvendig/naudsynt, (men ofte:) som trengst, som må til
nødvendighet: x er en nødvendighet: NN må ha/vere x
offentlighet: offentlegheit; å vere offentleg; innsyn
opprettelse: skiping, oppretting
oppveie for: vege opp for
personlig egnethet/skikkethet: å vere personleg eigna/skikka (ofte: at personen høver i stillinga)
påregne: x må påregnes: ein må rekne med x
sikkerhet: tryggleik (arbeidsmiljø og t.), trygging, sikkerheit
tilgjengelighet: å vere tilgjengeleg / til svars / råd få tak i
tillegges vekt: vi legg vekt på
tiltredelse: tiltreding, å ta til, å begynne; (ofte:) tilsetjing
ubetinget krav: ufråvikeleg krav
unntatt fra bestemmelsene: føresegnene gjeld ikkje for / x fell (kjem) ikkje inn under ... / x er unnateken ...
utløp: ved fristens utløp: når fristen går ut
utrede: greie ut; utredning: utgreiing
vedrørende: om; som har med ... å gjere
viktig, vesentleg; vesentlig del av: mykje av
videre: vidare; videre er det slik og slik: dessutan, og, òg 

Til toppen.

Utviklet av Gazette