Språkprisen 2017 til Alfred Fidjestøl!

No image

(15.11.17) Forfattaren Alfred Fidjestøl får i dag Språkrådets språkpris. Årets prisvinnar syner stor breidde i temaval i bøkene som er komne ut dei siste fem åra, men det går kryssande kulturhistoriske trådar gjennom fleire av dei.

Alfred FidjestølAlfred Fidjestøl (f. 1973) får prisen for bøkene Trass alt. Det Norske Teatret 1913–2013 (2013), Frå Asker til Eden. Historia om Askerkretsen 1897–1924 (2014), Eit eige rom. Norsk kulturråd 1965–2015 (2015) og Nesten menneske. Biografien om Julius (2017).

– Fidjestøl har også tidlegare vore mellom dei nominerte, då som no for si frimodige, humørfylte, men alltid kjeldekritiske, faktaspekka og språkleg kreative framstilling av tunge institusjonar. Men ikkje minst har juryen late seg overtyde når prisvinnaren har demonstrert etisk balansert kjeldebruk, populærvitskapleg formidlingsevne og engasjert forteljarglede i sin perspektivrike biografi om kjendissjimpansen Julius, seier Toril Opsahl på vegner av språkprisjuryen.

Grunngjevinga for prisen

Juryen skriv dette om prisvinnaren:

Vinnaren gjer kulturinstitusjonar, kulturpersonar og kulturikonar levande ved bruk av klår prosa. Gjennom stiltone, varierte og appetittvekkande kapitteloverskrifter og dekkande mellomtitlar demonstrerer forfattaren ei befriande evne til å kombinere ledig og lettlesen nynorskprosa med kreative språkbilete.

Om språkprisen

Kvart år deler Språkrådet ut ein pris for framifrå bruk av norsk i sakprosa, annakvart år for bokmål og nynorsk. Språkprisen blir gitt for enkeltverk eller produksjonar frå dei siste fem åra og kan gå til personar eller institusjonar.

Prisen blir delt ut på Litteraturhuset i Oslo av Språkrådets direktør, Åse Wetås. Vinnaren får 100 000 kroner og eit grafisk trykk.

I tillegg til Alfred Fidjestøl var Åsa Elstad, Jon Hustad, Erna Osland og Morten Søberg på kortlista til årets språkpris.

I juryen for prisen sit Aina Basso, Toril Opsahl, Morten Strøksnes og Sverre Tusvik.

 

Kontakt

kommunikasjonssjef Anne Kirkhusmo, tlf. 416 74 135

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter