Vi feirar framifrå bruk av norsk i sakprosa

No image

(8.11.17) Onsdag 15. november deler vi ut Språkrådets språkpris på Litteraturhuset i Oslo. Prisen er på 100 000 kr. Vinnaren blir intervjua av sjefredaktør i Gyldendal, Cathrine Sandnes.

Arrangementet startar kl. 18, er gratis og ope for alle. Velkomen til ein interessant og hyggeleg kveld!

Dei nominerte er (med utdrag frå juryens grunngjeving):

Åsa Eldstad | Foto: UiB Åsa Elstad auser fram kunnskap og vurderingar rundt ein sjeldan brei tematikk som dreier seg om fiskeri, demografi, etnografi, landbruk, handel, religion, samferdsle, politikk – men mest av alt om kystkultur, kysthushald og kystkvinner i liv og arbeid. At Elstad har solid kjennskap til dei temaa ho skriv om, skin tydeleg gjennom i vurderingane hennar av ulike sider ved kystens materielle og mentalitetshistoriske kulturar.
Alfred Fidjestøl | Foto: Agnete Brun Alfred Fidjestøl er ein djuptloddande formidlar. Han fer friskt fram i eit hav av kjelder og målar fram detaljrike biletflater. Kulturinstitusjonar, kulturpersonar og kulturikonar – inkludert ein mjuk sjimpanse – blir levandegjort gjennom klår prosa og engasjement. Bøkene hans er tidvis tunge kolossar som skaper salrygga bokhyller, men innhaldet er sjeldan tyngande, verken for lek eller lærd.
Jon Hustad | Foto: Alex Iversen Jon Hustad er journalist og kommentator, spesielt i vekeavisa Dag og Tid. Der har Hustad gjennom mange år utvikla ein eigen stil og posisjon, med mange faste lesarar. Hustads kommentarjournalistikk rundt økonomi, infrastruktur og dei lange linjene i norsk samfunnsutvikling er som regel full av skarpe og klare poeng. Hustad skriv om «kjedelege» tema på ein underhaldande, frekk, humoristisk – og grundig dokumentert – måte.
Erna Osland | Foto: Lene Løtvedt Erna Osland har ei eiga evne til å møte barnelesaren i augehøgd, både gjennom eit enkelt, biletskapande språk og fine formmessige grep, og gjennom originale val av tema som pedagogen Osland veit at barn er opptekne av og nyfikne på. Som kva slags spennande småkryp som skjuler seg under ein stein, eller korleis vêret blir til, og kor vindane kjem frå. Innanfor sjangeren sakprosa for barn har Erna Osland lenge stått i ei særstilling, som ho slett ikkje har mista med dei siste åras bokutgjevingar.
Morten Søberg | Foto: Pernille Blåfjell Walvik Morten Søberg skriv i kreativ, Vinje-inspirert språkføring skarpt og tidvis humørfylt om statsforvaltning, norsk og utanlandsk embetsverk, statsfinansar, Grunnlova og handlingsregelen for Oljefondet. Essaya hans er breiddfulle av reflektert kunnskap om innfløkte emne, ofte krydra med underfundige og høgst relevante kommentarar. Søbergs ferdaminne finn stad så vel i Longyearbyen, London og på ei karibisk øy som i Finansdepartementets verdslege katedral.

På programmet står også ein panelsamtale om den gode sakprosaen, leia av Cathrine Sandnes. I panelet sit:

Jan Inge Sørbø Kristin Fridtun Astrid Sverresdotter Dypvik Sverre Tusvik
Jan Inge Sørbø
professor ved Høgskulen i Volda
Kristin Fridtun
språkvitar og forfattar
Astrid Sverresdotter Dypvik
historikar og journalist
Sverre Tusvik
pensjonert sjefredaktør og leiar av språkprisjuryen

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:08.11.2017 | Oppdatert:15.11.2017