Kringom er beste norske bedriftsnamn
(14.6.16) Kringom får Språkrådets gulldiplom for det beste bedriftsnamnet i Noreg i NRK Nitimen i dag. Vinnaren er namnet på kollektivtilbodet i Sogn og Fjordane, drifta av Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Den siste månaden har Språkrådet i samarbeid med Nitimen og Arne Hjeltnes vore på jakt etter Noregs beste bedriftsnamn, og i hard konkurranse stakk Kringom av med sigeren.
– Vinnaren har funne eit dekkjande og godt norsk namn til å beskrive verksemda si. Kringom illustrerer kollektivtrafikken i eit fylke med lange reiseavstandar veldig godt. Det er enkelt, kreativt og eit modig val, og det går fint inn i den språklege tradisjonen, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet.
Vinnaren vart kåra av ein jury med representantar frå Språkrådet og Arne Hjeltnes og annonsert i Nitimen tysdag 14. juni. Kringom vann i konkurranse med 382 namn frå heile landet.
– Kandidatane fordelte seg over mange ulike bransjar, og det var ikkje lett å kåre ein vinnar, seier Wetås.
I tillegg til gulldiplomet får fem regionale vinnarar kvart sitt diplom:
- Nord-Noreg: Han Sylte, produsent av marmelade i Valnesfjord i Nordland
- Midt-Noreg: Skrythals, reklamebyrå i Namsos i Nord-Trøndelag
- Vestlandet: Ægir, mikrobryggeri i Flåm i Sogn og Fjordane
- Sørlandet/Telemark: Høgt heva, steinomnsbakeri i Tinn i Telemark
- Østlandet: Parat, arbeidstakarorganisasjon i Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund i Oslo
– Oppslutninga om konkurransen viser at mange norske bedrifter er opptekne av å kommunisere godt med kundane gjennom å velje eit norsk namn. Det er veldig flott å sjå, og vi håpar endå fleire blir overtydde om at morsmålet er det beste valet i bedriftsverda, seier Wetås.
Kontakt
kommunikasjonssjef Anne Kirkhusmo, tlf. 416 74 135
direktør i Språkrådet Åse Wetås, tlf. 915 84 933