November kan brukast til så mangt
(16.12.16) I november legg mange an bart og gir ein skjerv til kreftsaka. I Kartverket brukar dei november til å finpusse nynorsken, både med og utan bart.
Kartverket har eit nasjonalt ansvar for geografisk informasjon, driftar det nasjonale eigedomsregisteret og tinglyser fast eigedom og andelar i burettslag. Som nasjonal geodatakoordinator leier og samordnar dei arbeidet med den nasjonale geografiske infrastrukturen i Noreg.
I dette arbeidet må ein halde seg i målform, og som ein særleg innsats for nynorsken har Kartverket innført nynorskmånaden Nyvember. I denne månaden blir alle tilsette oppmoda om å ta i eit ekstra tak for å få opp nynorskprosenten – men også til å nytte nynorsk elles i året. Dei flinkaste får premie.
Høgst heng nok den vaskeekte Ivar Aasen-trusa.