Språkåret 2013 er i gang!

(4.1.13) Språkåret skal setje fokus på alle språk i Noreg: målformene nynorsk og bokmål, samisk og minoritetsspråka kvensk, romani og romanes, i tillegg til teiknspråk, som har fått status som offisielt språk i Noreg. Samtidig har vi òg mange dialektar og ei rekkje nye innvandrarspråk.

Logo Språkåret 2013Målet er ei raus, inkluderande og samlande feiring av alt språk i Noreg, med grunnlag i 200-årsjubileet for Ivar Aasen og 100-årsjubileet for Det Norske Teatret. Den offisielle opninga vart halden 2. januar i Kristiansand (der Det Norske Teatret heldt den aller første framsyninga si på denne datoen), av kulturminister Hadia Tajik (Ap).

Språkrådet skal gjennom året arrangere fleire språkkafear, der vi inviterer til debatt om ulike språkpolitiske emne. Første emnet som skal under lupa, er situasjonen for dei mange morsmålsbrukarane av andre språk enn norsk. Det skjer på den internasjonale morsmålsdagen 21. februar på Litteraturhuset i Oslo.

Språkrådet vil nytte Språkåret 2013 til å framheve språkleg mangfald og måljamstilling i arbeidet med å betre språket i offentleg forvaltning. Vi vil òg markere verdien av språkmangfald på Døves Kulturdager.

Det vidare arbeidet med Språkåret skal Nynorsk kultursentrum stå for. Inger Johanne Sæterbakk (30) frå Orkanger er tilsett som prosjektleiar, og sekretariatet ligg på Ivar Aasen-tunet.

Språkåret har si eiga nettside, og du finn òg meir informasjon på nettsidene til Ivar Aasen-tunet.

Du kan følgje Språkåret både på Twitter og Facebook.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter