Varsel om høyring: revisjon av nynorskrettskrivinga

(16.8.10) Styret i Språkrådet har oppnemnt ei rettskrivingsnemnd som skal lage ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer. Målet er å etablere ei norm som gjer det lettare å vere nynorskbrukar, som er tydeleg for alle som bruker nynorsk som sidemål, og som er stabil over tid.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Norma skal vere lett å bruke uavhengig av formell utdanning og språkkompetanse, heiter det i vedtaket frå styret.

Den nye norma skal erstatte dagens norm. Arbeidet skal vere ferdig frå Språkrådet si side 15. mai 2011 etter ein open og inkluderande prosess.

Invitasjon til å delta i utforminga av den nye norma
Vi inviterer alle til å delta i prosessen gjennom nettsida vår og i det opne diskusjonsforumet til nemnda. Her får de tilgang til alle vedtak etter kvart som dei er klare, og de kan finne møteplan med tema som gjer at de kan sende inn konkrete framlegg som nemnda kan ta med i drøftingane.

Nemnda gjennomfører særskilde møte med nokre sentrale språknormerarar som aviser, språkfirma, forlag og utdanningsinstitusjonar for å sjå på praksis og preferansar. I tillegg til det store utgreiingsarbeidet som ligg frå 2000 og 2002 (Nynorskrettskrivinga), brukar dei det nynorske tekstkorpuset, nytt materiale frå aviser og offentleg verksemd og materiale frå elevarbeid for å få eit inntrykk av kva som er dei mest brukte formene i dag.

Høyring
Nemnda kjem til å leggje fram utkast til ny norm seinast 1. februar 2011. Høyringsinstansane vil få tilsendt høyringsutkastet med invitasjon til å kome med skriftlege fråsegner og vere med i eit ope høyringsmøte i Oslo 21. februar 2011. Etter høyringa leverer nemnda sitt endelege utkast til styret i Språkrådet 1. april 2011, og Språkrådet ventar at norma skal gjelde frå skulestart 2012.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.08.2010 | Oppdatert:19.11.2021