Nynorskkurs for statstilsette

(29.11.13) Våren 2014 held Språkrådet nynorskkurs for statstilsette. Kurset er ope for deltakarar med ulike forkunnskapar og gir høve til målretta arbeid med nynorsk over tid.

Kurset går over to dagar. På den første kursdagen får kursdeltakarane ei innføring i nynorsk språkføring, med vekt på ordval og setningsbygnad, medan dei får ein meir detaljert gjennomgang av grammatikken på den andre kursdagen. På begge dagane er praktiske øvingar ein stor del av opplegget. I tida mellom kursdagane må deltakarane setje av tid jamleg til å arbeide med nynorsken.

Datoar

For å få plass til flest mogleg kursdeltakarar held vi kurs for to grupper våren 2014:

  1. 27. januar og 23. april
  2. 29. januar og 24. april

Ved påmelding må deltakarane spesifisere kva for gruppe dei vil melde seg på.

Kursopplegg

Deltakarane vil lære nynorsk både gjennom undervisning og ved å nytte nynorsk sjølve i arbeidet sitt. På kursdagane vil det bli gitt undervisning i nynorsk grammatikk og nynorsk språkføring, og deltakarane vil bli kjende med verktøy og hjelpemiddel. Mellom kursdagane oppmodar vi deltakarane til å skrive nynorsk så mykje som mogleg i arbeidet sitt. Det beste resultatet vil ein få dersom ein går over til å skrive nynorsk heile tida i denne perioden. Språkrådet gir heile vegen tett oppfølging, og deltakarane kan ta kontakt for språkspørsmål eller for å få tilbakemelding på tekstar.

Kven passar kurset for?

Dette kurset krev ein god del eigeninnsats og passar særskilt for deltakarar som er motiverte til å lære ved å skrive meir nynorsk i arbeidet sitt. Det er ønskjeleg at kursdeltakarane til vanleg skriv tekstar for nett.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:25.11.2013 | Oppdatert:11.12.2014