Statsspråk: Ein av fire strevar med helsespråket
(28.2.17) Kryptisk informasjon frå helsevesenet fører til uvisse, mistydingar og frustrasjon hos pasientane. Men det finst dei som arbeider for eit klarare helsespråk.
I siste nummer av Statsspråk kan du lese om korleis det medisinske språket kan skape vanskar i møte med helsevesenet. Du kan òg lese om Klarspråksprisane 2016, nyvember hos Kartverket og uttrykk som ofte blir blanda saman. Alt dette i tillegg til dei faste spaltene.