Populisme

No image

Ordet populisme kjem frå latin populus, som tyder folk. Andre avleiingar frå populus i norsk er populasjon og populær.

I valet i Nederland gjorde politikaren Geert Wilders og hans Partij voor de Vrijheid det dårlegare enn mange hadde venta. Han får gjerne merkelappen høgrepopulist, og blir ofte nemnd i same andedrag som politikarane Marine Le Pen i Frankrike og Frauke Petry i Tyskland. Andre stader i verda er det derimot venstrepopulistane som dominerer.

Truleg kjem den politiske termen populisme frå det amerikanske populistpartiet, som vart skipa på slutten av 1800-talet i USA. Det var eit parti med røter i bonderørsla i sør- og vestdelen av landet som var kritisk til kapitalisme, og fekk 8,5 % av røystene ved presidentvalet i 1892. Men allereie under den romerske republikken fanst grupperinga Populares, som arbeidde for plebeiarar og fattige. Den fremste figuren blant dei er nok tvillaust Gaius Julius Cæsar.

Her heime vart ordet tidlegare nytta nokså nøytralt for å skildra ei folkeleg rørsle som er skeptisk til makteliten. I dag blir ordet oftast brukt nedsetjande om ein ideologi som vanvyrder det politiske systemet og føreslår enkle løysingar på innfløkte problem.

 

Publisert 12. mars 2017

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter