Språkrådet inviterer til språkkafé om minoritetsspråk i Tromsø
(10.6.13) Korleis kan vi leggje til rette for og tryggje minoritetsspråk i byen på ein konstruktiv og synleg måte? Kva for utfordringar møter vi, og korleis kan befolkninga og Tromsø kommune bidra?
Velkommen til ein samtale om fleirspråklegheit i Tromsø.
I panelet sit:
- Arnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet
- Ellinor Jåma, rådsmedlem i Sámediggi / Sametinget
- Florian Hiss, postdoktor, Universitetet i Tromsø
- Hilde Skanke, leiar Kainun institutti / kvensk institutt
- Magnus Mæland, Tromsø kommune, leiar for kommunens utdannings-, idretts- og kulturkomité
Leiar for paneldebatten:
- Tove Bull, Universitetet i Tromsø, professor i nordisk språkvitskap
Stad: Radisson Blu Hotel, Tromsø, Tromsøsalen 3
Tid: Torsdag 13. juni, klokka 18.00–19.30 (dørene opnar ca. 17.45)