Høyring om reviderte særreglar for skrivemåten av norske stadnamn

(16.10.17) Språkrådet sender her eit framlegg til reviderte reglar for skrivemåten av norske stadnamn på høyring. Reglane er ei utfylling til § 3 «Særleg om norske stadnamn» i forskrift om stadnamn. Reglane skal endeleg godkjennast av Kulturdepartementet. Høyringsfristen er 10. januar 2018.

Kulturdepartementet vedtok 23. mai 2017 ny forskrift om stadnamn, som er kunngjord på Lovdata.no. Forskrift om skrivemåten av stadnamn frå 2007 blei samstundes oppheva. I eit brev til Språkrådet 9. juni 2017 ber Kulturdepartementet Språkrådet sørgje for oppfølging av forskriftsendringane, «herunder vurdere behov for reviderte retningslinjer og endringer av gjeldende språkregler til utfylling av forskriftene». Språkrådet kan etter § 14 i den nye forskrifta «fastsetje utfyllande språkreglar om korleis norske og kvenske stadnamn skal skrivast».

Den oppheva forskrifta frå 2007 hadde ein kompleks struktur. Først kom sjølve forskrifta, så rettleiing til forskrifta i fire kapittel. «Kommentarar til forskrifta», spesialreglar for skrivemåten av stadnamn, var det tredje kapittelet i denne rettleiinga. Det er desse reglane som no er reviderte.

Dei reviderte reglane skal publiserast på nettsidene til Språkrådet, saman med eventuell anna rettleiing til stadnamnforskrifta.

Kva går endringane ut på?

I oppsettet er det gjennomført eit inndeling i tal, mens det før var ei blanding av tal, bokstavar og strekpunkt.

Paragraf 3 i stadnamnforskrifta opererer med nemningane rettskrivingsformer, regionale samleformer og lokale dialektformer. Det er viktig å merke seg at dei er hierarkisk ordna; dei to første kategoriane av former er likestilte, mens lokale dialektformer «kan veljast når særlege grunnar talar for det». I praksis er eit slikt skilje blitt handheva av stadnamnforvaltninga tidlegare òg. Somme former som avvik frå rettskrivinga, har vore rekna som gyldige i skrivemåten av stadnamn, mens andre til vanleg ikkje har vore det. Når det i tabellen i punkt 2 er vist døme på lokale dialektformer, er dette tenkte døme baserte på eksisterande dialektformer; det er ikkje former som til vanleg skal godtakast. Døma på regionale samleformer er derimot former som har vore godkjende i stadnamnforvaltninga tidlegare, og som skal kunne brukast vidare.

Skrivereglane frå rettleiinga til den oppheva forskrifta hadde eit punkt som nemnde ei liste over regionale samleformer, men det blei aldri oppført former i den lista. I dette framlegget er det begynt på ei slik liste med regionale former som kan nyttast. Desse formene er i bruk i dag. Lista må fyllast ut etter kvart som det blir gjort nye tilrådingar i namnesaker.

I «1 Kjønn, tal og form» er ordlyden ein del forenkla jamført med tidlegare tilsvarande regel. Vi meiner likevel at det i praksis er ei vidareføring av det som gjeld i dag. I «2 Ordformer» er det nytt at det er mogleg å nytte dn der dette samsvarar med uttalen, og likeins at ø for gammalnorsk kort o og ǫ kan nyttast. I «3 Bøyingsverk» er dei viktigaste endringane at -o og -å kan nyttast som bøyingsendingar, og at former med -dn- kan nyttast i fleirtalsendingar. Endringane i 2 og 3 er både motiverte i lokale og politiske ønske og i at det alt er mogleg å nytte fleire andre ordformer og endingar som ikkje er i samsvar med rettskrivinga. Når ein til dømes kan skrive både skåle og skåli i bunden form eintal, i tillegg til skåla, verkar det rimeleg at ein òg kan skrive skålo og skålå.

I framlegget er det elles for det meste ei vidareføring av det som har vore reglane til no, og vi viser til vedlegget med reglane frå den oppheva forskrift om skrivemåten av stadnamn for detaljert jamføring. Språkrådet ønskjer merknader til punkta i framlegget, både til reglane og til framstillinga. Ta kontakt med seniorrådgivar Knut E. Karlsen eller seksjonssjef Daniel Gusfre Ims (telefon 957 65 152) dersom det er spørsmål til høyringa.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter