Advent

No image

Advent i vår næraste kulturkrins er som kjent dei siste vekene med ventetid føre jul og dessutan dei fyrste vekene av kyrkjeåret.

Ordet advent kjem av latin adventus Domini (eller Christi), det vil seia ’Herrens (eller Kristi) kome’. Adventus er prefikset ad- ’til’ pluss ei avleiing av verbet venire ’å koma’. Leddet -vent har altså ingenting med venting å gjera! Det er Herrens «tilkome» det handlar om. I eldre biblar heitte det såleis (i Jak 5,8) at «Herrens tilkoma er nær», men no heiter det «Herren kjem snart» (bokmål: «Herrens komme er nær» > «Herren kommer snart»).

Rett som det er får Språkrådet spørsmål om uttalen av advent: Ligg trykket på fyrste eller andre stavinga? Andre gonger spør folk om advent skal ha -s- i samansetning. Begge desse spørsmåla har vi prøvd å svara på i denne artikkelen i svarbasen vår. Høgst temperatur har spørsmåla om julekalender og adventskalender – her er frontane steile og julestemninga ofte heilt fråverande. Eit tilskot til forsoning finn du i den same svarbasen.

Vi ynskjer lesarane ei fredeleg førjulstid, kanskje i selskap med vår eigen adventskalender – eller julekalender, om du vil.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:02.12.2020 | Oppdatert:28.11.2022