Ordbøkene kan ikkje sensurerast

No image

(14.11.16) Seigmenn og potetgull må få bli i ordbøkene. Ingen skal kunna nekta ord frå allmennspråket ein plass her. Dette skriv språkdirektør Åse Wetås i ein kronikk på ytring.no i dag. Du kan lese heile kronikken her.

Dei siste åra har det vore større eller mindre konfliktar kring eigarskapen til einskildord – når det felles kvardagsspråket vårt møter varemerke. Ord som potetgull, termos, blendakvit og googla har allmennspråket teke frå varemerkespråket. Men einskilde selskap har forsynt seg med ord som jarlsbergost og seigmenn og særnamn som Aker og Bøygen.

I begge tilfella har eksisterande lover gitt vidare rettar til varemerka enn til allmennspråket, og det er eit problem. Språkrådet meiner at lovverket tydeleg bør skilja mellom språkbruken i reint kommersielle samanhengar og språket i allmenn bruk.

Vanlege ord som blir varemerke

Produsentar har behov for å verna om bruken av namn på varene sine, og for forbrukaren er varemerket ein garanti og ein måte å identifisera vara eller produsenten på. Men regelverket fortel dessverre òg korleis ordet skal brukast i allmennspråket. Varemerkelova seier mellom anna, litt forenkla, at nemningar som har blitt allemannseige, skal slettast som varemerke.

Det gir ein varemerkeeigar sterke grunnar til å setja seg imot at varemerkeordet festar seg i vanleg språkbruk. Varemerkeeigaren kan òg krevja at det ved utgiving av «leksikon, håndbok, lærebok eller lignende skrift av fagleg innhold» skal koma fram at merket er verna ved registrering.

Ville fjerna seigmenn

I 2014 bad Orkla om at ordet seigmann anten skulle fjernast frå Bokmålsordboka og Nynorskordboka, eller at det skulle stå i ordbøkene med stor forbokstav i forma «Seigmenn» og med opplysning om at det var namn på geléfigurar frå Nidar. Problemet er at seigmann hadde vore eit vanleg substantiv og ei allmenn varenemning i norsk språk i minst femti år før det blei registrert som varemerke.

Dersom næringslivet skal kunna kontrollera ordbøkene på denne måten, fører det til at vanlege ord vil måtta fjernast – eller, endå verre, til at ordbøkene rett og slett ikkje fortel sanninga om tydinga eller opphavet til orda.

Tidlegare i år avgjorde retten at osten Kongsgård ikkje skulle kunna marknadsførast som ein «ost av jarlsbergost-typen». Fleire norske ordbøker inneheld likevel ordet jarlsbergost som vanleg substantiv, og nemninga jarlsbergost er brukt i fleire dokument heilt frå 1800-talet av.

Stadnamn som blir varemerke

Høgskolen i Oslo og Akershus kan tenkja seg å byta namn til Aker universitet, etter stadnamnet Aker, som me finn i bruk allereie i dei gamle kongesagaene våre. Aker har gitt namn til festningen og fylket Akershus og er det gamle kommunenamnet for store delar av Oslo.

Det viser seg at høgskolen kan vera nøydde til å avklara namnevalet med Aker-konsernet, fordi Patentstyret har kome til at konsernet nå eig dette namnet. Det betyr at eit gammalt norsk stadnamn ikkje lenger kan brukast fritt. Me er altså i ein situasjon der Aker-namnet kanskje ikkje kan brukast om ein offentleg institusjon i det opphavlege Aker-området, men derimot på fotballarenaen Aker Stadion i Molde.

Språkrådet har nå i haust i samarbeid med Opinion gjennomført ei befolkningsundersøking av haldningar til norsk språk. Her svarar 87 % av respondentane at det er viktig å bevara stadnamna våre som kulturminne. Når eit firma får einerett på bruken av gamle stadnamn, strir det mot den felles eigedomsretten til kulturarven vår.

Varemerke som blir vanlege ord

At varemerke blir vanlege ord i allmennspråket, finst det ei rekkje eksempel på. Ord som termos, primus og nylon har for lengst gått inn i språket som allmenne varenemningar og står i ordbøkene som vanlege substantiv. Desse orda har mist statusen som registrerte varemerke, men opplysningar om opphavet er like fullt med i ordbøkene.

Potetgull har i lang tid stått oppført som eit vanleg substantiv, men har vore eit varemerke. I 2015 gjekk Orkla til sak for å få oppheva varemerkeretten til ordet, og dei vann fram.

Nye varemerkenamn blir vanlege samnamn i språket mykje oftare og raskare enn det ordbøkene klarer å fanga opp. Somme varemerke blir vanlege ord nærmast momentant. Varemerket Segway blei raskt brukt av mange som ei generell varenemning om sjølvbalanserande køyretøy med éin aksel.

Språkrådet føreslo tidleg å kalla slike køyretøy ståhjuling, og dette har fått gjennomslag ikkje minst hos mange produsentar. Samstundes ser me at den generelle bruken av Segway stadig held seg.

Det er naturleg og rett at ordbøkene ikkje tar inn nye ord som termos og Segway med det same, men om slike ord festar seg i bruk, må dei kunna takast inn etter språkvitskaplege kriterium uavhengig av eventuell merkevarestatus.

Ordbøkene må vera frie

Dersom ein skal følgja dagens regelverk for varemerke strengt, er all oppføring i ordbøker bevis på at ordet ikkje har status som varemerke.

Oppføringa byggjer på dokumentasjon av korleis ord er brukt i allmennspråket. Varemerkeeigaren vil dermed kunna tapa på ordboksoppføringa. I framtida vil me difor kanskje sjå fleire kampar for at ord ikkje skal ordbokførast. Det vil språkbrukarane tapa på.

For Språkrådet er saka klar: Me aksepterer ikkje forsøk på å sensurera det som openbert er det felles, allmenne ordforrådet vårt, eller forsøk på å påverka kva ordbøker fører opp som opphav for orda våre.

 

Kronikken på ytring.no

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.11.2016 | Oppdatert:14.11.2016