Kompetanseprøver i bokmål og nynorsk, laurdag 2. november 2013

(2.10.13) I 2006, 2008 og 2010 heldt Språkrådet kompetanseprøver for språkkonsulentar i bokmål og nynorsk. Laurdag 2. november 2013 skal vi halde nye prøver.

Prøvene er skriftlege, og ingen hjelpemiddel er tillatne. Dei som greier prøvene, får eit kompetansebevis som viser at dei er svært kompetente språkkonsulentar som Språkrådet utan atterhald kan tilrå statsorgan å bruke.

Vi gjer merksam på at dette ikkje er ei ordinær «norskprøve». Føremålet med prøva er ikkje å teste om kandidatane kan norsk, men å finne fram til særs kompetente språkkonsulentar som meistrar både norsk grammatikk, teiknsetjing, rettskriving og idiomatikk (språklege uttrykksformer) og som difor er i stand til å utføre språkleg kvalitetssikring av store og viktige dokument for norske statsorgan. Prøvene krev altså både norskkompetanse på tilnærma førstespråknivå og særs gode formelle kunnskapar.

Prøvene er vanskelege. I 2010 greidde 20 av 77 deltakarar bokmålsprøva (74 % stryk), medan 10 av 28 kandidatar greidde nynorskprøva (64 % stryk).

Tid: laurdag 2. november 2013
Stad: Observatoriegata 1 B, Oslo
(bak Nasjonalbiblioteket, ved Solli plass)

Bokmålsprøva blir halden frå 9.00 til 12.30, nynorskprøva frå 13.30 til 17.00.

Det er gratis å melde seg på og ta prøvene. Deltakarane må sjølve dekkje eventuelle reisekostnader.

Det er mogeleg å melde seg på begge prøvene eller berre ei av dei. Det er plass til om lag 70 kandidatar til kvar av prøvene. Dersom det er stor pågang, vil dei som har meldt seg fyrst, få plass.

For å kunne ta prøvene må ein ha fullført minst eitt års høgare språkfagleg utdanning i norsk eller framandspråk. Statsautoriserte translatørar kan ta prøva uavhengig av utdanningskravet.

Les meir om nynorskprøva og bokmålsprøva.

Påmeldingsfristen er måndag 21. oktober 2013. Send påmeldinga til stat@sprakradet.no. Merk e-posten med «Påmelding til kompetanseprøve» i emnefeltet. Hugs å skrive namn og telefonnummer. Skriv dessutan kva prøve du melder deg på, eller om du melder deg på begge prøvene.

Saman med påmeldinga skal du sende ein skanna kopi av vitnemål eller karakterutskrift som viser at du oppfyller utdanningskravet. Dersom du ikkje har høve til å skanne dokmenta, kan du sende papirkopi til denne adressa: Kjetil Aasen, Språkrådet, Postboks 8107 Dep, 0032 OSLO.

Dersom du har spørsmål om prøvene, kan du ta kontakt med rådgjevar Kjetil Aasen på e-post kjetil.aasen@sprakradet.no eller telefon 22 54 19 68.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:02.10.2013 | Oppdatert:05.12.2019