Kristi himmelfartsdag

No image

«Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen: Menneskesonen, som er i himmelen.»

Slik lyder Evangeliet etter Johannes, kapittel 3, vers 13. Utan tyder her ‘utanom’, og Menneskesonen er Jesus Kristus.

Fyrst stå opp, sidan stiga

Jesus stod opp frå dei daude påskedagen og steig opp til himmelen på den førtiande dagen etter oppstoda (uttalt /oppståa/), eller oppstandelsen, som det heiter på bokmål. Såleis fell minnedagen om himmelferda på torsdag i den sjette veka etter påske, den såkalla Kristi himmelfartsdag.

Kvifor Jesus Kristus i genitiv heiter Jesu Kristi, kan du lesa meir om her, og sjølve dagen er grundig omtalt på bibel.no. Nedanfor legg vi berre Kristi fart og stiging under lupa.

Oppstiging eller fart

På engelsk heiter fenomenet the ascension of Jesus, etter latin ascensio. Dette er bokstavleg talt oppstiging, jamfør islandsk uppstigningardagur. På tysk kan ein òg tala om Aufstieg des Herrn (eventuelt Aufname ‘opptak’), men tyskarane brukar helst Christi Himmelfahrt. Vi har ordet himmelfart frå skriftfellesskapet med dansk. Dansk hadde òg synonyma himmelfærd og -flugt, men dei tok ikkje av i si tid.

Ferd eller helg

På nynorsk heiter det tradisjonelt himmelferd (jamfør islandsk himnaför), men minnedagen heiter òg helgetorsdag, etter norsk folketradisjon som var levande i delar av landet til ut på nittenhundretalet. På gammalnorsk heitte det helgiþórsdagr. Svensk har tilsvarande helge/helga torsdag, men fyrst og fremst Kristi himmelfärdsdag.

Fart og fart, fare og fare, fru Blom

Vi brukar sjeldan samansetjingar med substantiv + fart om éi ferd på norsk; vi skil til dømes mellom ei romferd og det meir allmenne romfart. Himmelfart minner om ord som avfart og overfart.

Kor som er: Både fart og ferd heng saman med verbet å fara. I Peters fyrste brev, kapittel 3, står det at Jesus «fór opp til himmelen og no sit ved Guds høgre hand». Fór er brukt i begge målformene. På nynorsk og i mange dialektar seier ikkje dette noko som helst om farten (tempoet), for å fara kan vera eit heilt nøytralt synonym for å dra eller reisa. I moderne bokmål har fór ein annan klang: Anten er det litt høgtidleg, som her, eller så er det meir eller mindre synonymt med fauk.

Eit pauli ord om sprett

I Bibelen er det ikkje berre tale om å fara opp og ned. Som nemnt finn vi det andektige stiga (preteritum steig) hjå Johannes. Andre stader heiter det meir passivt og prosaisk at Jesus vart teken opp (som i Luk 24,51). I Apostelgjerningane (1,9) står det at Jesus vart lyft opp og teken bort av ei sky. Elles har Bibelen få opplysningar om reisemåten og ingen om hastverk. Det finst såleis ikkje noko sakleg grunnlag for å snakka om himmelsprett.

Nett korleis ein har tenkt seg at Jesus fór, er og blir uklårt. Guds vegar er som kjent uransakelege, og Jesu farvegar er ikkje noko unnatak.

 

Oppdatert 19. mai 2020

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:19.05.2020 | Oppdatert:03.08.2021