Tale ved utdelinga av Språkprisen 2014

(18.11.14) Di meir kunnskap og teknologi der er i eit samfunn, di meir avhengig er dette samfunnet av presist skriftspråk. Det sa Ottar Grepstad, styreleiar i Språkrådet, då tidsskriftet Vagant fekk Språkprisen 2014.

Pristale ved styreleiar Ottar Grepstad på Språkdagen 18. november 2014

Frå 1992 har statens rådgivande organ for språk og språkpolitikk prisa 23 forfattarar for deira bruk av bokmål og nynorsk. Dei siste åra har Språkrådet kvar gong delt ut Språkprisen til ein bokmåls- og ein nynorskbrukar. Frå og med i år skiftar vi på, og Språkprisen 2014 går til framifrå bruk av bokmål i sakprosa.

bilder

Di meir kunnskap og teknologi der er i eit samfunn, di meir avhengig er dette samfunnet av presist skriftspråk. Språkdagen 2014 har vist at arbeidet med terminologi må førast vidare, systematisk og målretta. Det arbeidet heng nøye saman med det målet Stortinget har sett om eit samfunn med to komplette, samfunnsberande norske språk, seinast manifestert ved at Stortinget i år vedtok Grunnlova på bokmål og nynorsk.

På vegen til det målet dukkar mange problem opp. Eit av dei samla ein tidlegare prisvinnar i uttrykket bokmålsbrukarens manglande sjølvtillit. Året var 1999, men utsegna er diverre like relevant i dag. Mange bokmålsbrukarar er for lite opptekne av sitt eige språk og gir i staden auka sosial status til engelsk og lågare sosial status til nynorsk. Særleg næringslivet, kulturindustrien, teknologimiljøa og høgare utdanningsinstitusjonar har mykje ugjort for at bokmål skal bli eit av to komplette, samfunnsberande språk i Noreg.

Som nynorsk er bokmål blant dei hundre mest solide skriftkulturane i verda. Årsaka ligg i dei mange samfunnsinstitusjonane, støtteordningane og spreiingsmekanismane for skrift som gjennomsyrar den norske kvardagen. Utgangspunktet er altså det beste.

Men: Heller ikkje den som er i fleirtal, ser alt. Fleirtalet kan gjere mykje som krev lite grunngiving og rettferdiggjering, kan ta svært mykje for gitt som eit mindretal alltid må streve for å oppnå, og reflekterer i liten grad over sin eigen posisjon. Difor finst det ingen språkmuseum for italiensk i Italia eller for spansk i Spania. Derimot finst det museum for baskisk i Spania og to museum for oksitansk i Italia.

I Noreg har mange bokmålsbrukarar brukt mykje tid på korleis bokmål skal skrivast, og for få har vore opptekne av at bokmål blir brukt i flest mogleg samanhengar i samfunnet. Den norske kvardagen er prega av press frå bokmål mot nynorsk. Mange arbeider for å redusere det presset. I Noreg er der også eit press mot bokmål frå engelsk. Der er mykje ugjort, og eg vonar Språkrådet gjer sitt i den strategiplanen 2015–2017 som styret vedtek om ein månad.

Språkrådet skal vere der språkbrukarane er. Kvart år gir vi våre språkråd både ut til mange tusen i deira kvardagar og innover til dei mange i forvaltninga og våre politisk overordna. Kva som er god språkbruk, markerer vi først og fremst ved å framheve dei beste og heidre dei med Språkprisen.

Den prisen kan gå til kandidatar på alle sentrale samfunnsområde, til ein person eller til ei gruppe, og den kan givast for eit enkeltverk eller ein større produksjon dei siste fem åra. Prisvinnaren får eit diplom som fortener veggplass, og 100 000 skattefrie kroner.

Ein jury oppnemnd av styret vurderer alle kandidatane og avgjer kven den eine skal vere. Styret strør blomar, ikkje sand, på vedtaket. Juryen har altså siste ordet. Førsteamanuensis Karianne Skovholt har vore juryleiar. Med seg har ho hatt forfattar og journalist Morten A. Strøksnes, journalist og språkarbeidar Tiril Rem og bibliotekfagleg direktør Kjartan Vevle.

I år har juryen drøfta og vurdert 32 kandidatar. Grunngivinga seier noko viktig om kva Språkrådet meiner særkjenner prisvinnarens innsats for godt norsk i sakprosa, i år på bokmål.

Redaktør Audun Lindholm, gratulerer med prisen!

 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:18.11.2014 | Oppdatert:04.12.2019