Inn i syne, inn i sinn

Om eit språk synest godt, synest du godt om det. På Voss står nynorsk og dialekt sterkt i det offentlege rommet, og det er langt mindre engelsk å sjå enn i hovudstaden. Det skriv seksjonssjef Karine Stjernholm i Språkrådet i denne artikkelen i avisa Motmæle.

Dei siste tiåra har sosiolingvistar interessert seg stadig meir for skilting i det offentlege rommet. Feltet har fått namnet lingvistiske landskap etter ein studie av skilt i Canada i 1997. Forskarane viste då at kor synleg eit språk er i det offentlige rommet ein stad, heng tett saman med kva status språket har der. Når eit språk er til stades i det offentlege rommet, får dei som brukar språket ei direkte kjensle av at språket er levedyktig. Er eit språk brukt på skilt i eit område, indikerer det at språket har høg status.

På Voss er det vanleg med nynorsk og lokal dialekt. I Oslo er slikt knapt synleg, der dominerer bokmål og engelsk står sterkt. Det kom fram då eg i 2013 granska det lingvistiske landskapet i hovudstaden og på Voss på oppdrag frå Språkrådet. Begge stadane dokumenterte eg bruken av butikknamn ved å ta bilde av sentrale handleområde. På Voss undersøkte eg dei mest sentrale handlegatene på Vossevangen, som kan kallast for handlestripa, og butikkane på Amfi kjøpesenter.

Kva språk vert brukte?

Den mest slåande tendensen mellom butikknamna på Voss er at norsk språk er svært dominerande i bybildet. Om lag 80 prosent av namna kan seiast å vere norske her. Dette talet er svært mykje høgare enn i Oslo. Engelsk er berre representert på 5,2 prosent av skilta på Voss, og nesten berre i dei turistretta butikkane.

Går ein frå togstasjonen mot sentrum av Vossevangen, ser ein mange skilt og butikkar som rettar seg mot turistar, særleg like ved stasjonsområdet. Dei engelske skilta som er å sjå på Voss, finst nettopp her. Somme namn har både engelsk og norsk, som Janus Norway since 1895. Fabrikkbutikk, Factory Outlet. Latin finst i fire butikknamn: Cubus, Notabene, Capilli og Vitus Apotek. Vi finn òg fantasinamnet Tiljamid og eit fransk namn: Le Cafe.

Voss har òg ei rekke butikknamn på dialekt, laga av ordformer som ikkje finst i den offisielle rettskrivingsnorma. Dialektnamna har klare lokale referansar. Nokre av butikkane har namn som heilt klart kan seiast å vere på nynorsk. Svært mange av butikknamna på Voss kan ikkje sorterast som enten bokmål eller nynorsk, fordi orda som er brukte i desse namna, er like på dei to målformene. Det å ikkje velje eitt språk eller éi målform kan tolkast som eit forsøk på å appellere til ei så stor kundegruppe som råd.

Kva kan ligge bak språkvala?

Det er typisk for Voss at mange butikknamn består av enten eit personnamn eller eit stadnamn pluss eit tillegg som utdjupar kva butikken driv med, som Veronicas Hårdesign eller Voss Avløysarlag og Maskinring. Denne namnetypen er langt mindre vanleg i Oslo. Ein grunn til skilnaden kan vere at det på Voss er meir sannsynleg at kundane kjenner til dei som eig butikkane enn det som er tilfellet i Oslo.

Forretningsdrivande har naturleg nok ulike tankar om kor breitt dei ønskjer å satse, både økonomisk og geografisk. Dei som opnar butikk for eit lite, lokalt publikum, vil truleg ta andre val enn dei som har planar om å satse nasjonalt eller internasjonalt. Ein av dei få butikkane med engelsk namn på Voss er kjedebutikken b.young. Slike kjedebutikkar kan ha to grunnar til å marknadsføre seg på engelsk: Det kan verte oppfatta som progressivt og moderne på grunn av den symbolverdien engelsk har, og det kan vere pengar å spare på å bruke same marknadsføringsspråk i alle land.

Ønsket om å spare pengar kan òg ligge bak når ein butikk som Jernia på Voss har ein plakat på bokmål: «Kjøkkenstartsett 36 deler». Det er billegare å bruke like plakatar over heile landet. Valet kan òg tolkast ideologisk: Kanskje føreset butikkeigarane at bokmål har en større nasjonal salsappell enn nynorsk. Også blomsterbutikkane på Voss held seg gjerne med plakatar på bokmål sidan dei er medlem av riksdekkande kjeder.

Nær og lokal

Butikknamnet Tiljamid as viser korleis eit namn kan gi butikken eit nært og lokalt uttrykk. Namnet på klesbutikken er sett saman av namna til barna til eigaren. Dei heiter Tiril, Vilja, Mia og Ida. Til slutt fikk dei ei lita Agnes også, så då gjorde dei firmaet om til eit as: Tiljamid as. Då eg var på Voss, var det ikkje noko skilt på butikken. Eigaren forklarte at det var fordi ho enno ikkje hadde funne ein skiltmakar som kunne lage skiltet akkurat slik ho ville ha det. Det vitnar om eit svært medvite forhold til namnevalet – og presentasjonen av namnet. På tross av manglande namneskilt på butikken, er den språklege profilen godt synleg på fasaden: Nynorske ord som  «miljøvenleg» og «bambusklede» er brukte, og eigaren sa at ho var opptatt av at butikken skulle vere «vossisk». Merkelappane på kleda er på nynorsk og/eller med innslag av lokale dialektord. Eigaren er opphavleg svensk, men er gift med ein mann frå Voss. Ulikt språkvala til kjedebutikkar som b.young, vert det personlege og nære ekstra tydeleg for Tiljamid.

Det lokale preget er naturlegvis òg slåande for butikkane med dialektnamn, som Sjappo og Snedd’n. Det siste ordet er eit velbrukt adjektiv i området: «Det var ei snedd’n bukse du hadde fått deg.» At haldningane til eit talemål vert påverka av om målet er brukt i skrift, er ikkje vår tids sosiolingvistar dei første til å påpeike. Filologen og historikaren Gustav Indrebø såg det alt i 1932: «Den tokken han fær av alt dette skrivne, kann lett vildra noko meiningi hans um talemålet òg.»

 

Publisert i Motmæle

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:15.12.2014 | Oppdatert:16.12.2014