Islending

No image

Island er i vinden om dagen, men kva skal vi kalle dei som bur der? Og heiter det i eller Island?

Fotball-EM og presidentvalet har gjort sitt til at Island verkeleg har markert seg i nyheitsbiletet dei siste vekene. Somme har stussa når fotballkommentatorar har nytta ordet islendar (bokmål: islender) om ein person frå Island.

Omgrepet islendar har tradisjonelt vore nytta om ein person frå Island. Det same mønsteret har vi til dømes i nederlendar og finlendar. Attmed desse orda har vi islending, nederlending og finlending. Men nett ordet islendar har òg fått ei anna tyding, nemleg tjukk ullgenser. Er det då slik at ein ikkje lenger kan nytte islendar om personar, berre om genserar?

Det er ikkje feil å bruke islendar også om personen, men vi ser at det har utvikla seg ein klar tendens til å skilje mellom genserar (islendarar) og personar (islendingar), og vi rår til å halde oppe dette skiljet.

Og kvar bur så desse islendingane – bur dei i eller Island? Språkrådet tilrår på Island, i samsvar med norsk tradisjon og tradisjonell språkbruk på islandsk. Du kan lese meir om det her.

 

Publisert 1. juli 2016

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:01.07.2016 | Oppdatert:04.08.2021