Språkprisen 2011: Pristale ved styreleiar Ottar Grepstad på Språkdagen

(15.11.11) Etter ein dag med kritiske blikk på språkbruk i politiske styringsdokument, akademia og næringsliv er tida komen for å vise fram noko av den beste sakprosaen som blir skriven på norsk i vår tid.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Morten A. Strøksnes og Agnes Ravatn takkar for Språkprisen 2011. Foto: Gorm Kallestad / Scanpix.

Den vanlegaste av alle språklege forenklingar er å seie at språk er eit kommunikasjonsmiddel og at det viktigaste er å bli forstått. Sjølv den enklaste kommunikasjon og den mest vanlege munnlege sakprosa ber i seg noko meir. For dette skal eg føre to sanningsvitne frå ein og same dag, sist onsdag.

Hello, sa den eine, – my name is Holger Danske and I call you because I write a master thesis. Han sat i København, og der var klokka langt på dag. Eg var i New Orleans og var blitt vekt av ein engelsktalande dansk akademikar som trudde han ringde til Noreg. Du må gjerne snakke dansk, sa eg, det går fint, og det gjorde det. Han var dansk og snakka engelsk trass i den kulturelle nærleiken. Å vere i New Orleans og snakke engelsk med ein danske i København kjennest veldig feil.

Ut på kvelden gjekk eg til Snug Harbour i Frenchmen’s Street, kanskje den beste jazzklubben i New Orleans. Der var eit 13-mann stort orkester av utsøkt kvalitet med ei kvinne, høg og mørk, som song like utsøkt om ein eller annan Jackie. Etterpå sette ho seg rett framfor meg. Då ho høyrde at eg snakka med ein neworleanar om Norway, snudde ho seg: –­­ Er du norsk? Ho var dansk og snakka dansk og markerte kulturell nærleik. Å snakke nynorsk med ein danske i New Orleans kjennest heilt rett.

Å vere turist eller fagmenneske i språket er berre to måtar å vere språkbrukar på. Språkrådet ønskjer å vere der språkbrukarane er, om så i New Orleans. Kvart år gir vi våre språkråd både ut til mange tusen i deira kvardagar og innover til dei mange i forvaltninga og våre politisk overordna. Å gjere slikt kan vere handfaste bidrag til god språkbruk. Kva som er god språkbruk, markerer vi først og fremst ved å framheve dei beste og heidre dei med Språkprisen.

Norsk språkråd delte i åra 1992–2003 ut Norsk språkpris til ti sakprosaforfattarar. Prisen blei skiftevis delt ut til bokmåls- og nynorskbrukarar – først til Lars Roar Langslet, sist til Frode Grytten. Etter omorganiseringa i 2007 vedtok styret å ta opp att tradisjonen, no med Språkprisen. Som ein konsekvens av at Noreg er eit land med ein språkdelt kultur og to offisielle, riksdekkjande norske språk, deler vi no årleg ut prisen til både ein bokmåls- og ein nynorskforfattar. 

Kvar vår lyser vi ut prisen, og det står alle fritt å kome med forslag. Ein jury oppnemnd av styret gjer dei vanskelege vurderingane og vala, og styret tek med stor glede innstillinga til vitende. Juryen har altså siste ordet og skal finne fram til prisvinnarar som står for «framifrå bruk av norsk i sakprosa». Kandidatar til prisen kan kome frå alle sentrale samfunnsområde, prisen kan gå til ein person eller til ei gruppe, og den kan givast for eit enkeltverk eller ein større produksjon frå dei siste fem åra. Språkprisen har gått til forfattarar som Karin Sveen, Kjartan Fløgstad, Elisabeth Aasen og Jon Hellesnes.

Lektor og forfattar Ove Eide har vore juryleiar også i år. Med seg har han hatt forfattar og kritikar Espen Søbye, journalist Tiril Rem og førsteamanuensis Karianne Skovholt. Grundig og samvitsfullt har dei lese, tenkt og konkludert. Det har dei også gjort på ryddig vis. Éin jurymedlem sa seg ugild ved valet av den eine prisvinnaren, og éin jurymedlem sa seg ugild ved valet av den andre. Av slikt blir det gilde prisvinnarar.

Prisvinnarane får eit diplom høveleg som veggpryd, eit grafisk blad av Kjell Nupen som kan få følgjer for innreiinga av enkle forfattarheimar, og dei får 50 000 skattefrie kroner. Grunngivinga frå juryen varer lenger enn pengane. Den korte grunngivinga seier noko viktig til kvar prisvinnar om kva Språkrådet meiner særkjenner deira innsats for å vidareutvikle norsk sakprosa.

I år går Språkprisen til to forfattarar som alt har gjort mykje, men som også har mykje ugjort. Ingen forfattar kan vere sikker på om det han eller ho skriv, held mål. Den skapande og språklege uroa er der heile tida. Å få Språkprisen kan auke prestasjonsangsten, men kan også gi eit glimt av sjelefred for tanken om at ein har gjort noko som var rett å gjere.

Det er ikkje lett for nokon å skrive, sa Grete Riise då ho la fram innstillinga om 2012-normalen for nynorsk. Det er ikkje lett for nokon å tenkje godt og skrive godt heller. Den kunsten oppstår sjeldan i einerom og blir gjerne skapt langs den lange vegen av begeistring og støtte, motstand og kritikk. Når nokon får Språkprisen, kan som regel også andre rette ryggen.

Begge prisvinnarane skriv mykje, og begge skriv dei sakte i den forstand at dei tastar seg fram til det klokt tenkte og godt skrivne. I dag prisar vi dei lykkeleg for at dei har skrive seg forbi den journalistikken dei begge skriv seg frå.

Juryen seier det slik:

«Språkprisen 2011 går til to journalistar som maktar å kombinere varierte og sterke språklege verkemiddel med refleksjon og analyse. Tekstane deira er festa i den flyktige avisverda, men det begge skriv, står seg også godt i bokform. Begge oppsøkjer samtida gjennom tekstane sine; den eine med kvast blikk for det nære og alminnelege, den andre med større rom i dei sakene han tek opp. Felles for dei to er også kreativ språkbruk og overraskande språklege vendingar som skaper ettertanke hos lesaren. Begge vinnarane har vore tydelege stemmer i norsk sakprosa på 2000-talet.

Vinnaren av nynorskprisen las så mange jenteblad då ho var mellom 10 og 14 år at ho heldt på å bli blind. Men tekstane hennar viser at ho har behalde synet: med eit skarpt blikk for samtidsfenomen og tidsånd kastar ho lys over kvardagsliv og folkelesnad og set det nære inn i større samanhengar. Ho kler seg ofte med ei naiv maske, men tekstane hennar er langt frå enkle. Ho er subjektiv og analytisk, humoristisk og overraskande, nyskapande og språkleg utagerande. Språkprisen 2011 for framifrå bruk av nynorsk i sakprosa går til Agnes Ravatn for bøkene Stillstand (2009) og Folkelesnad (2010) og for virket hennar som spaltist og kommentator i Dag og Tid.

Vinneren av bokmålsprisen gjør det ikke alltid lett for seg. Dette gjelder både når han skriver seg inn i sporene etter en av klassikerne i norsk sosiologi, og når han leter etter sammenhenger og konfliktlinjer i en av de største norske mediesakene det siste tiåret. Han kombinerer store kunnskaper med ypperlig evne til å observere, skape oversikt og forme fortellinger i et variert og kreativt språk. I sine større arbeider viser han stor evne til å formidle et omfattende stoff. Vinneren av sakprosaprisen på bokmål har et stort forfatterskap bak seg med tekster og bøker også på nynorsk.

Språkprisen 2011 for framifrå bruk av bokmål i sakprosa går til Morten A. Strøksnes for bøkene Hva skjer i Nord-Norge? (2006) og Et mord i Kongo (2010) og for hans virke som spaltist og kommentator i dagspressen.»

Morten A. Strøksnes og Agnes Ravatn, hjarteleg til lykke med Språkprisen 2011!

 Foto av Ottar Grepstad som held pristalen: Gorm Kallestad / Scanpix
  

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.11.2011 | Oppdatert:19.11.2021