Kandidatar til Språkprisen 2017

No image

(20.4.17) Språkrådet deler kvar haust ut pris for framifrå bruk av norsk i sakprosa. I år går prisen til sakprosa på nynorsk.

Vi ønskjer kandidatar frå alle samfunnsområde – personar eller grupper, verksemder, organisasjonar og institusjonar så vel i næringslivet som i offentleg forvaltning.

Vi vurderer framlegg om god, klargjerande og sjølvstendig språkbruk i alle sjangervariantar av sakprosa, frå lærebøker, vekepresse, nettstader eller avhandlingar til smale, polemiserande eller argumenterande avisspalter og breie, forteljande biografiar.

Prisen kan gå til eit enkeltverk eller for ein samla produksjon, men avgrensa til dei fem siste åra.

Prisen er på 100 000 kr og vil bli utdelt på eit eige arrangement på Litteraturhuset i Oslo 15. november 2017.

Send framlegg til kandidatar før 23. juni til john.erik.lindgren@sprakradet.no.

Kontakt

juryleiar Sverre Tusvik, tlf. 917 87 227

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter