Opne dagskurs i nynorsk 20. og 22. april

(6.3.15) Språkrådet tilbyr i vår to opne dagskurs i nynorsk for statstilsette, med plass til 25 deltakarar kvar kursdag. På kurset går me gjennom dei viktigaste delane av formverket og stilideala i nynorsken.

Ein enkelt dag er ikkje mykje, og Språkrådet ventar difor ein viss forkunnskap i nynorsk. For dei som treng det, tilrår me nettkurset vårt i nynorsk.

Som ein del av kursopplegget skal deltakarane sende inn sjølvskrivne tekstar før (innsendingsfrist: tysdag 14. april) og etter kursdagen. Dei får individuell tilbakemelding på begge tekstane.

Kursdagar:

  • måndag 20. april 2015

eller

  • onsdag 22. april 2015

Tid: kl. 8.30 til 15.30

Stad: Lokala til Språkrådet i Observatoriegata 1 B ved Solli plass i Oslo. Lunsj er inkludert, og kurset er gratis (arbeidsgjevaren må dekkje eventuelle kostnader til reise og opphald).

Send påmelding til stat@sprakradet.no seinast fredag 27. mars 2015. Hugs å presisere kva dag du vil vere med. Dersom pågangen blir stor, blir statstilsette som arbeider med skriving for nettsider og sosiale medium, prioriterte. Me ber deg difor kort fortelje kva arbeidsområde du har, i påmeldinga.

Dersom du har spørsmål om kursa, kan du skrive til stat@sprakradet.no eller ringje Kjetil Aasen (tlf.: 22 54 19 68) eller Astrid Marie Grov (tlf.: 22 54 19 76).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:06.03.2015 | Oppdatert:28.08.2015