Au pair

No image

Ordninga med au pairar i Noreg har kome i søkjelyset att. Aupairordninga gjer det mogleg for utanlandsk ungdom å kome til landet vårt og arbeide i norske vertsfamiliar. Kva slags ord er eigenleg au pair, og korleis bøyer og uttalar vi det?

Au pair er fransk og tyder ‘på like fot, på like vilkår’. Tanken bak ordninga er opphavleg ‘like for like’. Au pairen utfører arbeid i heimen og får kost, losji og lommepengar tilbake i eit rimeleg byteforhold. Det er meininga at ungdom som arbeider som au pair, skal behandlast som familiemedlemmar og ikkje som tenarar. Ordninga er også definert som kulturutveksling i Europarådets konvensjon av 24. november 1969. Noreg ratifiserte konvensjonen i 1971.

Ordet au pair blir brukt både om sjølve ordninga og om ungdommane som arbeider innanfor ordninga. Den fyrste tydinga er eldst. Det er om lag hundre år sidan omgrepet vart kjent her i landet, jf. desse lysingane i høvesvis Aftenposten frå 1909 og Morgenbladet frå 1910.

Aftenposten 1909

Morgenbladet 1910

Lysinga i Morgenbladet er kanskje det fyrste dømet på at ordet er integrert i ei norsk setning.

Det er vanleg å uttale ordet /åpæ´r/, altså som eitt ord med trykk på siste stavinga, som i fransk.

Vi bøyer ordet som eit vanleg hankjønnssubstantiv: au pairau pairenau pairarau pairane (i bokmål er fleirtalsformene au pairer og au pairene). Legg merke til at det ikkje skal vere bindestrek eller apostrof føre endingane.

Samansetningar med au pair skal skrivast i eitt, utan mellomrom eller bindestrek: aupairkontrakt, aupairsystem, aupairvisum. Denne regelen gjeld samansetningar der føreleddet er eit uttrykk som elles blir skrive i meir enn eitt ord: godnattsang, sanktbernhardshund, sciencefictionroman osb.

 

Kjelder: Store norske leksikon, Oxford English Dictionary, Nasjonalbiblioteket

---

Foto: Christer – In For Baby Swim? (Lisens: CC BY-SA 2.0).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:19.06.2015 | Oppdatert:11.08.2023