Språkdagen 2008 – «Norsk for alle?»

Språkdagen 2008 gjekk av stabelen 13. november i Operaen i Oslo. Fagrådet for skule og offentleg forvaltning i Språkrådet hadde ansvaret for programmet.

Operaen i Oslo

På denne sida finn du programmet for dagen, omtaler av mange av programpunkta og pressemeldingane som blei sende ut i samband med arrangementet. 

Programmet

 Tema for Språkdagen 2008 var «Norsk for alle?». På programmet stod innlegg, panelordskifte, film og musikk.

Programmet var todelt. Den første delen av dagen tok for seg norskundervisninga i skulen. Er opplæringa i norsk for dei nye språklege minoritetane god nok? Kva med dei mange morsmåla dei har – kan dei brukast som basis i opplæringa? Korleis kan mangfaldet av morsmål bli ein ressurs for skulane? I den andre delen handla det om språkbruk i offentlege skjema og rettleiingar: Er informasjonen frå det offentlege forståeleg for alle?

Shabana Rehman var konferansier på Språkdagen 2008. Rehman fortalde at nevøen hennar nyleg blei plassert i klassa for elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn, sjølv om han er fødd og oppvaksen i Noreg. Du kan lese meir om dette i Dagsavisen.

Opning

Kunnskapsminister Bård Vegar SolhjellKunnskapsminister Bård Vegar Solhjell opna Språkdagen 2008. Han sa at altfor mange elevar går ut av grunnskulen utan grunnleggjande ferdigheiter i lesing og skriving, og at dette kan føre til problem med vidare skulegang og i arbeidslivet. Dårleg norskundervisning er såleis eit sosialt problem.

Du kan laste ned eit opptak av Solhjells opning frå nettsidene til Kunnskapsdepartementet.

Dagens og morgondagens norskundervisning – for alle?

Else Ryen
Institutt for nordiske og lingvistiske studium, UiO
/ Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO)

Else Ryen understreka at for at undervisninga skal fungere godt, er det viktig at lærarane har kompetanse i kva det vil seie å ha norsk som andrespråk. Kartleggingar har vist at så få som ein av femten lærarar har slik kompetanse, og det er ein av hovudgrunnane til at undervisninga somme stader ikkje er så god som ho burde. Skulen generelt må leggje vekt på at kompetanse i alle språk er viktig og verdifull også i norskopplæringa. Det er spennande for elevar allereie på barnetrinnet å utforske språkforskjellar og samanlikne språk. Fleirspråklege klasserom har difor gode vilkår for å arbeide med dette kompetansemålet.

Paneldebatten

I paneldebatten var forskar Finn Aarsæther ved Høgskolen i Oslo oppteken av at ressursane til norskopplæringa må tildelast ut frå godt pedagogisk skjønn. Dette blir gjort nokså ulikt ved skulane. Med den nye læreplanen i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar, som har avløyst læreplanen i norsk som andrespråk, skal det vere høgt læringstrykk på kvart nivå. Men viktigare enn kva læreplan som gjeld til kvar tid, er at skulen kartlegg kompetansen til elevane godt, at elevane blir plasserte etter nivå, og at lærarane har den kompetansen som skal til for å undervise dei på det nivået.

Mina Adampour, student ved Universitetet i Oslo, fortalde at ho vart plassert i ein klasse for elevar med norsk som andrespråk då ho kom på ungdomsskulen, trass i at ho hadde gode norskkunnskapar, og trass i at ho alltid har budd i Noreg. Grunnen til at ho vart plassert i andrespråksklasse, var berre at ho hadde eit utanlandsk etternamn. Ho løyste situasjonen på den måten at ho forlet klassen. Du kan lese meir om dette – og språkdirektør Sylfest Lomheims kommentar til saka – i Dagsavisen. Elles poengterte ho at det er viktig å ha godt grep om norsk, men ønskte òg at morsmålet til minoritetsspråklege elevar blir verdsett.

Bilete frå paneldebattenJan Olav Fretland frå styret i Språkrådet var nøgd med at vi er på veg til å få ein generell og mangfaldig språkpolitikk i Noreg. Verdien av det fleirspråklege er poengtert i begge stortingsmeldingane om språk. Både i meldinga frå Kunnskapsdepartementet og meldinga frå Kultur- og kyrkjedepartementet blir det argumentert for at Språkrådet skal få utvida mandatet sitt til også å arbeide med dei nye minoritetsspråka.

Eit mindretal (av Høgre og Venstre) i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen seier i innstillinga til St.meld. nr. 23 (2007–2008) Språk bygger broer at «vi i dag vet for lite om hvorvidt morsmålsundervisning er den mest hensiktsmessige måten å integrere og lære fremmedspråklige barn norsk på». Språkrådet – både ordstyrar Åse Lill Kimestad frå fagrådet for skule og offentleg forvaltning og direktør Sylfest Lomheim – seier tvert imot at dette veit vi, forskarane er samde om at morsmålsundervisning er gunstig når ein skal lære norsk.  God meistring av morsmålet, om det er norsk eller eit anna, er viktig for å lære andre språk godt og for å utvikle seg fagleg.

Else Ryen sa at dei elevane som kjem seint til landet, får kort tid til å lære seg norsk, og at evalueringa av norskkunnskapar ikkje er avklart for desse elevane enno. Kartlegging av kunnskapane og nivået til kvar elev, bl.a. med språkbiografi, er nødvendig. Det er også nødvendig at ein oppvurderer andre framandspråk enn dei tradisjonelle som engelsk, fransk, tysk, russisk og spansk.

Frå salen vart det uttrykt uro om den nye planen i grunnleggjande norsk, som skal gje særskild, tilpassa norskopplæring for språklege minoritetar, og som skal vere ein overgangsplan til elevane kan følgje den ordinære norskplanen. Det er fare for at elevar som har komme seint til Noreg og ikkje er så sterke i norsk, ikkje greier krava til norskeksamen.

Å sjå, å lese, å forstå – og kva så?

Gustav Haraldsen
Seksjon for datafangstmetodar
Statistisk sentralbyrå

Gustav Haraldsen frå Statistisk sentralbyrå (SSB) presenterte eit samarbeidsprosjekt mellom Språkrådet og SSB. Ei rekkje testpersonar skulle fylle ut skjemaet Krav om ytelse ved fødsel og adopsjon frå NAV. Det viste seg at dei fleste hadde store vanskar med å skjønne kva for opplysningar skjemaet spurde etter.   

Eit problem som generelt knyter seg til utfylling av skjema, er korleis ein skal forstå tilsynelatande enkle ord. Er til dømes ein førtiåring som framleis bur heime med mor, definert som eit barn – i den meininga det er viktig å opplyse om?

Testpersonane vart også testa på eit omarbeidd skjema etter mal frå Språkrådet og SSB. Det viste seg at dette skjemaet var mykje lettare å fylle ut.

Språkprisen 2008

Kjartan Fløgstad og Anders JohansenMe avslutta dagen med utdelinga av Språkprisen, Språkrådets pris for framifrå bruk av norsk språk i sakprosa. Kjartan Fløgstad og Anders Johansen fekk Språkprisen i år. Vinnarane fekk 50 000 kroner, eit kopartrykk av Kjell Nupen og eit diplom kvar.

Du kan lese grunngjevinga frå juryen i pressemeldinga som blei send ut i samband med Språkdagen 2008: Kjartan Fløgstad og Anders Johansen får Språkprisen 2008.

Pressemeldingane som blei sende ut på Språkdagen 2008

 

Foto © Svein Arne Orvik

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:25.09.2009 | Oppdatert:19.01.2021