Lanseringsmøte for Språkrådets terminologiteneste 22. april 2010

(23.4.10) Hausten 2009 oppretta Språkrådet ei terminologiteneste som skal vere eit nasjonalt samordningsorgan for utvikling og tilgjengeleggjering av norsk terminologi. Tenesta hadde lanseringsmøte torsdag 22. april og gjorde der greie for arbeidet sitt. Nærmare 70 personar møtte fram.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Publikum på møtetSpråkrådet hadde invitert representantar for offentlege og private verksemder til møtet, m.a. forlag, universitet og høgskular, offentlege etatar, organisasjonar og omsetjarbransjen.

 

 

Jan HoelMøtet vart opna av språkrådsdirektør Sylfest Lomheim, deretter orienterte Jan Hoel frå terminologitenesta om bakgrunnen for skipinga av tenesta og den siste språkmeldinga til Regjeringa. Han presenterte hovudmålet for terminologitenesta, som er å medverke til at meir norsk terminologi blir gjort tilgjengeleg for flest mogleg, og mottoet for tenesta – riktige termar gir godt fagspråk.

På programmet stod det dessutan tre spennande føredrag:

 

Håvard Hjulstad frå Standard Norge gav ei innføring i fagspråk og terminologi der han m.a. kom inn på kva som særmerkjer fagspråket og skil det frå allmennspråket, og korleis ein god term bør vere. I tillegg gav han ei nyttig oversikt over dei standardane for terminologiarbeid som ligg føre.

Johan MykingJohan Myking frå Universitetet i Bergen gav deretter eit historisk oversyn over norsk institusjonelt terminologiarbeid med vekt på den rolla m.a. Språkrådet og dei tidlegare institusjonane Rådet for teknisk terminologi og Norsk termbank har hatt, og den prosessen som har ført fram til skipinga av ei terminologiteneste i Språkrådet.

Anna-Lena Bucher og Henrik Nilsson frå Terminologicentrum (TNC) i Sverige orienterte om den historiske bakgrunnen til TNC og om visjonane og måla for institusjonen og samordninga av det svenske terminologiarbeidet. I tillegg gav dei ein presentasjon av den svenske nasjonale termbanken – Rikstermbanken – som inneheld termar og omgrep frå ei rekkje fagområde, utvikla av TNC eller andre. Henrik NilssonRikstermbanken er gratis tilgjengeleg på nett.

Til sist informerte Marianne Aasgaard og Sylvi Dysvik om arbeidet til terminologitenesta og om planar, tilbod og verktøy, og det var høve til å stille spørsmål.

Eit godt utvikla fagspråk med presis og dekkjande terminologi er ein føresetnad for at fagfolk skal kunne kommunisere fullgodt, både med kvarandre og med folk flest. Noreg ligg etter mange andre land når det gjeld utvikling og tilgjengeleggjering av terminologi på morsmålet. Skipinga av ei eiga terminologiteneste i Språkrådet skal medverke til å rette på dette og til å styrkje norsk fagspråk slik at norsk kan vere eit samfunnsberande språk også i framtida. Terminologitenesta skal arbeide for å auke interessa og ansvaret for terminologi og fagspråk. Ho tek sikte på å koordinere praktisk terminologiarbeid både i offentleg og privat sektor og håpar å kunne medverke til å utvikle terminologiprosjekt i ulike fagmiljø. Tenesta skal ha eit særleg ansvar for å gje råd til offentleg forvaltning i terminologispørsmål.

Programmet for lanseringsmøtet finn du her. Under temaet Terminologi og fagspråk kan du lese meir om Språkrådets arbeid på dette området, om terminologitenesta og om fagrådet for terminologi og fagspråk. Du finn òg anna nyttig lesestoff og opplysningar om relevante miljø, arrangement og tilgjengelege ressursar.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:23.04.2010 | Oppdatert:19.11.2021