Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]
Klarspråk – Klart språk i Staten

Om oss

Prosjektet «Klart språk i staten» og denne nettstaden er eit samarbeid mellom Direktoratet for forvaltning og IKT og Språkrådet.

Difis direktør Hans Christian Holte og Språkrådets direktør Sylfest Lomheim. Foto: Svein Arne OrvikI tildelingsbrevet for 2008 fekk Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) i oppdrag av det daværende Fornyings- og administrasjonsdepartementet (FAD) å «arbeide med enklare språk og meir tilgjengeleg innhald i offentlege publikasjonar og brev retta mot innbyggjarar (bl.a. saman med Språkrådet)».

 

 

Det vart etablert ei prosjektgruppe med representantar frå FAD, Difi og Språkrådet.

Medarbeidarane i prosjektgruppa har samarbeidd om å utvikle tiltaka i dette prosjektet. I prosjektplanen står det at målet med prosjektet skal vere å «øke oppmerksomheten om klarspråk i statsforvaltningen og legge forholdene til rette for at statlige virksomheter skal kunne forbedre språket i sin skriftlige kommunikasjon med innbyggerne».  Du finn ein omtale av tiltaka her.

Prosjektgruppa har også etablert ei ressursgruppe som gjev råd og innspel i ulike fasar av prosjektet

I dag har prosjektgruppa representantar frå Difi og Språkrådet. Språkrådet har det språkfaglege ansvaret, medan Difi har ansvar for administrasjon, kommunikasjon og leiing. FAD er prosjektansvarleg. Prosjektet skulle i utgangspunktet vare fram til 2011, men er nyleg forlenga med to nye år.  

16.5.2011 

Logo Difi

Logo Språkrådet

 

Utviklet av Gazette