Norsk fagspråk høgt prioritert

No image

(29.9.15) Av fire millionar Kulturdepartementet no løyver til språktiltak, går 1,3 millionar til prosjekt som skal utvikle fagomgrep på norsk. – Det er rett og slett viktig for å halde ein opplyst samtale på norsk, seier kulturminister Thorhild Widvey i ei pressemelding.

– Terminologiarbeid er eit viktig verkemiddel for å halde oppe og vidareutvikle norsk fagspråk. Fagområde der internasjonaliseringa er sterk, treng slik støtte, seier kulturministeren vidare.

Minoritetsspråk i Noreg blir òg kraftig løfta. Dokumentering av norsk teiknspråk og revitalisering av kvensk får kring éin million kvar.

– Det er svært positivt at Kulturdepartementet løyver pengar til tiltak som styrkjer språka våre. Vi lever i ei globalisert verd, på godt og vondt. Norsk møter press frå engelsk, men utøver press på minoritetsspråka. Då er det viktig at vi set i verk tiltak som gjer språka meir levedyktige, seier direktør i Språkrådet, Roy Kristiansen.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:29.09.2015 | Oppdatert:29.09.2015