Nye rettskrivingsvedtak om grammatisk kjønn

No image

(29.1.18) Styret i Språkrådet gjorde i 2017 fleire vedtak om at substantiv som har hatt valfridom mellom hankjønn og inkjekjønn, nå berre skal vere normerte med eitt grammatisk kjønn.

Desse sakene har bakgrunn i rapporten Genusvariasjon i norsk skriftspråk, som Philipp Conzett utarbeidde for Språkrådet i 2016. Tilrådingar i rapporten har tent som utgangspunkt for saksutgreiing i fagrådet for normering og språkobservasjon, som har vurdert kvart av dei aktuelle orda ut frå faktisk bruk i tekstar.

Både bokmål og nynorsk har mange substantiv som kan brukast med fleire grammatiske kjønn (genus). Ofte har dette grunnlag i reell variasjon i dialektane eller i skriftleg språk. I utgreiinga si analyserte Conzett korleis substantiv med valfridom mellom hankjønn og inkjekjønn er brukte i fleire tekstkorpus for bokmål og nynorsk. Konklusjonen var at sjølv om ein jamt over finn døme på at begge kjønn er i bruk, er det i nokre tilfelle klar overvekt anten av hankjønn eller inkjekjønn. I desse tilfella er det grunn til å vurdere om det framleis bør vere valfridom, eller om det minst brukte kjønnet kan gå ut av norma. Her kan du kan lese meir om Conzetts utgreiing og om grammatisk kjønn i norsk.

Faktisk bruk, tradisjon og system

Faktisk bruk speler ei viktig rolle når fagrådet og styret vurderer saker som dette, men det er òg andre tilhøve som speler inn, som skrifttradisjon og systemomsyn. Bokmål og nynorsk skal normerast kvar for seg på sjølvstendig grunnlag, men det er likevel grunn til å sjå på stoda i begge målformene samstundes for kvart ord. Det er til dømes i utgangspunktet ingen grunn til at framandord som nikotin og terpentin skal ha ulik normering i bokmål og nynorsk.

Brorparten av vedtaka frå 2017 gjeld ord der ein har gått frå valfridom mellom hankjønn og inkjekjønn til berre hankjønn. Såleis kan ein til dømes, om ein held seg til norma, nå berre skrive ein glepp – gleppen, ein drøss – drøssen, ein miks – miksen og ein rus – rusen (ikkje eit glepp, eit drøss osb.). I bokmål heiter det nå berre en stim (ikkje lenger et stim). Men det er òg døme på det motsette; såleis skal det heite et bak i bokmål i tydinga ‘oppvarming’, til dømes i samansetjinga solbaket (ikkje solbaken).

Her ligg full oversikt over vedtaka. Gjennomgangen av ord normerte med fleire genus vil halde fram i 2018 og truleg resultere i fleire endringar.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:29.01.2018 | Oppdatert:29.01.2018