Studieadministrativ fagterminologi finst no på nynorsk

(12.1.12) Lurer du på kva ord som er riktig å bruke i studieadministrasjon på høgskular og universitet? Termbasen til Universitets- og høgskolerådet (UHR) gir svar. No finst basen på nynorsk òg.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

UHR har bygd opp ein base med meir enn 2000 termar på bokmål og engelsk. No har Språkrådet vore med på å utvikle ein nynorsk versjon av basen.

I den nye basen kan du søkje på ein nynorsk term og få vite kva han blir på engelsk. Omvendt kan du søkje på engelsk og få vite kva termen er på nynorsk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:12.01.2012 | Oppdatert:19.11.2021