Taco

No image

Gammal spansk vert ny norsk.

Fredagskvelden er det gode sjansar for at du grafsar i deg taco medan sausen renn og maiskorn og kjøtdeig tyt ut. Midt i strevet kan det vere at du lurer på kva ordet taco kjem av. Vi prøver å finne det ut utan å søle i språkhistoria.

Ordet taco er svært gammalt i spansk med felles røter med eldre romanske og germanske språk. Ordet har vorte nytta i skrift allereie i 1607, om ikkje endå tidlegare. I den aller første spanske ordboka frå Det spanske språkakademiet (bind 6 frå 1739) vart taco oppført med ulike tydingar: 'plugg, ladestokk (til å føre krut inn i forladegevær), røyr til barneleik, biljardkø, hammar, vinslurk'. Ingen av dei er inne på mat, om ein ser vekk frå ein slurk til maten, då.

Det var først i den tiande utgåva i 1852 at tilleggstydinga 'lett matbit som ein tek seg utanfor måltida pga. svolt eller appetitt' kom til. Kanskje kan dette forklarast med at pluggen stogga svolten, det veit vi ikkje. Den nye tydinga er uansett mykje meir generell enn den spesifikke friterte tortillaen med fyll. Men så vart ordboka skriven av kongelege leksikografar i Spania, 9000 kilometer unna Mexico.

Difor kan det vere betre å gå til heimlandet til tacoskjela. Om vi sjekkar eldre meksikanske kjelder, er det påfallande at verken bøker om meksikansk mat (El cocinero mexicano frå 1831) eller lokale ordbøker (Idiotismos hispano-mexicanos frå 1844) nemner taco i det heile. Det var først i ein bandittroman frå 1891 at taco dukkar opp i ei scene der born hinkar og leikar med tortilla-taco og avokado i hendene i samband med feiringa av nasjonalhelgenen Virgen de Guadalupe. Fire år seinare fekk taco ei oppføring i tydinga 'matbit' i den meksikanske dialektordboka Diccionario de mejicanismos.

Fleire mathistorikarar meiner at den meksikanske matretten taco stammar frå industrialiseringa av landet på slutten av 1800-talet. Utanfor fabrikkane stod seljarar og selde gatemat til arbeidarane. Denne gatematen tok utgangspunkt i den tradisjonelle tortillaen frå indianarkulturen, men vart fritert og fylt med ulikt innhald. Populært blant hombres då, populært hjå oss i dag. Tacoen spreidde seg deretter nordover mot USA, etterpå Europa og til slutt i Noreg i 80-åra.

Og guacamolen vi fyller i? Ja, han kjem av ordet ahuacamulli i indianarspråket nahuatl, som er ei samansetjing av orda ahuacatl (avokado) og molli (saus).

---

Foto: Pearl Pirie – tacos (Lisens: CC BY-SA 2.0).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:18.08.2017 | Oppdatert:08.08.2023