Korrupsjon

No image

Korrupsjon er opphavleg eit latinsk ord, corruptio. Det heng saman med verbet korrumpere, latin corrumpere, som er sett saman av forleddet com- (cor- framfor etterledd på -r) og verbet rumpere ‘bryte’.

Adjektivet korrupt kjem av perfektum partisipp-forma corruptus av corrumpere. Korrupsjon vil seie å ‘gje eller ta mot eit tilbod om urimeleg føremon knytt til stilling, ombod eller oppdrag’.

Verbet korrumpere tyder ‘å øydeleggje moralsk’. «Korrumperte embetsmenn» er nok oftast korrupte òg, men mange lèt seg korrumpere utan å ta imot pengar for det. Det heiter til dømes at «makt korrumperer». Korrumpere vert i liten grad nytta om handlingar knytte til korrupsjon, i staden nyttar vi verb som bestikke eller mute, smørje og kjøpe. Mute er eit gamalt ord som òg finst i svensk og islandsk. Å mute eller bestikke er ‘å gje hemmelege gåver for å oppnå føremoner’, medan muter og (bokmål) bestikkelser er ‘gåver, pengar som ein gjev i løynd for å påverke nokon til sin eigen fordel’. (Bestikke står i Nynorskordboka, men bestikkelse gjer det førebels ikkje. Eit alternativ er stikkpengar.)

Straffelova skil mellom korrupsjon og grov korrupsjon, og den grove varianten har ei strafferamme på ti år.

 

Publisert 3. februar 2017

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:03.02.2017 | Oppdatert:03.08.2021