Striden om gardsnamna

(10.6.08) Gamle stadnamn er ein del av kulturarven og eit fellesgode. Å sikra dette har vore eit hovudmotiv for lov om stadnamn, skriv Botolv Helleland, konsulent for stadnamntenesta, i ein kronikk.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Av Botolv Helleland, førsteamanuensis, Institutt for lingvistiske og nordiske studier, Universitetet i Oslo og namnekonsulent for staten

Det er ilter debatt om korleis norske gardsnamn skal skrivast. Nokre politikarar vil at grunneigarane skal få bestemma. Men er dét rett forvaltning av kulturarven?

Etter lov om stadnamn er det Statens kartverk som fastset skrivemåten av dei fleste stadnamna, også gards- og bruksnamn. Mange grunneigarar er misnøgde med at Kartverket har fastsett ein annan skrivemåte enn den dei sjølv ynskjer og er van med. Dei ser namnevedtaka som overgrep mot den private eigedomsretten og identiteten namna representerer for dei.

No har ein del av dei misnøgde organisert seg og fått namnesaka inn på den politiske arenaen. Ei gruppe politikarar i opposisjonen har teke opp ballen og kravd lovendring. Den 16. mai, altså dagen før nasjonaldagen, sende leiaren i familie- og kulturkomiteen dokument nr. 8:58 (2007–2008) til kulturminister Trond Giske (Ap) med oppmoding om å endra stadnamnlova slik at grunneigaren får vetorett i skrivemåten av namnet på eigedomen.

Har innverknad
For mange høyrest dette ut som eit rimeleg krav. Er ein eigar av eit gardsbruk, bør ein òg ha rett til å bestemma namn og skrivemåte på eigedomen. No har faktisk eigaren innverknad på kva form namnet skal ha, men skrivemåten må ta utgangspunkt i nedervd uttale og liggja innfor norsk rettskriving.

Når lova set avgrensingar i grunneigaren sin råderett over namnet, og det jamvel finst ei lov som regulerer skrivemåten, må det ha ei årsak. Det kan vera grunn til å sjå litt på bakgrunnen. Fram til slutten av 1800-talet vart stadnamna skrivne i ein skiftande og inkonsekvent ortografi. Som eit ledd i den kulturelle og språklege gjenreisinga på 1800-talet vart det sett i gang ein prosess med oppretting av skrivemåten.

Stadnamn som kulturarv
På 1900-talet vart det utferda kongelege resolusjonar om korleis namna skulle skrivast. Så i 1961 slo ein høgsterettsdom fast, med bakgrunn i skylddelingslova, at departementet ikkje hadde rett til å vedta skrivemåten av bruksnamn mot grunneigaren sin vilje.

Rett nok meinte ikkje Høgsterett at det offentlege ikkje skulle ha rett til å fastsetja skrivemåten, men at det trongst ein lovheimel. Dette sette i gang ein prosess som enda med at lov om stadnamn vart vedteken 18. mai 1990 (ein merkar seg den nesten symbolske datoen), med det viktige føremålet å verna om stadnamn som kulturarv. Berre Framstegspartiet røysta imot.

Innarbeidde skrivemåtar
I praksis var det tale om å gje stadnamna ein skrivemåte som best mogeleg tok vare på stadnamna som kulturarv, og då måtte ein byggja på den nedervde uttalen, men attgjeven i ein nokolunde praktisk ortografi – etter som det ville vera uråd å gjennomføra ein rein dialektal skrivemåte. For gardsbruksnamna var det likevel slik at ein skulle ta omsyn til innarbeidde skrivemåtar så langt dei kunne sameinast med hovudregelen for normering.

Samstundes var det ein føresetnad at grunneigar og kommune skulle høyrast, og det skulle leggjast vekt på deira syn så langt det kunne sameinast med normeringsreglane. Det innebar mellom anna at ein ikkje skulle nytta stumme h-ar eller «unorske» bokstavar som w, x, z. Ved ei lovendring i 2005 vart omsynet til grunneigaren forsterka, men det tydde framleis ikkje at han fekk full avgjerdsrett når det galdt kart, skilt o.l. (privat har han alltid stått fritt).

Etternamn frå gardsnamn
Ei viktig årsak til namnestriden er at det ofte er ei motsetning mellom gardsnamn og etternamn av gardsnamn. Det er eit særtrekk ved norsk namneskikk at så mange har eit etternamn som går attende på eit gardsnamn. Knapt noko anna europeisk land kan visa til tilsvarande tilhøve.

Dersom ein tek for seg telefonkatalogen i Oslo, vil ein sjå den norske landsbygda stiga fram i heile sitt språklege og geografiske mangfald. Dei er der alle saman, Bondevik, Sponheim, Enger og Giske, og det er atskilleg fleire enn dei som dominerer i media.

Av dei 169 stortingsrepresentantane har 115 eit gardsnamn som etternamn eller mellomnamn, ei fordeling som ligg nokså nær opp til landsgjennomsnittet, så slik sett kan ein seia at Stortinget er representativt for folket.

Varierande skrivemåte
Dersom ein samanliknar etternamn med stadnamn, vil ein fort sjå at mange av dei har ein annan skrivemåte enn dei tilsvarande stadnamna. Vanlege gardsnamn som Dal, Myre, Li, Voll finst nok som etternamn med denne stavemåten, men langt meir utbreidd er Dahl, Myhre, Lie, Vold. Gardsnamnet Kvåle (som tyder rund høgd) vert som etternamn skrive m.a. Kvaale, Quale, Qvale. Våge finst som Waage, Voie, Woie, Woye osv.

Det vert ofte vist til at ei slekt har nytta ein viss skrivemåte i mange generasjonar. Men skikken med faste etternamn er faktisk nokså ny. Fyrst med personnamnlova i 1923 vart etternamnskikken lovregulert. Systemet med arvelege etternamn var då innarbeidd, men ein skal ikkje lenger attende enn til 1800-talet før ein møter den eldre praksisen med å ta etternamn etter staden der ein budde. Dersom ein flytte frå ein gard til ein annan, tok ein namnet til den nye bustaden.

Dansktysk skriveskikk
Ein kan seia at gardsnamna fungerte både som adresser og som individualisering av den enkelte. I munnleg tale vart den dialektbaserte forma brukt, men i skrift var det prestar og andre embetsmenn med bakgrunn i dansktysk skriveskikk som bokførte namna, og ortografien i same namnet kunne ofte veksla mellom kvar gong namnet vart skrive.

Då skikken med faste etternamn etablerte seg, var det gjerne skriftformene frå 1700–1800-talet som vart nytta. Dermed kom namneberaren til å identifisera seg med ein forelda skrivemåte og såg gjerne at gardsnamnet fekk same form. Så når det vert klaga på at Kartverket endrar namn, er det heller slik at slektsnamnet avvik frå ein skrivemåte som har vore i bruk i matrikkel og på kart i lang tid.

Stadnamna er gamle
I eit historisk perspektiv er altså etternamna nye, medan stadnamna er gamle, til dels svært gamle. Dei oppstod som beskrivande adresser i omgivnaden, gjevne av dei som heldt til i området og oftast ikkje av dei som etter kvart vart eigarar av gardane. Stadnamn er historiske minnesmerke som fortel noko om staden den gongen namnet vart til.

Dei har vorte traderte i munnleg form gjennom mange generasjonar, skriftformene er sekundære. Stadnamna er ein del av den lokale og nasjonale kulturarven, og slik sett har dei krav på vern, på linje med andre typar kulturminne. Dette er ein viktig grunn til at det offentlege har sett det som nødvendig å gje stadnamna og dermed også bruksnamna ein skrivemåte som best mogeleg tek vare på dette unike kulturhistoriske og språklege materialet.

Historisk bakgrunn
Grunneigarane har all grunn til å vera stolte over å forvalta eigedomar med namn som kan vera både eitt og to tusen år gamle, og i eit slikt perspektiv bør det vera mogeleg å godta ein skrivemåte som så langt råd avspeglar den historiske bakgrunnen for namnet. At ein tilfeldig skrivemåte frå 1700–1800-talet skal leggjast til grunn for stadnamnet, synest uhistorisk.

Gamle stadnamn er heller ikkje noko ein legg ut på sal saman med den eigedomen som ber namnet. Dei er ein del av kulturarven og eit fellesgode. Å sikra dette har vore eit hovudmotiv for lov om stadnamn.

(Publisert i Aftenposten 8.6.08)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:10.06.2008 | Oppdatert:19.11.2021