Norsk Ordbok (2009) forklarer onn som
1 a hast, skunding, annsemd b arbeidsvilje, iver; uthaldsevne, trott
2 (ekstra travel tidbolk med) stort årvisst målretta arbeid for fleire personar og med faste rutinar, tradisjonar
I det gamle bondesamfunnet var det alltid ei eller anna onn (i tyding 2) som var i gang, særleg i sommarhalvåret. Mange arbeidsfolk var sysselsette med våronn, slåttonn med høyonn og håonn, plogonn, osv. Men òg vinteren hadde sine onner. Juleførebuinga, til dømes, var ei onn som kravde arbeidsinnsats av mange.
Ivar Aasen jamfører i Ordbog over det norske Folkesprog (1850) ordet onn med ann, annsam og annsemd, og vi anar at desse orda har sams opphav. Medan vi på norsk set desse orda vel så mykje i samband med sjølve arbeidet som med tida for haustinga, finn vi ordet att meir i tydinga ’haust(ing)’ på andre språk. Svenske ordbøker forklarer and som eit alderommeleg ord for «skördetid», og om lag denne tydinga finn vi òg i det tyske Ernte. På russisk er osen (oсень) ordet for årstida ’haust’.
Synonymt med onn er elles substantivet vinne, av gammalnorsk vinna ’arbeid’. Dette finn me att i til dømes ordet jernvinne.
Foto: Lunds Energikoncernen / www.flickr.com
Publisert 14. september 2012