Frukostseminar om nynorsk i staten

(30.4.13) Språkrådet inviterer til seminar tysdag 28. mai 2013. Seminaret er for deg som arbeider med å få ei jamnare fordeling mellom målformene på arbeidsplassen din.

Du får vite 

  • korleis andre arbeider for å få meir og betre nynorsk i sine etatar
  • korleis du kan spreie informasjon om regelverket
  • kva som finst av nynorskkurs og nyttige hjelpemiddel
  • kva mållova krev av statsorgan og på kva område de bør setje inn kreftene
Tidspunkt Hending
Frå 08.30 Frukost
09.00 Opning ved direktør i Språkrådet, Arnfinn Muruvik Vonen
09.05

Slik lykkast du med nynorskarbeidet – gode råd frå andre statsorgan
Seniorrådgjevar Rune Timberlid, Lotteri- og stiftelsestilsynet
Førstekonsulent Gunn-Karin Aase, Barneombodet

10.00 Pause
10.10

Språkrådet hjelper deg – informasjon om mållova, kurstilbod og hjelpemiddel
Rådgjevar Astrid Marie Grov
Rådgjevar Kjetil Aasen
Seniorrådgjevar Aud Anna Senje

10.50 Spørsmål

Praktisk informasjon

Tid: tysdag 28. mai 2013 kl. 09.00–11.00.
Stad: lokala til Språkrådet i Observatoriegata 1 B, Oslo.

Seminaret er gratis. Påmelding til astrid.marie.grov@sprakradet.no seinast 24. mai 2013.   

Velkomen!


Kontaktpersonar:

Astrid Marie Grov, e-post: astrid.marie.grov@sprakradet.no, tlf.: 22 54 19 76
Kjetil Aasen, e-post: kjetil.aasen@sprakradet.no, tlf.: 22 54 19 68

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:30.04.2013 | Oppdatert:11.12.2014