Årets ord: framandkrigar/fremmedkriger

(2.12.14) Få ord har prega nyheitsbiletet i år som framandkrigar. Det er eit nytt ord frå ein konflikt som har kome oss ubehageleg nær.

Kåringa av årets ord er eit samarbeid mellom Språkrådet og Gisle Andersen, nyordsforskar ved Noregs handelshøgskole. Vi har mellom anna nytta verktøy som fangar opp nye ord frå alle dei store riksavisene og fleire regionaviser. Dataverktøyet er utvikla ved Uni Research Computing. Mange nyord er døgnfluger, men vi trur at orda på denne lista vil slå rot i språket.

Årets ord er framandkrigar. Borgarkrigane i Syria og Irak har prega nyheitsbiletet i år, og konflikten har kome tettare innpå oss ved at nordmenn har reist til krigsområda for å kjempe – hovudsakleg for islamistane, men òg på motstandarane si side. Frå gamalt av har vi ord som frontkjempar, friviljug og leigesoldat, men i år har vi hatt behov for eit nytt ord. Framandkrigar er eit treffande ord som vi trur vil etablere seg i språket. Ordet dukka opp i avisene i 2010, men var lite brukt før det i 2014 auka svært sterkt.

Sosiale medium, skog, forsking og oppdrett

Fleire ord har festa seg i norsk i 2014, etter å ha dukka opp dei siste åra. Adjektivet viral vert nytta om noko som spreier seg raskt på nettet, særleg gjennom sosiale medium. Ordet er avleidd av virus, som også kan spreie seg raskt. Vi har også sett at viral vert nytta i samband med andre ord, t.d. viralvideo og viralnettstad og uttrykket gå viralt.

Emoji er noko så sjeldant som eit låneord frå japansk. Ein emoji er et lite symbol som vert brukt for å uttrykke kjensler i sms-ar eller på sosiale medium. Det kan vere eit hjarte, tommelfingrar, animerte figurar osb. Både bruken av symbola og ordet har auka monaleg i år.

Pøbelgran er eit kreativt ord som har fått eit oppsving. Pøbelgran er eit samleomgrep for gran som er planta utanfor det naturlege voksterområdet og som dimed kan vere ein økologisk risiko.

Eit veldiskutert tema i år har vore lagring og analysar av store informasjonsmengder, på engelsk big data. Massedata og stordata er to norske ord for fenomenet, og i år ser vi at stordata har slått igjennom. Vi trur at ordet vil fortrengje det engelske ordet.

Forskingsformidling er eit viktig høve for å skape gode, norske faguttrykk. Nobelprisen i fysiologi og medisin til May-Britt og Edvard Moser har synt korleis det gode uttrykket gittercelle har spreidd seg frå laboratoriet til tv-stova.

Ein ser det stadig oftare: Vi sit med bøygd nakke over mobilen eller nettbrettet. Vi veit ikkje om belastinga for nakken vert ein folkesjukdom i framtida, men trur at ordet mobilnakke har kome for å bli i språket vårt.

I oppdrettsnæringa har lakselus vore eit alvorleg problem. Ei teknologisk nyvinning kan bøte på det, og namnet på oppfinninga, luseskjørt, er biletleg og treffande. Det er eit oppheng som skal verne oppdrettsmerdene mot lusa.

Ei anna oppfinning har også fått eit norsk ord som har breidd om seg i 2014, ståhjuling, og vi vil nok sjå desse framkomstmidla i gatene langt oftare i framtida.

Vi er no vande til å høyre om kompiskøyring, sofasurfing og bruktmarknad på nettet. Denne forma for økonomi med deling og attvinning av produkt og tenester direkte mellom personar har fått samlenemninga deleøkonomi. Omgrepet er på full fart inn i språket vårt.

 

1 framandkrigar/fremmedkriger

2 viral

3 emoji

4 pøbelgran

5 stordata

6 gittercelle

7 mobilnakke

8 luseskjørt

9 ståhjuling

10 deleøkonomi

 

 

Kontakt

Ole Våge, seniorrådgjevar i Språkrådet, tlf. 452 42 401
Gisle Andersen, professor ved Noregs handelshøgskole, tlf. 934 68 641
Svein Arne Orvik, informasjonssjef i Språkrådet, tlf. 938 06 923

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter