Sveio kommune heidra med pris

No image

(1.12.17) I dag heidra Kulturdepartementet og Språkrådet Sveio kommune i Hordaland med prisen Årets nynorskkommune 2017.

Kulturdepartementet delte ut prisen på 100 000 kroner i Målstova i Nasjonalbiblioteket, og jazzartist Solveig Slettahjell gjorde stas på vinnaren med stemningsfull song.

Bård Folke Fredriksen (H)– Det høver godt å dele ut ein språkpris som denne i ei målstove, som nettopp er ein sal for dialog og debatt, sa statssekretær Bård Folke Fredriksen (H) fra Kulturdepartementet. – At det norske språket har eit dobbelt uttrykksregister er ein rikdom vi må ta vare på, og regjeringa ønskjer vidare satsing på båe dei norske målformene.

Statssekretæren gjorde juryens ord til sine då han roste prisvinnaren Sveio for det språklege medvitet kommunen syner:

– Språket er vårt finaste kulturuttrykk. Kommunen er eit godt førebilete og syner at målretta arbeid gir resultat.

Nynorsken er under press på Sunnhordland, og Sveio arbeider grundig og systematisk for å halde målforma levande.

Jorunn Skåden (Ap)– Både i barnehagane og i skulen i Sveio er nynorsk det naturlege valet, sa ordførar Jorunn Skåden (Ap), som kom til Nasjonalbiblioteket i Oslo i eins ærend for å ta imot prisen. – Vi arrangerer nynorskkurs for småbarnsforeldre som ønskjer å bli tryggare i målforma, og den språklege fellesskapen vi har bygd opp, vil vi òg inkludere dei nye innbyggjarane våre. Frå 2018 vil opplæringstilbodet til innvandrarar og flyktningar difor vere på nynorsk.

Ordføraren trekte òg fram det flotte arbeidet barn og unge i Sveio har lagt ned i årets Sveio-kalender, der elevane har skrive dikt på nynorsk til kvar av månadene.

– Gjennom satsinga på dei unge sikrar vi kulturarven for framtida. Prisen gir både inspirasjon og motivasjon til å satse vidare.

Solveig Slettahjell gjorde stas på vinnaren med stemningsfull song.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:01.12.2017 | Oppdatert:01.12.2017